Sluttsvar om 2000- og 2038-problema (var:Re: Tosiffertabbe til 5000 Giga)

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Mon Dec 06 1999 - 09:11:47 MET


Forstår eg Bjarne Nærum rett, så meiner han framleis at programmerarane
så tidleg som i 70-åra burde ha brukt firesifra årstal, trass i dei
enorme ekstrakostnadene som eg har peika på i fleire innlegg. I så fall
er vi usamde om det. Han kallar tosifra årstal ein "tabbe", men han har
ikkje gått inn på situasjonen den gongen og argumentert for synet sitt,
bortsett frå å sitere to personar som ville bruke fire siffer. Mange
tenkte det same som dei, men visste at det måtte bli med tanken.

Det som hende vidare (80- og 90-åra), trur eg vi er samde om, så det
hoppar eg over no.

> >19. januar 2038 kjem mange
> >datasystem til å få problem, fordi det teljeverket som tel sekund etter
> >1. januar 1970 går fullt på den dagen. (Sjå f.eks.
> >http://www.howstuffworks.com/question75.htm.) Når passar det å ta *det*
> >problemet alvorleg?
>
> Ja, hva mener du, om DU da tar dette alvorlig?

2038-problemet kan løysast teknisk med 64-bitars prosessorar og ditto
programvare, som kjem for fullt om nokre år. Denne teknologien er ikkje
ferdig til bruk enno, og slik sett minner situasjonen om 1970-talet og
dei tosifra årstala. (Forslaget til Jon Ivar Skullerud ser litt for
enkelt ut for meg, iallfall godtek ikkje kompilatoren min det. Korsomer,
berre eit fåtal brukarar kan gjere det slik - for dei ca. 99,99 % som
installerer ferdigkompilert programvare og ikkje har noko forhold til
__time_t, kjem ein distribusjonsjobb i tillegg.)

No er 2038 langt fram i tida. Dei PC-ane og programma vi bruker no, vil
vere skrota mange år før (bortsett frå på Teknisk Museum, Riksarkivet og
nokre slike stader). Så kanskje vi ikkje treng å gjere noko?

Problemet i 2038, som i 2000, kan vise seg å bli dei såkalla innkapsla
systema (også kalla "svarte boksar"). Datamaskinar spreier seg overalt.
Den største og mest uoversiktlege spreiinga er dei vi ikkje ser, og
ikkje tenkjer på som datamaskinar. Ta for eksempel bilar som er nye no
og dei næraste åra, og som har datastyring av motor, utveksling,
førarinformasjon m.m. Om tretti år blir dei veteranbilar, og eigarane
ønskjer kanskje å bruke dei i mange år enno. Vi kan også lure på korleis
veteranlokomotiv, veteranfly og veteran-atomkraftverk vil fungere, og
kva med den datastyringa som etter kvart blir ein del av infrastrukturen
i heimane til folk?

Innkapsla system finst det store mengder av alt no. Dei utgjer ein svært
stor del av 2000-problemet, rett og slett fordi ingen har fullt oversyn
over dei. Dei er ikkje tilgjengelege med skjerm og tastatur, kjeldekode
og dokumentasjon har i mange tilfelle gått tapt, og komponentane er av
andre typar enn i PC-ane.

Ut frå 2000-røynslene trur eg at det viktigaste no er å halde oversyn
over det neste datoproblemet. Å løyse det vil nok menneska på 2030-talet
greie heilt fint, så sant vi etterlet oss opplysningar om kvar vi har
brukt 32-bitars tidsrekning - og så sant samfunnet elles fungerer på den
tida, og ikkje har gått under i klimaproblem og krig.

> Men hva med din egen posisjon, Staurset? Jeg opplever den som en klar
> forsvarsposisjon, der du svarer småsurt på all kritikk, som om du tok det
> hele personlig. Jeg opplever dessuten det du gjør som et beklagelig bidrag
> til en fra før av altfor sterk og beklagelig myte: At alt som har med IT å gjøre
> knapt kan fattes og langt mindre kritiseres av vanlige folk, fordi alt dette er så
> altfor komplisert og umulig å forstå -- langt mindre styre og forandre på.
 
For ei tid sidan dukka det opp nokre merkelege synspunkt her på
KK-forum. M.a. var det ein som skreiv at
> Y2K eller "år 2000-problemet" er et vanvittig og relativt
> idiotisk pengesluk av en annen verden.
og at
> ...det er idiotisk å bruke offentlige milliarder
> på denne måten...

Nokre av oss prøvde å forklare med vanlege ord for "vanlige folk" (?)
kva problemet går ut på, og kvifor det er viktig å løyse det. Dette har
tydelegvis ikkje gått inn hos alle. Eg blir litt oppgitt over ein
skråsikker debattant som er rikare på meiningar enn på kunnskap, og som
tek oppatt og oppatt dei same synspunkta utan å ta stilling til
motargumenta. Derfor avsluttar eg for min del no.

Helsing Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:45 MET