Tsjetjenia

From: Oddmund Garvik (garvik@ifrance.com)
Date: Thu Nov 04 1999 - 13:43:01 MET


Midt oppe i alle slags "faits divers" her på forumet vågar eg meg frampå med
nok eit lite pip om Tsjetjenia... Om lag halvparten av det tsjetjenske
folket har flykta, men ingen ser ut til å bry seg så mykje om det. Ikkje
"venstresida" heller - den same "venstresida" som for nokre månader sidan
ytra seg utan atterhald om ein annan krig som hadde mykje til felles med den
som no går føre seg i Kaukasus.

Russarane kopierer Nato på det taktiske planet for å gi eit bilete av seg
sjølve som meir "moderne". Dei har sett i gang ein
"kommunikasjonsoperasjon", inspirert av "briefinga" til Nato under
bombekrigen
mot Jugoslavia.

Men "dei russiske generalane kallar på ironien", kommenterer Moskovskié
Novosti. Når det gjeld dei militære operasjonane, meiner vekeavisa at
"Moskva nyttar dei same metodane som dei i mars vurderte som barbariske", og
peikar på at Kreml har "to læremeistrar: Milosevic for målet, og Nato for
metoden".

Russarane har om lag 30 000 mann i terrenget, 400 stridsvogner og 300
artillerieiningar. I tillegg har dei 20 000 medlemmer av troppene til
Innanriksdepartementet. På den andre sida har tsjetjenarane litt under
20 000 mann under våpen.

Nok ein gong er det nye ting på gang. På det taktiske planet unngår troppene
til Moskva å gjera om att same feilen som dei gjorde i 1994-96: Dei bombar
og gjennomfører massive luftåtak mot dei tsjetjenske stillingane nesten
utan å sende inn infanteristyrkar. Når det gjeld materiell, skriv dagsavisa
Novyé Izvestia at Tsjetjenia blir nytta som "prøveskytefelt for nye våpen",
som angrepshelikopteret Ka-50, den nye versjonen av Mig-29UBT, og, "for å
redusere tapa, nye typar skotsikre vestar."

Frå dette er det berre eit lite steg over til bruken av atomvåpen, og
Argoumenti i Fakty skriv: "Militære spesialistar utelukkar ikkje eventuelle
åtak med atomvåpen. Slett ikkje eit nytt Hiroshima (...) Men, dersom
terroristhandlingane grip om seg, eller dersom terroristane sjølve tar i
bruk atomvåpen, er det ei mogleg løysing."

Det sannsynlege målet med heile operasjonen er i fylgje Sevodnia: Gjera
heile det sørlege Tsjetjenia til ein "ghetto av bandittar", hermetisk
utestengde frå verda av dei føderale troppene.

---
Torsdag 28 oktober 1999 kom det på trykk eit opprop mot den russiske 
bombinga i Tsjetjenia, der dei mellom anna tar opp haldninga til Vesten. 
"Stopp massakrane!", underskrive av franske intellektuelle m.fl. 

sjå t.d. Libération : http://www.liberation.com/quotidien/debats/octobre99/991028c.html

Eg har ikkje sett noko liknande initiativ i den norske verda, heller ikkje her på KK-forum, der det florerte med opprop for ei tid tilbake. Kva ventar de på?

Oddmund Garvik

Kjelde: Courrier International, spesialnummer om Kaukasus, nr. 468 21-27/10/99.

______________________________________________________________________ Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML,20 Mo) Votre agenda online gratuit >> http://agenda.ifrance.com NOUVEAU : Faxez gratuitement ! >> http://fax.ifrance.com



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:32 MET