Re: SV: Tsjetjenia

From: Oddmund Garvik (garvik@ifrance.com)
Date: Thu Nov 04 1999 - 15:28:03 MET


At 14:39 04/11/99 +0100, Birkeland Ottar wrote:

>Tradisjonelt har jo ikkje Sovjet/Russland brydd seg om kva vi i Vesten
>meinar om politikken/krigføringa deira. Slik sett er det nok lettare å
>skaffe "Antikrigsengasjement" mot krigar som "Vi" fører.

<klipp>

>Sjølv var eg i mot Natos diktat og seinare krigføring mot Jugoslavia og
>eg er også i mot Russlands krigføring i Tsjetjenia. Men eg trur ikkje
>det er mogleg å påvirke Russland før det eventuelt kjem ein antikrigs-
>opposisjon i Moskva som ikkje berre er oppteken av problematikken rundt
>egne tapstal.

Vil du ha meg til å le, Birkeland? Trur du Pentagon tok notis av
engasjementet til "antikrigsnettverket" dykkar i vår? Dei visste ikkje om
det ein gong... Makta bryr seg ikkje om fluger. Men dette veit me jo
inderleg godt frå før.

Ein kan demonstrere likevel - nokon må jo byrje. Internasjonalt press på
Moskva, krav om våpenkvile som vilkår for framtidige pengeoverføringar frå
IMF osb., er løysingar som berre kan bli aktualitet ved eit sterkt
opinionspress i Vesten. Russarane høyrer godt nok på det øyret...

Birkeland representerer så vidt eg veit ikkje "Antikrigsnettverket", men eg
har mistanke om at mange i denne rørsla deler denne lunkne og inkonsekvente
haldninga. Eg "forstår" sjølvsagt "kvifor" det er heilt tyst om dette. Denne
rørsla var ikkje særleg truverdig frå før, og det ser ikkje ut til å bli
betre.

Oddmund Garvik

 
______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML,20 Mo)
Votre agenda online gratuit >> http://agenda.ifrance.com
NOUVEAU : Faxez gratuitement ! >> http://fax.ifrance.com



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:32 MET