Re: AKP og Klassekampen

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Wed Jan 12 2000 - 20:26:34 MET


Le mer, 12 jan 2000, Erik Ness a écrit :

> Jeg registerer at denne debatten ikke tenner. Ingen har lest avisa og gitt
> en kjapp rdegjørelse for hva de synes.Ingen har kommentert det jeg skrev. Da
> blir det vanskelig å ta "kritikken" på alvor.

Dette er då strålande takter frå sjølvaste presidenten i "Klassekampens
Venner". Kva er det han furtar etter? Kven har ikkje kome med forslag og
innfallsvinklar som fell på steingrunn? Livet går vidare, Erik Ness.
Problemet er at Klassekampen sitt lesargrunnlag skrumpar inn (av meir og
mindre synlege årsaker), og det er kanskje på høg tid å tenkje over dette
utan fordomar.

I staden står representantane for majoritetseigaren fram og let som om alt
er i orden - "Klassekampen er Norges beste avis" osb. Tar de dei andre rundt
dykk for idiotar, eller har de stengt dykk ute frå verda og røyndomen for
godt?

De kan sjølvsagt halda fram med å oversjå kritikken av avisprosjektet
Klassekampen, eller karrikere denne. Men same korleis ein snur og vender på
det, finst det eit problem med aukande mangel på entusiasme og støtte frå dei
som i mange år har vore KK sitt "omland". Klokkene ringer for Klassekampen,
og etterpåklokskap er berre for dårer.

Eg gir ein blanke i debatten om kven som er revolusjonære, kvem som er
kommunistar, eller kvem som ikkje er det. Dette interesserer ikkje det store
fleirtalet av lesarane, og enda mindre potensielle lesarar av ei avis for
"heile venstresida". Eg skulle ønskje at det fanst meir fargerike og levande
idear om avisa Klassekampen. I staden får me servert denne stinkbomba:

> Det er der vi har noe felles - nemlig at vi ser muligheten for en
> konstruktiv diskusjon om dette med de samme deltakerne og de samme
> diskusjonsmåten - som håpløs.
>
> Forskjellen er at jeg ikke gidder.

Slik kan knapt nok biskopar tale. Biskopane i AKP kan no berre sitje der,
eller lata seg rive med av diskusjonar som kanskje er "interessante" i seg
sjølv, men som har lite med KK å gjera. Me veit om lag like lite om framtida
som fuglane veit om ornitologi, for å vri litt på eit kinesisk ordtak.

Eg ser elles at Bismo fylgjer opp "religionsdebatten" med like lite
interessant nytt. Er han framleis i Marokko, hadde det nok vore betre å ta
seg ein tur i casbah'en.

> Spoersmaalet er hva slags avis vi trenger. Slik situasjonen er naa, med en
> temmelig slapp venstreside og generelt liten stoette til radikal
> virksomhet, kan ikke en alt for agiterende avis overleve (det var jo derfor
> for eksempel den danske IS-avisa gikk i dass). Men i lengden tror jeg vi
> trenger en langt mer agiterende avis enn det KK er i dag. Da blir
> spoersmaalet i hvilken grad en slik konstellasjon kan vaere agiterende i
> samme retning, for eksempel i spoersmaal som angaar kvinnekamp, hvor AKP og
> IS har temmelig ulikt syn. Den vil ikke kunne vaere like krass. I lengden
> trenger vi mer et Pravda enn et Information, om du forstaar.

Dette er det ikkje vanskeleg å forstå. Dersom det er AKP sitt offisielle
syn som her stig fram mellom linjene, stadfester det noko eg har tenkt
lenge. Bismo set ord på det... "Vi (AKP) trenger mer et Pravda enn et
Information"... Då er saken biff, som han sjølv seier i signaturfila si.
Då er det berre å leggje inn årene og lata skuta sigle sin eigen sjø så
lenge det går.

Eg sit i Utkant-Frankrike og diskuterer ei avis som ikkje har noko å
seia for mitt dagleg liv og brød. Kvifor? Fordi dersom avisa forsvann på
grunn av vanstyre, ville alle morgonane eg stod grytidleg opp for å selje ho
framom fabrikkportane i Bergen, og alle tusenlappane som gjekk til dei
forskjellige fonda, vera definitivt bortkasta. Eg likar ikkje å øyde bort tid
og pengar, enda eg ikkje bryr meg så mykje om slikt. Dette er mitt personlege
forhold til Klassekampen i dag, men det finst dei som har det mykje verre enn
eg...

Ta dykk saman, AKParar! Tenk over alt som blir skusla bort om de held fram
som de stemner.

Oddmund Garvik



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:56 MET