Kvifor er IT/software så dyrt

From: Birkeland Ottar (ottar.birkeland@redcross.no)
Date: Thu Nov 11 1999 - 10:10:07 MET


Eit av hovedproblema med softwareindustrien er hemmelighold og copyright.
Copyright vart innført for å beskytte forlaga mot at andre forlag kopierte
bøkene dei gav ut. Desse kopierande forlaga ville då ikkje betale
forfattaren, dersom forfattaren ikkje vart betalt så ville han skrive færre
bøker, som då igjen ville gå ut over forbrukaren. Dette var teorien, og
sidan copyright på bøker (den gong) ikkje gjekk ut over forbrukaren i særlig
grad vart dette vedtatt "over there".

På begynnelsen av 80-talet trumfa den unge software-industrien igjennom at
copyright også burde gjelde for software. Software kunne i staden blitt sett
på som avanserte algoritmer, formler, altså matematikk som sjølvsagt ikkje
har copyright. Men sidan det var industrien sjølv som valgte med lovgivarane
si velsigning (uten at juristane forsto noko av det), så vart analogien med
bøker valgt.

Problemet er at innen software har vi to forskjellige utgaver av eitkvart
program: Kildekode og utførbar kode. Når du kjøper ein lisens fra Microsoft
på Word får du berre tilgang til den utførbare koden. For folk flest er
dette heilt ok, dei kan ikkje bruke kildekoden likevel. Men totalen blir
ødeleggande. Dersom eg ønskjer ein spesiell tilpassning så kan eg enten
skrive eit heilt nytt program frå bunn, eller eg må be Microsoft om å gjere
denne tilpassninga. Eller når vi no diskuterar Y2K: Dersom eg representerer
ein av dei få selskapa som framleis brukar eit 10 år gamalt program så kan
ikkje eg gjere det Y2K-kompatibelt sjølv (eller leige eit utviklingsfirma
til å gjere det), nei, eg må spørre produsenten. Som er nedlagt, eller har
ein ny versjon som han heller vil selge.

Eg kan ta eit lite eksempe frå min eigen arbeidsplass. Eg jobbar i Norges
Røde Kors som systemkonsulent og her har vi eit gamalt medlemssystem som har
rusla og gått på ein Unix-boks sidan 1993. Klientane treng ikkje særlig
kraftige maskiner sidan dei fungerer som dumme terminalar som berre viser
skjermbilde. Dette gamle medlemssystemet har fleire spesialtilpassningar som
vi betalte for då det vart utvikla i 1992-93. Sidan er det kome fleire nye
versjonar som vi ikkje ville ha sidan dei mangla desse spesialtilpassningane
og dermed var dårligare for oss. Men no kjem år 2000. Og i dette
medlemssystemet er årstal lagra med to siffer. Sannsynligvis kan vi klare
oss med to siffer i medlemssystemet, berre dei blir presentert riktig (i det
aktive datasystemet har vi ikkje registrert tidligare år enn 1992, så med
litt fiksing skulle det vare til 2091). Men firmaet er ikkje interessert i
å fikse det gamle systemet, dei vil selge oss ein ny versjon, og vi har
ikkje noko valg og kjøper denne. Ulempene er at vi må vente litt før alle
spesialtilpassningane våre er på plass igjen, vi må betale på nytt for
desse, vi må ha kraftigare klientmaskiner for å takle det fine grafiske
windows-grensesnittet, vi må kjøpe ein ny server (ein NT-boks som garantert
vil gå ned oftare enn den gamle Unix-boksen). I tillegg har firmaet brukt
eit spesialverktøy på klientane som har slike lisensbetingelser at vi må
betale for kvar maskin som skal ha klient. Fordelane er litt finare
skjermbilde og litt bedre integrasjon mot andre program (klipp-og-lim
funksjonalitet).

Dersom nokon har lyst å lese meir om kvifor software ikkje bør ha hemmeleg
kildekode, men i staden vere fri så kan eg anbefale "Free Software
Foundation" og Richard Stallman. Ein god stad å byrje er med artikkelen

http://www.gnu.org/philosophy/why-free.html

Ottar Birkeland



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:37 MET