SV: Tsjetjenia

From: Birkeland Ottar (ottar.birkeland@redcross.no)
Date: Thu Nov 04 1999 - 14:39:14 MET


>At 13:43 04.11.99 +0100, Oddmund Garvik wrote:
>>Midt oppe i alle slags "faits divers" her på forumet vågar eg meg frampå
med
>>nok eit lite pip om Tsjetjenia... Om lag halvparten av det tsjetjenske
>>folket har flykta, men ingen ser ut til å bry seg så mykje om det. Ikkje
>>"venstresida" heller - den same "venstresida" som for nokre månader sidan
>>ytra seg utan atterhald om ein annan krig som hadde mykje til felles med
den
>>som no går føre seg i Kaukasus.
>>.......(klipp)....
>>Eg har ikkje sett noko liknande initiativ i den norske verda, heller ikkje

>>her på KK-forum, der det florerte med opprop for ei tid tilbake. Kva
ventar
>>de på?
>
>Garvik har helt rett. "Antikrigsbevegelsens" lunkenhet er pinlig
>i denne saka, og den svekker sin troverdighet ytterligere.
>
>Trond Andresen

Tradisjonelt har jo ikkje Sovjet/Russland brydd seg om kva vi i Vesten
meinar om politikken/krigføringa deira. Slik sett er det nok lettare å
skaffe "Antikrigsengasjement" mot krigar som "Vi" fører.

Demonstrasjonar i Noreg mot Russlands krigføring blir omtrent som
dei sovjetiske (organiserte) folkelege demonstrasjonane mot USAs
Vietnamkrig. Det kan kanskje vere greit å få gitt yttrykk for meininga
si, men dersom målet er å påvirke er det langt meir fruktbart å kritisere
nokon som kanskje vil lytte til det du vil seie.

"Antikrigsbevegelsen" har heller ikkje gjort mykje for å protestere
mot krigen i Kongo eller Angola. Det kjem nok meir av at ein ikkje trur
det kan ha nokon som helst effekt å demonstrere, enn at ein støttar
krigen eller ein av partane.

Sjølv var eg i mot Natos diktat og seinare krigføring mot Jugoslavia og
eg er også i mot Russlands krigføring i Tsjetjenia. Men eg trur ikkje
det er mogleg å påvirke Russland før det eventuelt kjem ein antikrigs-
opposisjon i Moskva som ikkje berre er oppteken av problematikken rundt
egne tapstal.

Ottar Birkeland



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:32 MET