Exit

Oddmund Garvik (garvik@wanadoo.fr)
Sat, 7 Nov 1998 20:01:39 +0100 (MET)

Eg blir diverre nøydd til å trekke meg attende, ikkje fordi eg mislikar
KK-forum, men fordi eg har dårleg råd. Eg tener mindre i året enn mange av
dykk har i månadsinntekt, og må nok prioritere andre ting...

Mange av diskusjonane her er rett nok litt perifere og ørkeslause, men
KK-forum er trass i alt det einaste oppegåande, virtuelle, norske
diskusjonsforumet eg veit om. Kanskje eg kjem attende ein dag?

Eg er langt frå Noreg, og merkar at eg har mist grepet på den norske
røyndomen. Det kan hende eg overdriv når eg kritiserer den norske
tenkjemåten, men i mange år har eg tykt det var noko ufatteleg verdsfjernt,
småleg, og sært over denne. Det slo meg nesten av pinnen då eg like før jul
i 1983 kom attende frå krigen i Libanon. Ikkje lenge etter reiste eg frå
landet for godt.

Frankrike har sine dårlege sider som alle land, men det er friare her, og meir
openhjarta. Det er eit land med mange fargar, og meir menneskeleg atmosfære
på ein måte. Og så er klimaet mykje betre. Eg dreg på åra, og tenkjer med
gru på all den gikt, og ryggplage eg sikkert hadde hatt, om eg hadde blitt
verande oppe ved nordpolen.

Eg sender dykk alle dei beste ynskje for vinteren, og vonar de kjem dykk
velberga gjennom det merkantile misbruket av vinterblotet. Tenk på dei som
ikkje er så heldige. Tenk på Nicaragua og Honduras. Send ein liten slant om
de har ein til overs. Meld dykk på i eit hjelpeteam, og reis ned om de er
unge og spreke, og kan dra på kort varsel. Å hjelpa medmenneske i naud er
noko av det mest nyttige, gjevande og lærerike ein kan gjera i livet, anten
det er i sitt eige land, eller på den andre sida av kloden.

Eg går ut frå at det finst norske hjelpeorganisasjonar på veg, eller alt
framme kanskje. Skulle det ikkje vera slik, går det alltid an å kontakte:

"Médecins Sans Fronti=E8res" http://msf.org/

eller

"Action contre la Faim" http://www.acf-fr.org/eng/recrut.htm

Med helsing

Oddmund Garvik