Re: Neisidas strategi frametter

Pål Hellesnes (paal@feskar.net)
Thu, 19 Jun 1997 09:38:09 +0100

>Man kan jo spørre seg om ikke Nei-sida hadde vært tjent med å stille
>til valg i form av et (tverr)-politisk parti hvis eneste oppgave var å
>stille et (kritisk) søkelys på Stortinget- og regjeringas behandling
>av Eu-spørsmål. Jeg tror det vil være dødfødt å legge dette ansvaret
>over på noen av dagens partier, SV, SP og RV inkludert, da disse er
>for "farget" av særinteresser og politiske ståsted til å ha noen
>spesielt bred appell. Rent praktisk kunne et slikt "parti" bli
>organisert ved at det ble stilt lister i de forskjellige fylkene,
>gjerne med en lokal profilering av saker, men forpliktet om å
>samarbeide når de først er valgt inn på tinget.
>
>Noen kommentarer til dette?

Eg trur dette er umogleg, og ikkje ønskeleg. Det er det fleire grunnar til:
-Det er ein grunn til at vi har mange politiske parti i Noreg. Parti er
berre dei organisatoriske ytringane for forskjellige klasser sine
intereser, og konkurrerande ideologiar. Det er mykje som skillar t.d. SV og
V, sjølv om det berre er ein bokstavs forskjell. Desse er både to
NEI-parti, men medan Venstre er for EØS, og vil i regjering med Høgre, er
SV mot EØS. Sp vil vera med i Nato, medan RV vil ut. Krf er for det nye
kristendomsfaget, RV er mot. Dette er nokre få døme. Hovudsaken er at det
er flusst av politiske skiller mellom folka i dei forskjellige Nei-partia.
Ikkje berre det, men dei representerer og forskjellige klasseinteresser. Så
kan ein seia at Nei-partiet kunne vera ein slags einskapsfront for
arbeidarar og bønder, men den analysen er truleg RV ALEINE om. Dei andre
partia inneheld ikkje 100% nyttige idiotar, og vil ikkje la seg bruka til å
fremje andre interesser enn sine egne. Dette "Nei-partiet" vil vera splitta
i ei rekke store spørsmål, og vil nytta store delar av tida til å krangla
innad.
-Partiar organiserast ikkje over natta. Om eit parti skal vaksa fram fort,
må det vera ei stor masserørsle som føler at deira krav ikkje vert teke
vare på av dei etablerte partia. Sånn er det ikkje i dag - dei fleste
politiske standpunkt har eit parti som jobbar for dei.
-Det er stor tregskap i systemet. Partia i e det kapitalistiske Noreg er ei
stige for mange folk opp til maktas tinder. Gjennom å jobba i partiar får
folk privilegiar, gode kontaktar, gode løner osb. Dette gjer at folk er
lojale mot partiet dei allereie er med i. Med andre ord, så vil alle dei
etablerte partia truleg slåss med nedd og klør mot eit nytt "Nei-parti",
eller det vil finnast store klikkar i partia som vil freista å sabotera
"Nei-partiet" for å halda på sin eigen posisjon.

BEg trur Neisida mp satsa på SAMARBEID, og då særleg gjennom den store
fronten - Nei til EU, for å vinna fram. Og då kjem vi til kjerna: KVAR ER
NEI TIL EU?
EG jobbar for tida som journalist, og held meg ganske bra oppdatert, men eg
har ikkje sett noko særleg til NtEU under den store Schengen-strida som har
vore. Her ligg hunden gravlagt, spør du meg.

Kameratsleg helsing

Pål

----------------------------Power to the people-----------------------------

I work at:
Paal Hellesnes Radio RV
Drillveita 4 n-7012 Trondheim PB 4443 n-7002 TRONDHEIM
Tlf: (access code) 477 350 9705 (access code) 477 351 2371

------------------------------------------------------------------------------
=07