Hakker og spader

Oddmund Garvik (garvik@wanadoo.fr)
Sat, 7 Nov 1998 17:11:41 +0100 (MET)

Midt oppi all kvekkinga i den norske andedammen, midt oppi kakofonien frå ei
ravande "nei-regjering", midt oppi bråket om den store, norske merkesaka,
veterinæravtalen, syner verda fram bilete som kallar til meir audmjuk
refleksjon. Menneskelege verdiar som kryssar landegrenser, som trassar
forbeina nasjonalisme, og som set ting i relieff.

For eit gap det er mellom dei middel stormaktene er i stand til å stable på
beina, og den elendige innsatsen dei gjer i Honduras!

Det finst land som berre blir kjent for verda gjennom ulykker. Honduras -
hovudstad Tegucigalpa - er eit av dei. Sidan byrjinga av veka har dette
vesle landet i Mellom-Amerika kome fram i dagen som eit gapande sår:
Gripande bilete av born som med forferda augo streifar omkring i gjørma, og
på den utrasa jorda der foreldra deira sokk og forsvann; bustader som er
bretta i hop som pappesker; flomherja landsbyar og marker; makteslause
redningsmannskap som flyr over helvetet i dei få helikoptra som finst i
landet.

I nabolandet Nicaragua, der eit vulkanutbrot og jordskjelv har herja
i tillegg til orkanen Mitch, ser ein dei same fryktelege scenane, lik som
flyt i vasskorpa..., og overalt den same fortvila situasjonen, den same
kapasitetsmangelen frå styresmaktene si side. Kvar dag blir lista over offer
lengre, og reduserer håpet om å finne att levande i den flytande gjørma.
25.000 døde, eller meldt sakna: Overslaga fem dagar etter at Mitch braut laus
risikerer å bli sprengde. Svolten, og epidemiane risikerer å gjera enda
meir vondt blant dei 3 millionar skadelidne.

Mellom-Amerika har opplevd den verste tragedien i dette hundreåret.
Konsekvensane, som det førebels er vanskeleg å setje opp reknestykke over,
kjem til å merkast for lang tid framover. Den kolossale menneskelege,
økonomiske, og økologiske katastrofen i Honduras, Nicaragua, Guatemala,
og Mexico avslører den groteske forskjellen det er mellom landa, alt etter
økonomisk utviklingsnivå, stilt ovanfor klimaendringar, vær, eller seismisk
aktivitet. Høljeregn, veldige vindkast, og jordskjelv gjer meir vondt i
Honduras enn i Florida. I den sørlege delstaten i USA, der Mitch også
passerte, blir skaden som han førte med seg - straumbrot, øydelagde tak, velta
tre - fort reparert og gløymt.

Det er korkje lagnaden, eller gudane sin straffedom som plagar folket i
Mellom-Amerika, men uroa over ein internasjonal orden som aukar det sosiale
gapet mellom Nord og Sør. Alle desse statane deler på fattigdomen, som dei
har til felles, og som er resultatet av råvareplyndringa til dei
transnasjonale, nordamerikanske selskapa, og statusen som USA sin bakgård.
Denne blei lenge halden ved like under åket av marionettdiktatur. Historia
til Honduras, der 80% av folket lever under fattiggrensa, er ei lang rekkje
av statskupp, bølgjer av undertrykking mot folkelege oppstandar, og
grensekonfliktar. Den lange regjeringstida til Somoza raserte Nicaragua, på
same vis som jordskjelvet, som øydela hovudstaden, Managua, i 1972.

Korleis er det mogleg ikkje å bli gripen av det utrulege gapet mellom
teknologien som stormaktene er i stand til å stable på beina, særleg i
samband med militæroperasjonar, og den elendige innsatsen som hittil er
gjort i eit land som er heilt øydelagt av naturkatastrofe? I dag tel kvar
time. Når menneske slost mot døden med hakker og spader, er mobiliseringa av
det internasjonale samfunnet ei humanitær plikt for alle.

Oddmund Garvik

PS:
Sjølvsagt får Aftenposten til å snakke om:

"Amerikansk innsats: En gruppe amerikanske spesialutsendinger under ledelse
av visepresident Al Gores hustru Tipper skal i neste uke besøke Honduras og
Nicaragua for å skaffe seg oversikt over skadene."...