NTNUs lønnings"system"

From: Magni Onsoien (magnio_at_pvv.ntnu.no)
Date: 15-06-00


I fylgje Adresseavisa er lønna for juni enno meir forsinka - no er
estimert utbetalingsdato *tidlegast* 20. juni. Det er jo snart, det, men
kanskje litt seint ettersom den eigentleg skulle vore ut 8. (eller var
det 12. eller kanskje 16.?) juni?

Det er ille nok at universitetet i dei fleste tilfelle ikkje kan tilby
særleg konkrurransedyktig løn - men det hjelper ikkje på at den ikkje
vert utbetalt, heller.

Det var forsåvidt dumt at den forrige økonomisjefen fekk lov å si opp på
eigen hand - han (eller den som er ansvarleg for det etterkvart så
skandaløse økonomi/lønssystsmet) burde fått litt hjelp med å gå..

Magni, som ikkje lenger jobber ved NTNU og difor hadde håpt å få med seg
ein liten sum feriepenger no, men dei kjem ikkje før til neste år sidan
eg har vore timelønna. Kult :(

-- 
ulimit is good for you.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET