Re: Kvifor er IT/software så dyrt

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Wed Nov 17 1999 - 09:44:21 MET


Birkeland Ottar wrote (torsdag 11.11.):
>
> Problemet er at innen software har vi to forskjellige utgaver av eitkvart
> program: Kildekode og utførbar kode. Når du kjøper ein lisens fra Microsoft
> på Word får du berre tilgang til den utførbare koden. For folk flest er
> dette heilt ok, dei kan ikkje bruke kildekoden likevel. Men totalen blir
> ødeleggande. Dersom eg ønskjer ein spesiell tilpassning så kan eg enten
> skrive eit heilt nytt program frå bunn, eller eg må be Microsoft om å gjere
> denne tilpassninga. Eller når vi no diskuterar Y2K: Dersom eg representerer
> ein av dei få selskapa som framleis brukar eit 10 år gamalt program så kan
> ikkje eg gjere det Y2K-kompatibelt sjølv (eller leige eit utviklingsfirma
> til å gjere det), nei, eg må spørre produsenten. Som er nedlagt, eller har
> ein ny versjon som han heller vil selge.

Generelt er det slik at spesialtilpassing kostar pengar, så lenge dei
som gjer arbeidet, skal ha betaling for det. Bestiller du skreddarsydd
dress, så kostar det meir enn konfeksjon. For programvare er dette
forholdet ekstremt. Utviklingsarbeidet, altså det å framstille eitt
eksemplar av eit program, er dyrt, til dels svært dyrt. Å lage ein
million kopiar kostar nesten ingen ting pr. kopi. Marknadsmakt er derfor
alfa og omega i den bransjen.
>
> Eg kan ta eit lite eksempe frå min eigen arbeidsplass. Eg jobbar i Norges
> Røde Kors som systemkonsulent og her har vi eit gamalt medlemssystem som har
> rusla og gått på ein Unix-boks sidan 1993. Klientane treng ikkje særlig
> kraftige maskiner sidan dei fungerer som dumme terminalar som berre viser
> skjermbilde. Dette gamle medlemssystemet har fleire spesialtilpassningar som
> vi betalte for då det vart utvikla i 1992-93. Sidan er det kome fleire nye
> versjonar som vi ikkje ville ha sidan dei mangla desse spesialtilpassningane
> og dermed var dårligare for oss. Men no kjem år 2000. Og i dette
> medlemssystemet er årstal lagra med to siffer. Sannsynligvis kan vi klare
> oss med to siffer i medlemssystemet, berre dei blir presentert riktig (i det
> aktive datasystemet har vi ikkje registrert tidligare år enn 1992, så med
> litt fiksing skulle det vare til 2091). Men firmaet er ikkje interessert i
> å fikse det gamle systemet, dei vil selge oss ein ny versjon, og vi har
> ikkje noko valg og kjøper denne.

Av samanhengen verkar det som de er den einaste kunden som skal ha desse
spesialtilpassingane. I så fall blir det naturleg nok dyrt. Eg forstår
deg slik at det gamle systemet kan fiksast så det greier år 2000, men at
leverandøren nektar å gjere det. Dersom dei skuldar på at dei ikkje har
tid, bør dei gje frå seg kjeldekoden slik at de kan fikse det sjølve
eller leige nokon annan. Så spørst det kor stor jobben er, om de rekk å
fullføre han no, eller om de kan leve ei stund utpå nyåret med eit
system som ikkje fungerer.

> Ulempene er at vi må vente litt før alle
> spesialtilpassningane våre er på plass igjen, vi må betale på nytt for
> desse, vi må ha kraftigare klientmaskiner for å takle det fine grafiske
> windows-grensesnittet, vi må kjøpe ein ny server (ein NT-boks som garantert
> vil gå ned oftare enn den gamle Unix-boksen). I tillegg har firmaet brukt
> eit spesialverktøy på klientane som har slike lisensbetingelser at vi må
> betale for kvar maskin som skal ha klient. Fordelane er litt finare
> skjermbilde og litt bedre integrasjon mot andre program (klipp-og-lim
> funksjonalitet).

Har de vurdert å bruke såkalla "tynne klientar"? Gamle PC-ar med gammal
Windows (eller anna operativsystem) kan i mange tilfelle brukast som
terminalar. Berre tenarmaskinen kjører sjølve programsystemet, og ein
slepp dyre klientlisensar.
>
> Dersom nokon har lyst å lese meir om kvifor software ikkje bør ha hemmeleg
> kildekode, men i staden vere fri så kan eg anbefale "Free Software
> Foundation" og Richard Stallman.

Ein liten kommentar til dette: Programvare som er "free" (i dobbel
tyding: fritt tilgjengeleg og gratis), kjem gjerne frå fleire personar
som leverer kvar sine bidrag, kanskje laga på fritida. Eg synest det er
svært spennande at eit slags dugnadsmiljø kan komme opp med noko så
avansert som operativsystemet Linux.

Likevel er eg skeptisk til å gå inn for å ta det i bruk på
arbeidsplassen min. Kven har ansvaret for å levere oss noko som
fungerer? Kva treng vi sjølve av teknisk kompetanse for å få det til å
verke stabilt i ein heil organisasjon? Korleis er framtidsutsiktene
dersom Linus Torvalds blir påkjørt eller får seg kjærast (slikt har han
vel ikkje tid til no? ;-) )? Vil Linux-miljøet smuldre opp i ulike
sekter i tråd med vanleg Unix-tradisjon? Er brukarprogramma gode nok, og
finst dei på norsk? Kva kostar det å lære opp alle brukarane i nye
verkty? Vil ei slik løysing totalt sett bli dyrare enn å betale det Bill
Gates krev?

Eg håpar at Linux-miljøet etter kvart får ei slik tyngde at det blir eit
reelt alternativ til Windows. Men i så fall må mykje av takka gå til
kommersielle aktørar som konkurrerer med Microsoft, og som derfor
akkurat no ser seg tente med "free" programvare. Om idéen overlever
dette famntaket, står att å sjå. Linux kan også få ufrivillig drahjelp
av Microsoft sjølv, som har gjort ein tabbe i gigaklassen. Men det er ei
anna historie.

Helsing Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:40 MET