Re: Tsjetjenia

From: Oddmund Garvik (garvik@ifrance.com)
Date: Thu Nov 04 1999 - 17:22:11 MET


At 16:38 04/11/99 +0100, Birkeland Ottar wrote:

>Men det vesle engasjementet som var i Noreg mot krigen i Kosovo og mot
>NATOs nye Out-of-Area politikk var vel ikkje retta først og fremst mot
>Pentagon? Det var vel heller retta mot norsk opinion og norske styresmakter.
>
>Den store skilnaden for meg personleg er at i Kosovo var Noreg med
>som eit aktivt krigførande land. Det berører meg på ein heilt annan måte
>enn det faktum at det er krig mange stader rundt om i verda. Det er kanskje
>inkonsekvent.

Er det blitt slik no at ein berre skal feie for si eiga dør? Eg nytta deler
av
ungdomstida mi til å demonstrere mot Vietnamkrigen. Var dette feil, etter
som Noreg ikkje var *direkte* innblanda med tropper og fly?

Nei, Birkeland, same korleis du snur og vender på det, kan ein ikkje sitje
fredeleg oppe ved Dovre og glane på omverda på denne måten. Om ein
kallar seg kommunist, sosialist, anarkist, humanist, eller berre
venstreradikal, må ein då for i svingande engasjere seg mot undertrykkjing
og forderving same kor det er! Om det ikkje er deg eller meg denne gongen,
kan turen koma til oss sjølve ein dag. Då er det godt å vita at det finst
vener rundt omkring, slike som ikkje berre tenkjer på seg sjølve, men som
har tid og overskot til å hjelpe andre. Det er dette ein kallar solidaritet.

Oddmund Garvik

 
______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML,20 Mo)
Votre agenda online gratuit >> http://agenda.ifrance.com
NOUVEAU : Faxez gratuitement ! >> http://fax.ifrance.com



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:32 MET