Katastrofanevekkjer berre sporadisk og forbigåande interesse

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 29-07-01


Sumaren byr på så mangt. Nordmenn på ferie i det såkalla "Syden" vil ikkje
la seg "terrorisere" av baskiske separatistar: "Norske turister lar seg
ikke jage vekk fra Spanias solkyst. - Jeg nekter å la meg terrorisere,
sier Fr.p.-kjendis Henning Holstad."

I Oslo er noko dei kallar "sommerparaden" den store hendinga. Og Frp
køyrer land og strand "på velgerjakt i campingvogn". På 1930-talet fanst
det venstreradikale boksarar som banka opp fascistane då dei slik kom
køyrande i lastebilar og bussar for å spreie den brune propagandaen.
Landet bur seg på å stemme blått og brunt, men det forandrar vel ikkje så
mykje. Landet er alt forpesta og uttørka, og rikdomen flyt og skvalpar i
mest kvar ein krok.

Andre stader går det dit høna sparkar utan at det kjem så mykje som eit
pip i dei norske avisene. Det er inga "mediahending", heller ikkje viktig
i den norske pengebingen at nokre hundre tusen eller millionar svelt og
lever i elende. At dette er resultatet av den katastrofale politikken til
den vestlege eliten, må ein helst ikkje nemne. Og ein må for all del ikkje
bli så forbanna at ein kastar stein på hordane av politistyrkar som er
utkommanderte for å verne dei regjerande bandittane. Då blir det kalla
"vald". Og vald vil me sjølvsagt ikkje ha.

For nokre veker sidan høyrde eg om ein nordmann som pussa opp eit hus på
åsane på austsida av Nice. Handverkarane var nøgde, for det var sjeldan
dei hadde slike oppdrag, sa dei. Berre symjebassenget var budsjettert til
60 millionar franc, men den ansvarlege for denne jobben var likevel "redd"
for at budsjettet kom til å bli sprengt. Eg kjenner ikkje namnet på denne
huseigaren, og det er vel like godt. Men han kjem nok i blada når denne
sterile og smaklause norske utposten ein dag er ferdig.

Dette er suksess. Slikt er ikkje vald. Heller ikkje all den vald som dei
utstøytte må tåle kvar dag gjennom korte, eller litt lengre liv, er vald.
Det tel ikkje ein gong. Det er berre lagnaden, mennesket sitt lodd, eller
kva det no blir kalla. Det er liksom ikkje noko å gjera med det. Verda er
berre slik.

Huseigaren på åsane ved Nice er ein gjev kar. Sønene og døtrene til
dei som kara seg over frå elendet i Algerie, Tunis og Marokko, eller enda
lenger sør, kjem aldri i nærleiken av dette. Er dei "heldige", kan dei
kanskje få vatne i hagen til den gjæve nordmannen, for ein slikk og
ingenting. Eller kanskje ikkje det ein gong. Eit eller anna byrå tek seg
kanskje av den saka. Eit av desse som på subtilt og usynleg vis silar bort
alle dei som ikkje har det rette europeiske oppsynet. Slike som bur i
drabantbyane bak åsane nord for Nice, der det er "utrygt", der ungdomane
av og til går berserk og finn på slikt som ikkje er "comme il faut" fordi
dei blir sett på som hundar, fordi dei aldri har sett foreldra stå tidleg
opp om morgonen for å gå på arbeid, fordi dei sjølve også er arbeidslause
og lever frå hand til munn. Dei kan ikkje ein gong gifte seg med jentene i
drabantbyane, for livet til jentene er likeins. Så går dei der og veit
ikkje kva dei skal finne på. Røykjer ein joint rett som det er, høyrer på
den solfylde og såre raïmusikken, og drøymer om "là-bas", over på den
andre sida. Er dei heldige klarer dei å fikse seg nok pengar til ein
bilett på båten frå Marseille til Alger. Det er alltid slektningar
"là-bas". Det er alltid sol. Sjølv det mest elendige livet blir litt
lettare i sola.

Denne "Syden" høyrer ein lite om i Noreg. Det er så fjernt, tenkjer mange.
Det er ei anna verd. I årevis arbeidde eg i lag med slike ungdomar. Usle
fillejobbar der ein måtte grytidleg opp for ikkje ein gong å tene "SMIG" -
den garanterte minsteløna. Nokre kom frå stader enda lenger borte. Eg
minnest to karar frå Kambodsja. Det var først litt vanskeleg å koma innpå
dei, men dei blei etterkvart gode vener. Det var ein onkel og ein nevø,
som liksom mange tusen andre hamna i omskuleringsleir fordi dei ikkje
hadde gjort nett det den "raude" makta ville. Omskulering med
propagandatimar og tvangsarbeid, svolt og mishandling. Ein dag la dei på
sprang og kom seg inn i skogen før kulene nådde dei. Dei sprang i dagevis,
like til Thailand. Etter ei tid i flyktningeleirar kom dei seg til Paris,
til Chinatown, der ein og annan overlevande fjern slektning alt hadde
slått seg ned. Det var hjelp og få, og slik freista dei å starte eit nytt
liv. Onkelen var for gamal på eit vis og gav opp. Han budde aleine på ein
hybel i 15. etasje i eit av tårna der midt i 13. arrondissement. Han hadde
mist kona si og dei fire borna - drepne av "raude khmer" fordi dei ikkje
ville reise frå landsbyen sin. Deler av ungdomstida mi fekk eit litt anna
perspektiv i møtet med desse. Men me snakka ikkje så ofte om fortida.

Midt i livet kan ein sjølvsagt halda fram med å drøyme om ei betre verd,
til og med banna og sverja på det. Ein kan halda fram med å agitere, med å
vera eit utskot, ein original, ein særing. Det finst vel ingen veg attende
no. Ein har opprøret i blodet, og utanpå kroppen. Frp, Høgre og dei
andre "demokratane" kan halda fram med å fiske stemmer. Det forandrar
ingenting.

Hegemoniet til galskapen og ansvarsløysa er så enormt at ein mest misser
anden. Ein kjem med slengmerknader om dette. Ein vakker dag blir ein
oppdaga og attkjend. "Kundar", som trass i det ein har skrive, sagt og
gjort likevel sende "oppdrag" og anna arbeid, slik at ein kunne halde liv
i seg, trekk seg stille og roleg bort. Utan larm, utan ord. Dei sluttar
kort og godt med å sende noko som helst. Det er som når ein skrur att
vasskranen utan å forhaste seg.

Så sit ein der og ser utover landskapet medan ein freistar å unngå
desperasjonen. Dette har hend før, med mange andre. Ein blir ikkje så
vonbroten som ein skulle tru. Og ein bestemmer seg for aldri å gi opp,
same kor svart det ser ut.

Slik er det å bli sett på sidespor oppløftande på eit vis. Det er lite og
inkjevetta i høve til mykje anna. I høve til det aller meste. Ein tek seg
eit glas vin og smiler mot ettermiddagssola. Livet er ikkje så verst
likevel. Ein er privilegert. Det er bortkasta tid å sutre og klage over
den personlege lagnaden, og ein blir nok ein gong fylt av den varme
kjensla som opprøret er. Den som ein fyrste gongen kjende for svært lenge
sidan då ein var heilt ung, utan barter og hår på rygg og bryst. Denne
kjensla som på forunderleg vis har redda livet mang ein gong. Opprøret er
som kork, det flyt alltid opp att. Det er det beste livbeltet ein kan ha.
Og så er det eit fellesskap. Band som kryssar landegrenser og hav.

Når andre blir råka av det urettferdige, blir ein meir opprørd enn når ein
sjølv får li. For ein er som sagt privilegert. Har ein augo i hovudet,
forstår ein dette kvar gong ein kjem attende til Vesten frå verda utanfor.
Ein har alt i Vesten. Det fløymer over slik at ein ofte misser gangsynet.

Difor er det "norske" så lite interessant, eller det "franske", "tyske",
"svenske", "engelske", kvite "nordamerikanske", osb. Nasjonane er berre
ein bløff, ein måte å halde folk i ande på. Dei eksisterer ikkje lenger.
Dei er berre spor av fortida dei fleste stader.

I dette perspektivet blir det norske stortingsvalet ein uinteressant
detalj, liksom det franske presidentvalet, og andre "val" i vår del av
verda. Det er likeins med EU-kampen. Det handlar om detaljar i den store
samanhengen. Om pengar og makt. Det er sjølvsagt knekkande likegyldig om
kapitalistane er utlendingar. Avgjerdene blir tekne andre stader same
korleis det er. Ein kan halda fram med å slost for smular så lenge ein
vil, men ein kastar bort tida. I staden for å slost saman mot tyranniet,
får ein folk i nasjonane til å slost kvar for seg, mot kvarandre. Ikkje
med kanonar og børser i den moderne verda, men med demagogi, småskoren
sjåvinisme og "patriotisme". Ideen om at ein er betre enn dei andre, og at
det ein har, er meir sofistiskert, høgverdig og sunnare på alle måtar, er
den raude tråden i denne snerpete demagogien.

Det finst ikkje noko vitalt i den moderne kvite verda. Noreg høyrer til
avantgarden, eller baktroppen, alt etter som ein ser på det. Alt er kopi
og etterplapring. Nyrik pengemakt og smålåten egoisme. Inntørka "idear" og
staffasje. Sjølv den norske venstresida er traurig og reaksjonær i mange
saker.

Det vitale, berekraftige og standhaftige finst heilt andre stader, men
blir diverre råka av ulukker og katastrofar. Dei (for)tapte paradisa ligg
der i sola og verkjer, medan Noreg, resten av Vesten og dei leiande
nasjonane veltar seg i overskot og flyt over av "rikdom". Katastrofane
vekkjer berre sporadisk og forbigåande interesse. I dei fleste tilfella
høyrer ein ikkje ein knyst

Oddmund Garvik
     

http://www.guardianunlimited.co.uk/international/story/0,3604,528823,00.html

<<<<<<<
Central America faces 'biblical' famine

Prolonged drought and failing harvests leave up to a million peasants on
brink of malnutrition

Mike Lanchin in San Salvador
Saturday July 28, 2001
The Guardian

Up to 1m peasants are facing severe food shortages as prolonged droughts
are wiping out subsistence crops across four Central American countries,
according to UN experts and aid workers.

"We're heading for a real hunger season," said Doug Ryan, a representative
in Honduras for the US aid agency Catholic Relief Services. "The first
crop of the year has been lost, and all there is for farmers to do is pray
for rain for the second harvest. There are reports from communities in the
south of the country that the situation is very, very critical. Until the
second harvest is brought in at the end of the year, the situation could
become worse."

Experts say this could turn into the worst drought in the region since the
weather phenomenon known as El Nino wreaked havoc on the 1997 basic
grain harvests, leaving thousands destitute.

Officials at the United Nations' World Food Programme (WFP) estimate that
as many as 610,000 people in Honduras, Nicaragua, El Salvador and
Guatemala are already short of food because lack of rain has made corn and
bean crops fail. That figure could soon top 1m.

The WFP issued an international appeal for aid on July 15. "The first
thing is to raise awareness," Francisco Roque Castro, the WFP's regional
director for Latin America, said. "This is a recurrent phenomenon which
will continue affecting the most vulnerable families."

This week the government in Honduras - the country worst hit by the
two-month drought - declared a state of emergency in eight provinces,
where more than 300,000 small holdings have lost almost all their staple
crops. The WFP has begun sending emergency provisions, but admitted
being overwhelmed by the scale of the shortages. With its current
resources, according to a WFP statement, "only 7% of the food needs" in
Honduras can be met.

The six-month-long rainy season usually begins in late May, when tens of
thousands of poor subsistence farmers across Central America plant their
yearly crop of corn and beans, which is meant to feed their families
through the December-April summer.

The grains are normally harvested in August, when some farmers plant a
second crop, depending on whether they can obtain credit at the bank for
seeds and fertilisers.

There is often a short dry spell, known as the canicula, at this time of
year, but aid workers say that farmers and governments have been taken by
surprise by the severity of the current droughts.

In El Salvador, agricultural ministry officials have begun distributing
seeds to about 20,000 farmers, mostly in the arid eastern region of the
country where it has not rained properly since late May. Many families say
that they have only been able to stave off disaster because of the steady
flow of dollars sent by relatives working in the US.

In Nicaragua, where the government has resisted farmers' demands to call a
state of emergency because of the drought, the crisis has been
compounded by the collapse of several major coffee farms. Depressed world
commodity prices and heavy bank debts have meant that plantation
owners have laid off thousands of seasonal pickers.

Aid workers are warning that by the end of the month there will be almost
3,000 destitute plantation workers living rough around the town of
Matagalpa, in the heart of Nicaragua's coffee-growing region. Lucy Hayes,
of the Irish charity Trocaire, said: "On top of the coffee disaster, the
poor people are being doubly hit by the drought."

Central America's rural population often faces disaster. In 1998, floods
caused by Hurricane Mitch left more than 10,000 dead and caused damage
costing millions across the region. Doug Ryan, who was in charge of the
Catholic Relief Service's efforts in previous emergencies, said: "This has
taken on almost Biblical dimensions: the same people are being subjected
[to this] year after year."

Guardian Unlimited © Guardian Newspapers Limited 2001
>>>>>>>
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST