Sv: Re: Om AKP i KK-debatten

From: Arne Apold (aapold@c2i.net)
Date: Fri Jan 07 2000 - 21:57:24 MET


Det er med ulyst eg gjev meg inn på ein debatt om AKP. Dels fordi eg meiner
ikkje å ha noko usnakka med partiet, dels fordi eg ikkje ser at mine
grunnar for å forlate partiet skulle ha nemnande offentleg interesse. Dels
fordi eg ser denne debatten som eit sidespor i høve til debatten om KK. Men
å ikkje svare i det heile er og eit svar. Derfor dette seine og ikkje
fullgode svaret på spørsmål Anders Ekeland stiller.

Anders Ekeland går ikkje utan vidare med på at AKP sin tilbakegang i seg
sjølv er eit argument for at prosjektet er dødt, i det han skriv:

> ..... Da ville fagbevegelsens/miljøbevegelsens tilbakegang de seinere åra
>være et argument for at det var et dødt prosjekt. En vedvarende tilbakegang
>må forklares ut fra AKPs politiske grunnlag.

... og praksis, kunne det vere freistande å leggje til. I utgangspunktet
skal eg elles gje Anders Ekeland rett i det han skriv. Men eg har lyst å
leggje til at ein organisasjon må kunne prøvast mot sine eigne mål. Og at
om tilbakegangen er stor nok, må det i seg sjølv gje grunnlag for å stille
spørsmål ved heile prosjektet. Kva gjeld fagrørsla/miljøorganisasjonar vil
vel dei fleste vere samde i om at dei på mange måtar fører ein defensiv
kamp. Slik sett er ikkje tilbakegang tilstrekkeleg til å erklære prosjekta
for tapte. Eit anna eksempel: Sionismen har, enkelt sagt hatt som mål å
samle jødane i verda i ein stat. 50 år etter opprettinga av den sionistiske
staten Israel, 100 år etter sionismen som ide såg dagens lys, har denne
politiske rørsla berre klart å samle eit mindretal av jødane i verda
innanfor statsdanninga (omlag 25% i 1984). Ut frå det påstår eg at
sionismen som politisk mål har spelt fallitt. Vurdert mot sine eigne mål.
At det politiske prosjektet sionismen elles fekk konsekvensar som er
uakseptable, skulle vere vel kjent for KK-forum sine lesarar.

Kva så med AKP? 27 år etter at partiet vart skipa står det grovt sagt att
med avisa Klassekampen. Avisa på sitt beste har partiet grunn til å vere
stolt av. Men for eit parti som proklamerte seg sjølv som ein arvtakar
etter tidlegare revolusjonære rørsler, som eit parti av ein ny type bør det
vere problematisk at det ikkje har klart å gro røter i arbeidarklassen
(jamfør industristaden Odda der partilaget vart lagt ned på 90-talet). Det
bør vere problematisk at partiet ikkje har klart å vise i praksis kva dei
meiner med eit parti av ein ny type, at partiet ikkje har klart å ta vare
på medlemsmassen. Kor mange som måtte ha gått ut er vanskeleg å vite, men
truleg er det eit forsiktig overslag om eg påstår at medlemstalet i dag er
under halvdelen av kva det har vore. Sikre tal om dette er det vel elles
berre overvakinga og sentrale folk i partiet som har. Eg vil halde fast ved
at ein slik tilbakegang i seg sjølv burde gje grunn til å stille spørsmål
ved heile prosjektet.
Kva er så grunnane til at medlemmer har gått ut. For nokon sin del er
svaret politisk usemje, for andre kanskje meir ei kjensle av å gå lei. Men
felles for begge desse gruppene vil vere at dei mista trua på prosjektet.
Er så dette igjen tilstrekkeleg til å erklære det for dødt? Ikkje
nødvendigvis dersom partiet kunne vise til at ein ny politisk forståing,
ein ny praksis som igjen førte til ny tilslutning. Men eg ser ikkje noko
som skulle tilseie noko slikt. Med i dette bilete høyrer og at partiet
aldri, det eg hugsar (fram til 1989-90?) diskuterte utmeldingane, aldri
stilte spørsmål ved om det kunne vere noko ved det politiske grunnlaget
eller praksisen som gjorde at så mange sa takk for seg. På eit ope møte i
Bergen, eg trur det må ha vore tidleg på 90-talet, vart spørsmålet om kva
som gjekk galt med prosjektet AKP stilt. På møtet var både gjenverande og
tidlegare medlemmer tilstades. Spørsmålet fekk aldri noko svar. Partiet har
hatt, og har framleis dyktige folk med stor personleg tillit, og
integritet. Men prosjektet AKP har i mine augo mislukkast.

Anders Ekeland reiser og eit anna spørsmål, idet han skriv:
>b) at de tidligere AKP'erne ikke ble tvunget til å argumentere grundig,
>tvunget til å studere den kommunistiske/sosialistiske bevegelsens historie,
>tunget seg selv utarbeide alternative strategier/visjoner for
>sosialismen/partibygging osv.

Det er sjølvsagt eit tankekors at i det ein forlet AKP mista ein og litt av
trua på mulighetene for den revolusjonære rørsla. I den grad AKP vart
identifisert med det å vere revolusjonær, la ein begge deler bak seg, ved å
gå ut. Så får det stå som eit moralsk spørsmål i kva grad kvar enkelt av
oss skulle kjenne seg forplikta til å "...selv utarbeide alternative
strategier/visjoner for sosialismen/partibygging osv." Dag Solstad har
kanskje oppsummert kva som er ståstaden for mange av oss når han let
gymnaslærar Pedersen uttale at han ikkje vil vere ein kvit mann.
I ei verd der avstanden mellom dei som har for mykje og dei som har for
lite berre aukar, synest det å vere eit anstendig politisk prosjekt.

Arne Aplold



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:53 MET