Me må globalisere kampen

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 29-07-01


Den nye motstandsrørsla som oppstod i Frankrike og nokre andre land utover
på nittitalet gav ny von til mange. Det var ei mangfaldig rørsle av ein ny
type, på tvers av landegrenser, nasjonar og kunstige skiljeliner. Ein
slost mot ein viss type "globalisering", men ikkje mot globaliseringa i
seg sjølv. Dette med at folket i verda uomtvisteleg er nøydde til å rykkje
nærare kvarandre, bli kjende med kvarandre og samarbeide, er ein del av
den nye motstandskampen.

Det gjekk ei viss tid før den nye motstandsrørsla kom på dagsorden hjå dei
rettruande. Og det oppstod sjølvsagt ein særnorsk debatt då det blei alvor
av å opprette ei norsk avdeling av ein av desse organisasjonane - Attac.
Eg kritiserte den forkvakla debatten om EU, og denne hangen til å isolere
seg. Det har lenge vore slik at i staden for å sjå ut over grensa, har
store deler av den radikale rørsla slått seg saman med dei mørkaste og
mest reaksjonære i iveren etter å forsvare ein fiktiv sjølvråderett. I
staden for å stå saman med dei som slost for andre løysingar, ein annan
sosial og økonomisk politikk i Europa, har EU-motstandarane i Noreg stilt
seg i lag med dei reaksjonære i England og andre stader. Dei har sitert og
siterer framleis frå "kjeldene" til desse forstokka politikarane som om
det skulle vera heilt banalt.

I den nye motstandsrørsla let ein som om alt dette ikkje eksisterer. Men
ein kan likevel ikkje dy seg for å markere den norske "forskjellen". Når
dei andre ropar slagord for eit anna Europa, ser ein bort, gøymer seg,
eller går i eigne tog. Eller ein blandar tinga saman, og framstiller det
slik at "EU-motstanden" aukar i Europa. Liksom tabloidpressa freistar
nokre kumpanar på venstresida å gjera Europa (og verda) "norsk".

Det er ikkje heilt svart. Det finst nokre som vaknar smått om senn.
Leiaren av Norsk Bonde- og Småbrukarlag t.d. seier noko heilt vesentleg i
stykket nedanfor. Noko ein kunne utvide til å gjelde heile tilhøvet mellom
(det radikale) Noreg og omverda. (Sitatet er frå ein tale på landsmøtet i
Noregs Mållag):

- Me må globalisere kampen, seier han og meiner Noregs Mållag må sjå over
landegrensene der det finst tilsvarande rørsler som kjempar for lokale
språk og kulturar.

- Det finst folk i målrørsla som trur me er dei einaste som kjempar for å
behalde språkidentiteten vår. Det må ikkje bli ein snever norsk og
nasjonal kamp, det norske er i dette ein del av det universelle, seier
Vinje.

"La Norvège est plus petite qu'on le pense" - Noreg er mindre enn ein
trur, var tittelen på ei diktsamling av Jan Erik Vold som kom ut her i
Frankrike for nokre år sidan. Denne tittelen skulle spikrast opp over
sengene i alle norske heimar. Kanskje ein då om nokre år kunne få oppleve
at Noreg ikkje er "un affreux petit pays peuplé de lâches" - "eit
motbydeleg lite land befolka av feigingar", som den same Vold sa i eit
intervju som er trykt bakerst i boka. Det dei norske driv med,
forandrar ikkje så mykje kan ein føye til. Men det er no ein gong slik at
ein finn ei viss glede i å kommentere det.

Oddmund Garvik

http://www.nationen.no/44/59/42/9.html

<<<<<<<
Nationen/Kultur 28.07.01

- Distrikta blir utarma

Astrid Randen (mailto:vikar3@nationen.no)

- Globalisering fører til einsretting og kulturell utarming av
Bygde-Noreg, seier Arne Vinje. Han manar til folkereising i talen sin til
landsmøtet i Noregs Mållag i dag.

Arne Vinje er bonde, nynorskbrukar og leiar i Norsk Bonde- og
Småbrukarlag. I landsmøtetalen tek han for seg motsetnaden mellom det
kulturmangfaldet som har rådd i verda og den homogeniseringa som følgjer
med dagens marknadsliberalisme og aukande globalisering.

Han skildrar det samfunnet som veks fram i regi av EU, USA og andre
stormakter som eit einsretta og kaldt samfunn. Maten, språket,
uttrykksformene og levemåten byggjer på eit felles grunnlag definert av
kapitalen. Det einaste som blir lagt vekt på er det som er til sals.
(Dette er sjølvsagt noko unyansert - det er hovudsakeleg det
angloamerikanske som regisserer einsrettinga, min merknad.)

Nykolonialisering
«Kulturimperialisme», kallar Vinje dette. Einsrettinga av kulturen heng
saman med ei ny form for kolonialisering, fordi dei økonomiske strukturane
blir meir og meir like dei som rådde i kolonitida.

Forskjellen er at kolonimaktene ikkje lengre er land, men private firma.
Det er ikkje nasjonale lover som regulerer åtferda til desse selskapa, men
eit sett med internasjonale reglar som har til føremål å sikre at ulike
nasjonale omsyn ikkje står i vegen for den frie konkurransen om ressursane
og marknadene i verda.

- Dette nykolonialistiske mønsteret er i ferd med å bli innført i Noreg.
Frå å ha eit allsidig næringsliv rundt om i bygdene der lokale råvarer
blei foredla på ulike måtar, er Bygde-Noreg i dag meir og meir ein rein
råvareleverandør til verksemder i sentrale område. Dette er ein situasjon
som er nøydd til å utarme distrikta, både økonomisk og kulturelt.
(Kjeldene til dette ligg nok ein gong i den norske omfamninga av det
angloamerikanske, min merknad.)

Kunstig turisme
- Turismen lever på eit bedrag, meiner Vinje. Turistar ynskjer å oppleve
noko som er annleis og ekte. Samtidig som verda blir meir og meir
einsarta. Byane veks og blir likare og likare. Difor reiser me stadig
lengre, til endå meir eksotiske reisemål rundt om i verda, og dermed legg
me grunnen for at også desse kulturane opnar seg for kommersialisering.
(Kven er "me"? Nok ein gong altfor unyansert, min merknad.)

- Masseturismen trugar den lokale kulturen også i bygdene i Noreg, meiner
Vinje.

Dagens turistindustri gir i liten grad ei oppleving av korleis folk har
det og lever. Det er ein folklorisert, kunstig presentasjon av folkelivet
på turiststadene. I denne turistindustrien gir dei som sit med kapitalen
turisten små bitar av lokal skikk og mat, musikk og veremåtar, dei bitane
som lettast kan seljast.
Språk og mat er to faktorar som særmerkjer alle kulturtradisjonar. Vinje
meiner det er eit lagnadsfellesskap mellom språket og maten. Me ser at
den «globale smaken» som hamburgarar frå McDonald's og brus frå Coca Cola
stadig vinn terreng, medan lokale mattradisjonar døyr ut. Den
akselererande språkdauden er eit signal om at lokale og regionale kulturar
forvitrar og blir borte. (Dette heng også saman med omfamninga av det
angloamerikanske som er kome særleg langt i Noreg. Det er ikkje slik alle
stader, min merknad.)

- Er ikkje dette ei litt vel pessimistisk framtidstru?

- Eg ser ingen grunn til å vere urealistisk positiv. Men i eit lengre
perspektiv trur eg ein kan snu utviklinga, seier han.

Folkereising
For å snu globaliseringstrenden trengst, ifølgje Vinje, ei folkereising
som byggjer på mangfaldet, lokale tilpassingsmåtar og lokale språk og
språkformer.

- Me må globalisere kampen, seier han og meiner Noregs Mållag må sjå over
landegrensene der det finst tilsvarande rørsler som kjempar for lokale
språk og kulturar.

- Det finst folk i målrørsla som trur me er dei einaste som kjempar for å
behalde språkidentiteten vår. Det må ikkje bli ein snever norsk og
nasjonal kamp, det norske er i dette ein del av det universelle, seier
Vinje. (Dette kunne også EU-motstandarane leggje seg på hjartet, min
merknad.)

Han oppmodar målrørsla om å delta i ein grundig debatt om og eit aktivt
arbeid mot den globaliseringa han tidlegare i innlegget hadde teikna eit
sterkt negativt bilete av.
>>>>>>>
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST