Re: Tsjetjenia

From: Even Sandvik Underlid (eunderli@online.no)
Date: Thu Nov 04 1999 - 17:43:00 MET


Oddmund Garvik skrev:

>Midt oppe i alle slags "faits divers" her på forumet vågar eg meg frampå med
>nok eit lite pip om Tsjetjenia... Om lag halvparten av det tsjetjenske
>folket har flykta, men ingen ser ut til å bry seg så mykje om det. Ikkje
>"venstresida" heller - den same "venstresida" som for nokre månader sidan
>ytra seg utan atterhald om ein annan krig som hadde mykje til felles med den
>som no går føre seg i Kaukasus.

Jeg fikk denne meldingen i dag fra Antikrigsnettverket i Bergen i dag.

        - - - klippe, klippe - - -

Antikrigsnettverk i Bergen

Send denne mailen vidare til alle de kjenner:

Markering mot krigen i Tsjetsjenia

Russland bomber på nytt Tsetsjenia. Dette vert rettferdiggjort med at dei
skal ta terroristane som har planta bombene i Moskva. Mykje tyder likevel
på at desse bombeattentata er gjennomført frå heilt anna hald. Uansett er
det sivilbefolkninga i Tsjetsjenia som lid. Russland har stengt grensene
for flyktningar, og dermed kan dei uhindra gjennomføra folkemordet.
Statsminister Putin har offentleg sagt at når Nato kunne bomba ein
sjølvstendig stat, må Russland ha lov å bomba i sin eigen bakgård. Bondevik
har uttalt at Noreg ikkje skal blanda seg bort i konflikten. Dette viser
at også Nato og Natolandet Noreg er medskuldige i denne katastrofen.

Me må kreva at Noreg går til ei einsidig fordøming av Russland si
krigføring, og støtter demokratiske krefter i Russland og Tsjetsjenia
som arbeider for ei fredeleg løysing på konflikten.

Stad: Tårnplass
Dato: Laurdag 6. november
Tid: Klokka 13.00 Arr: Antikrigsnettverket i Bergen

        - - - klippe, klippe - - -

--
Even Sandvik Underlid,
kommunist.



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:32 MET