Eufemisme

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Thu, 19 Jun 1997 10:00:12 +0200

"Legge til grunn" = håpe, late som vi trur (i daglegtale bløffe eller
lyge). Brukt av politikarar og byråkratar. Justisdepartementet "legg til
grunn" at Noreg sjølv får bestemme kvar fiskebåtar kan gå i land under
Schengen-regimet, trass i at traktaten slår fast at dette ligg til
Eksekutivkomiteen.

"Nordisk samarbeid" = styrking av banda til EU når det passar slik.
Brukt av politikarar på ja-sida. Eksempel: Interessa for Nordisk Råd
vart nyvekt frå norsk side då vi vart ståande utanfor EU og dei andre
(bortsett frå Island) gjekk inn. Nyleg har politikargjengen t.o.m. feira
Kalmar-UNIONEN. Derimot er dei ikkje interesserte i nordisk pass-
samarbeid som alternativ til Schengen.

Lars Staurset