Re: Kvifor er IT/software så dyrt

From: Magni Onsoien (magnio+klassekampen@pvv.ntnu.no)
Date: Wed Nov 17 1999 - 10:51:47 MET


Lars Staurset:

> Likevel er eg skeptisk til å gå inn for å ta det i bruk på
> arbeidsplassen min. Kven har ansvaret for å levere oss noko som
> fungerer? Kva treng vi sjølve av teknisk kompetanse for å få det til å
> verke stabilt i ein heil organisasjon? Korleis er framtidsutsiktene
> dersom Linus Torvalds blir påkjørt eller får seg kjærast (slikt har han
> vel ikkje tid til no? ;-) )? Vil Linux-miljøet smuldre opp i ulike
> sekter i tråd med vanleg Unix-tradisjon? Er brukarprogramma gode nok, og
> finst dei på norsk? Kva kostar det å lære opp alle brukarane i nye
> verkty? Vil ei slik løysing totalt sett bli dyrare enn å betale det Bill
> Gates krev?

Det finst fleire leverandørar som leverer maskiner med preinstallert
Linux. Desse kan ofte tilby brukarstøytteavtaler i tillegg. Eit knippe
av desse inkluderer Compaq (iallfall snart), Linpro, og sikkert fleire
som eg ikkje hugser (eller gidd finne fram ;)) akkurat no. Meir
informasjon om kommersielle leverandørar av Linux ("Gule sider") finn du
på <URL:http://www.linux.no/gullinux.html>. På <URL:http://www.linux.no>
finn du linker til norske brukarar (store sådanne). I samband med dette
kan eg nemne at ved NTNU kjem vi (eg jobber i IT-avdelinga der, men
uttaler meg sjølvsagt ikkje på vegne av dei osv) til å køyre vår særs
populære webmail-teneste på ein dual P450 med masse minne frå omtrent
nyttår av, sidan ein Sun450 til 300.000 ikkje greidde jobben...

Når det gjeld Linus Torvalds framtid så kan eg nemne at mannen er gift
og har to eller tre barn, så om han evt finn seg ei ny kone går nok også
det bra ;) (Men det var sikkert ikkje DET du insinuerte)(Forøvrig veit
eg av eiga erfaring at nerder bør finne seg nerder når dei parrer seg,
det gjer alt så meget enklare..)
Forøvrig er det jo fleire enn Linus som skriv nye ting til
Linux-kjernen, Linus er vel for tida mykje godt ein slutt-godkjennar.
Ein av dei viktigaste utviklarane er Alan Cox, som du kan finne på
www.linux.co.uk

Oppsmuldring av Linux i sekter: kan sjølvsagt skje, men eg trur ikkje
det er veldig sannsynleg slik Linux fungerer no. Linux er jo berre
kjernen i operativsystemet, altså akkurat den biten som booter maskina
og får den opp, samt sørger for at hardwaren kan kommunisere med annan
hardware samt brukarprogramma. Det brukaren ser av Linux er
brukarprogramma, og desse kan til ein viss grad variere - både i versjon
om omfang - men det skjer innafor dei ulike distribusjonane, ikkje
innafor Linux som sådan. Når eg snakkar om distribusjonar meiner er
Debian, RedHat, SuSe, Caldera osv - som alle leveres med meir eller
mindre same versjon av Linuxkjernen (nokon har nyare kjerne enn andre,
men kjernen kan oppgraderast utan kompatibilitetsproblem, gitt at man
veit kva man driv på med). Det som skiller dei ulike distribusjonane er
stort sett kva dei inneheld og kordan ting er organisert i pakkesystem.

Personleg meiner eg brukarprogranmma er gode nok (eg har brukt Linux i 4
år og aldri hatt ein Windowslisens (og eg er mot piratkopiering)) - det
som mange synes manglar er gode kontorstøytteverkty. Men også dette kjem
no: WordPerfect, StarOffice, KOffice og sannsynlegvis fleire etterkvart.
Eg bruker StarOffice sjølv, og er godt nøgd med det. StarOffice finst
ikkje på norsk enno, men det kan sikkert kome viss mange nok ynskjer
det. Eller er det prosjekt på gang for å omsetje såkalla GNU-programvare
(GNU har vel vore diskutert her før?) til norsk, og under installasjonen
av RedHat (og moglegeins fleire distribusjonar?) kan du velge norsk som
språk (diverre berre bokmål).

Eg trur den staden Linux bør takast i bruk fyrst er på serversida.
Filserver (med samba kan den aksesserast problemfritt frå Windows, ditto
for Mac med appleshare), printserver, brannvegg, webserver, mailserver,
programvareserver (programvare på eit sambashare). Deretter kan ein
vurdere å ta det i bruk også på arbeidsstasjonar viss dei tilsette
ynskjer det og programvaren ein treng fungerer fint. Iallfall kan
levetida på maskiner forlengast ein del (det varierer veldig fordi det
ikkje berre er Windowsprogram som treng mykje ressursar...), så det bør
med i reknestykket. Gitt at dei verktya ein treng finst på Linux, burde
det faktisk ikkje bli spesielt mykje dyrare å lære opp brukaren i å
bruke dei på Linux i forhald til Windows. Med KDE som vindusmiljø (KDE
finst forresten på norsk) ser det heile ut som Linux, ein tekstbehandlar
er ein tekstbehandlar og nye versjonar av tekstbehandlarar krev som
kjend opplæring, og Netscape er Netscape. Alt som dreier seg om
kommandolinje og slikt i Linux treng ikkje brukarane vite med mindre dei
vil ;)

Viss du rekner med maskinas levetid, gratis/billegare applikasjonar,
gratis operativsystem og at det er enklare å få support på Linux enn på
Windows utan å stå i kø på MS's 500-kroner-i-minuttet-"support"telefon
vil eg tru at ein kan spare pengar på å ta i bruk Linux. Men hugs
samtidig at det kostar å utvikle programvare for Linux også - bruk
gjerne av sparte pengar på å støytte utviklinga av programvaren osv :)

Magni :)

-- 
ulimit is good for you.



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:40 MET