Ei framtid utan Klassekampen?

From: Arne Apold (aapold@c2i.net)
Date: Wed Dec 29 1999 - 19:45:03 MET


Å lese Klassekampen er, i beste fall ei blanda oppleving. Sjølv har eg vore
abonnent stort sett samanhengande sidan hausten 1973, men no vurderer eg å
avslutte forholdet mitt til avisa. Som kjent er det slik med alle
kjærleiksforhold at dei kan slå over i sin motsetnad. Det beste eg kan seie
om Klassekampen for tida er at eg vert provosert av mangel på kvalitet kva
gjeld alt for mykje av det som kjem på trykk. Eg skal prøve å vere meir
konkret, men problemet med kritikken min er at eg ikkje systematisk har
tatt vare på slikt eg meiner er for dårleg. Men like fullt, i stikkords form:

Redigeringa: Avisa synest til tider å vere redigert ut frå kva saker ulike
vener av avisa måtte ha lyst å skrive om. Eg saknar ein tydeleg, overordna
tanke bak stoffvalet. I tillegg er avisa til tider overfylt med
NTB-meldingar. Eit uttrykk for at avisa slit med knappe ressursar,
sjølvsagt. Men kven vil i lengda betale bortimot 2000,- kr i året for å
lese NTB-meldingar?

Kulturstoff: Litteratur er det feltet innan kultur som interesserer
underteiknande mest. I haust kom ein biografi om Tor Jonsson som har fått
brei omtale. Sjølv har eg med interesse lest både bokmelding og intervju
med forfattar i Bergens Tidende og i Dag og Tid. Meldinga i KK var slik at
eg la den vekk etter å ha lese eit par avsnitt. Provosert av innhald,
provosert av formidlingsmåten.
Ei anna av hausten sine bøker som fortener merksemd er Frode Grytten sin
Bikubesong. Klassekampen synest først å ha oppdaga boka etter at
forfattaren var tildelt Brageprisen. Problemet er berre at det er av
avgrensa interesse å lese ei bokmelding lang tid etter at andre media har
omtalt boka.
Sjølvsagt handlar dette om manglande ressursar, sjølvsagt skulle
redaksjonen ønskt at dei kunne formidle ferske bokmeldingar. Men samstundes
vert det eit spørsmål om det er verd å abonnere når stoffet er så mangelfullt.

Politikk. Det politiske stoffet er så altfor forutseieleg. Så politisk
korrekt. Så lite spanande. Debattspalta er i beste fall kjedeleg. Slik har
den vore sidan debatten omkring redaktørskiftet vart stoppa. Ein som sjølv
til tider skriv debattinnlegg/artiklar på vegne av ulike organisasjonar
skulle kanskje ikkje seie slikt: Men at organisasjonen Leve Katten meiner
det er for mange hundar i landet, høyrer snautt med mellom det mest
spanande lesestoffet. Til tider er det einaste ein finn i debattspalta
forutseilege meldingar frå ulike organisasjonar.
Anna stoff. For tida har avisa ei spalte kalla Jul i Ålesund. For alle oss
som hugsar Helgheim sine rapportar under vignetten Jul i Jølster, er
Ålesundsjula berre pinleg. Og snautt nok verd å nemne.

Er så alt stoff berre dårleg? Magnus Marsdal har ein skarp penn i eit elles
traurig landskap. Spaltisten Magnar Mikelsen skriv levande om kvardagar, om
små og større spørsmål. Andre gjesteskribentar kunne vore trekt fram.
Spørsmålet er berre om desse heiderlege unntaka er tilstrekkeleg til
framleis å betale for avisa. Ei for tida tynn avis der manglane er så
altfor synlege
Prøv å tenke deg den norske avisfloraen utan Klassekampen, har lenge vore
det klassiske argumentet for å stø avisa . I dag er eg ikkje sikker på om
overgangen vil vere så stor: Frå botnen av avisbunken til at avisa uteblir.

Arne Apold, Bergen.



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:49 MET