Re: "Fint og mildt"?

From: \\yvind Seland (oyvind.seland@geofysikk.uio.no)
Date: Mon Dec 06 1999 - 08:56:31 MET


Karsten Johansen skreiv:

>(Aftenposten). 200 m/s tilsvarer 1 km på 8 s dvs. 450 km/time. De
>verst orkaner og taifuner i de tropiske hav kommer opp på omlag 300
>km/time..."Politiken":

Neppe, det ville i såfall vere ein stor sensasjon sjølv innanfor
forskning. Eg trur avisa har blanda saman km/t og m/s
200 km/t er 55 m/s og det stemmer betre med at ein har målt 47 m/s
i Esbjerg. (Detalj 200 m/s er 720 km/t)

Det kan hende at dei aller kraftigaste tornadoane kjem opp i
200 m/s, men då har ein som regel ikkje utstyr til
å måle det, men må gjette vindhastighet frå skadene på bygninger.

Frå ein annan artikkel

>Danmark er også i NATO, men hverken DMIs
>hjemmesider/værmeldinger
>for Grønland eller Danmark bærer preg av det, de er en god del mer
> opplysende enn tilsvarende norske.

Presisering. Sikkerhetsklarering påverkar i minimal grad kva som blir
lagt ut på nettet hos DNMI. Derimot forsinka den prosessen
med å komme ut på nett i det heile tatt fordi folk hadde bekymringer at
folk kunne bryte seg inn i systemet, så denne diskusjonen ligg litt
tilbake i tid.

Det som avgjer kva som ligg på heimesida er stort sett "kommersielle
hensyn". Det er vel typisk at ein institusjon som har
komen ganske kort inn i dette nye feltet er redd for å legge for
mykje "salgbart" materiale opent.

Øyvind Seland

  



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:45 MET