SV: SV: Tsjetjenia

From: Birkeland Ottar (ottar.birkeland@redcross.no)
Date: Thu Nov 04 1999 - 16:38:50 MET


>Vil du ha meg til å le, Birkeland? Trur du Pentagon tok notis av
>engasjementet til "antikrigsnettverket" dykkar i vår? Dei visste ikkje om
>det ein gong... Makta bryr seg ikkje om fluger. Men dette veit me jo
>inderleg godt frå før.
>

<klipp>

Nei, eg trur ikkje Pentagon bryr seg om kva sivilistar og utlendingar
meiner om noko som helst.

Men det vesle engasjementet som var i Noreg mot krigen i Kosovo og mot
NATOs nye Out-of-Area politikk var vel ikkje retta først og fremst mot
Pentagon? Det var vel heller retta mot norsk opinion og norske styresmakter.

Den store skilnaden for meg personleg er at i Kosovo var Noreg med
som eit aktivt krigførande land. Det berører meg på ein heilt annan måte
enn det faktum at det er krig mange stader rundt om i verda. Det er kanskje
inkonsekvent.

Og berre for å gjere det klart, så snakkar eg berre for meg sjølv, eg
representerer ingen.

Ottar Birkeland



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:32 MET