Re: Y2K-problem bak togkatastrofen?

From: Oddmund Garvik (garvik@mail-vip.worldonline.fr)
Date: Wed Jan 05 2000 - 10:28:50 MET


Le Mer, 05 Jan 2000, Bjarne Naerum a écrit :

> Skulle det da likevel skje, at dataproblemer rundt årsskiftet fikk
> tragiske konsekvenser -- som den verste togulykka i Norge til nå?
>
> --------------------
>
> Vi ser altså her at dataproblemer ved årsskiftet nå bekreftes.

Det ville vera lettvint og "bedageleg" for NSB og Jernbaneverket å
skulde på år 2000 og datamaskiner. Ser ein nærare etter, forstår ein at
det er lite truleg, og at det nok ein gong er ei rekkje av "uheldige"
faktorar, sjansespel og dårlege rutinar som ligg bak denne tragiske
ulykka.

I den rike oljenasjonen blir tryggleiken som vedkjem vanlege folk
nedprioritert. Det er ikkje pengar det står på, det er vilje - politisk
vilje. Til sjuande og sist er det snakk om menneskesyn.

Ein ting er at ein ikkje ser seg råd med dobbelt skinnenett i landet
der olja flyt, og rikdommen nesten er bespotteleg. Men når ein ikkje
ein gong ser seg råd til å installere basale sikringssystem, som ATC
(Automatic Train Control), er det noko som skurrar. Det heiter seg
sjølvsagt alltid at pengane er på veg, er bevilga osb. Jernbaneverket
seier at: "Rørosbanen er ikke utstyrt med ATC, men det er bevilget
penger både for inneværende år og neste år for å starte arbeidet med å
utruste Rørosbanen med ATC. Utbyggingen av dette systemet på
fjernstyrte strekninger startet i 1980 og er således ennå ikke
fullført. " Det har altså gått tjue år, og dei er enda ikkje ferdige...
Er då jernbanenettet i Noreg så stort og uoverkommeleg?

Les elles kva Jernbaneverket skriv under tittelen " Flere
sikringssystemer ved jernbanen" :

http://www.jernbaneverket.no/incoming/article.jhtml?articleID=319037

Dei har ikkje ein gong radiosamband med togleiinga! Nei, dei fiklar
med ein skarve mobiltelefon som attåt ikkje skal "brukes til å gi
kjøretillatelser, men til nødmeldinger og generell informasjon." ...
Det skulle ta seg ut om deler av flytrafikken t.d. fungerte likeins.

Dei vil nok prøve å vri seg unna denne gongen som før. Dei kjem til å
hulke framom mikrofonar og kamera ei stund. Det kjem til å
bli skrive meterlange rapportar der ansvarsforholda smuldrar opp i
ingenting. Det var diverre berre ei fatal hending...

Her til lands slit me med oljesøl langs store deler av
Atlanterhavskysten, etter at ein tretti år gamal papirbåt, under
"bekvemmelighetsflagg" (Malta) og med underbetalte slavar frå den
tredje verda, forliste for nokre veker sidan.

Den indiske kapteinen blei arrestert, og forsøkt gjort til syndebukk,
men det blei for grelt. Han blei sluppen ut att.. Rederiet er
"virtuelt", og eigaren av olja, dei ansvarlege, det søkkrike
oljeselskapet Total (+Fina/Elf), tar det heilt med ro. Det ventar på at
stormen går over.

Det er ikkje eigarane, dvs. aksjonærane som brettar opp armane og
ryddar opp. Nei, det er hundrevis av friviljuge som nok ein gong
stiller opp - slike som tykkjer det er for jæveleg å sjå at strender og
natur blir øydelagd på denne måten. Og 21 år etter det katastrofale
forliset til Amoco Cadiz, har ein ikkje funne andre metodar enn
regntøy, gummistøvlar, river og spader som no blir delt ut til ubetalt
friviljug mannskap, kystfolk og naturvener. Ein har satelittovervaking
til dei utrulegaste oppgåver, men når det gjeld å detektere oljesøl,
nyttar ein "gode, gamaldagse" metodar: visuelt søk frå båtar og fly, og
så er jo alle i stand til å sjå olja når ho til slutt veltar inn over
strender og svaberg.

Lat oss vone at dette får opp augo til folk. Lat oss vone at alle som
er i stand til å sjå kva som ligg bak desse "fatale" hendingane, også
er i stand til å overtyde så mange mange som råd om at det er systemet
det er noko gale med, "le capitalisme sauvage", den ville jakta på
profitt koste kva det koste vil.

Oddmund Garvik



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:52 MET