Re: Er den etniske nasjonalismen progressiv?

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 02-07-01


Sjølv om Johansen ikkje kan dy seg for å koma med nokre sleivspark att,
hoppar eg over det. Men denne debatten han tek opp, debatten om
nasjonalismen og dermed om nasjonen, er faktisk interessant, og det på
fleire måtar. Johansen blandar ting i hop, og hoppar lettvint over visse
aspekt.

Det fekk meg til å tenkje på leiarartikkelen som redaktør Philippe Val
(ein av grunnleggjarane av Attac) skreiv i siste nummer av Charlie Hebdo
(fransk satirisk vekeavis). Eg omsette like godt heile leiaren. Charlie
Hebdo har ikkje eiga vevside, sjølv om ein finn mykje av stoffet i avisa
lagt ut andre stader. Philippe Val fekk seg e-postadresse nokså nyleg, og
ei eiga vevside kjem vel med tid og stunder:

<<<<<<<
"Sankt Milosevic, skodespelar og martyr"

Nasjonen... i historia til menneskeslekta er to hundreår berre eit
sekund... Tek ein eit steg attende og eit overblikk på avstand, er den
franske revolusjonen heilt ny, dvs. han gjekk føre seg i går.
Og Gay-Pride, den europeiske konstruksjonen, retten til abort,
reduksjonen av arbeidstida, dei faglege rettane, og alt
det andre som frigjer individet frå ei eineveldig makt som i sitt innerste
vesen var spirituelt, er på sett og vis eit resultat av av denne
historiske passasjen frå kongeleg vellevnad til republikansk rett. I
byrjinga var det aktuelle omgrepet "nasjon" altså knytt til denne
fundamentale venstreideen: eit område der menneska blir fødde frie og med
like rettar.

I eit univers der makta blei utførd på vegne av Gud, var det i byjinga
snakk om å avgrense eit område - Frankrike - der makta uttrykte og
gjennomførte den kollektive viljen. Historia til Republikken er
uoppløyseleg knytt til historia til venstresida. Og liksom det i Frankrike
er eit grunnleggjande band mellom nasjonen og Republikken, kan ein seia at
nasjonen i byrjinga var ein venstreidé. Ein politisk idé som også utvikla
seg mot despotiet som rådde hjå dei andre. Men utan å slå seg saman mot
dei europeiske kongehusa, for å unngå at det franske folket blei eit
dårleg eksempel for undersåttane i nabolanda. Historia fekk ein dårleg
vri, som me veit, fordi ho enda med dei napoleonske slakteria og Waterloo.
Stort sett var det slik. Eg veit at det eigentleg er meir komplisert, men
ettersom dette ikkje er temaet her, berre ei rask innleiing, hoppar eg
over fleire kapitel...

Etter 1870 glei omgrepet nasjon, direkte blanda saman med omgrepet
patriotisme, i retning av ytre høgre. Patriotismen blanda seg med
nasjonalismen, og språket blei forvirrande. Nasjonen, som tidlegare var
berar av universelle rettar, fekk brått eit innhald som hadde med
kjærleiken til røtene å gjera, jorda der ein var fødd, opphavet, ja, til
og med det rasereine... Og krigen i 1914-18 var resultatet av denne
utglidinga i tydinga av ordet nasjon. Deretter blei ordet tvetydig. De
Gaulle freista, på meir eller mindre truverdig vis, å gjenreise noko av
det opphavlege innhaldet ved å seia at patriotisme er kjærleik til
fedrelandet, medan nasjonalisme er hat retta mot dei andre, mot naboen.

Same korleis ein snur og vender på det, vil nasjonen i dag seia fleire
motsette ting, ting som også ekskluderer kvandre. Og ei heil poltisk
rørsle som ein kallar suverenisme, til venstre som til høgre, skaper på
meir eller mindre perverst vis ei språkforvirring...
Merkeleg nok blir nasjonen mesteparten av tida halden fram for å formidle
det mest reaksjonære innhaldet. Og på ein nokså usamanhengande måte. Lat
oss til dømes sjå nærare på reaksjonen til suverenistane då krigane byrja
i Jugoslavia. Sjølv om dei ikkje openlyst har støtta Milosevic, har dei
stort sett svært så standhaftig vore proserbiske sidan byrjinga av
konflikten, dvs. frå det tidspunktet Slovenia gjekk ut av føderasjonen,
like til krigen i Kosovo. Dersom ein går attende til den revolusjonære
idéen om nasjonen, er det merkeleg, for i byrjinga avgrensa nasjonen eit
område der individa hadde ufråvikelege og urokkelege rettar. Det var
såleis med gode grunnar at bosniarane og kosovarane - som berre hadde
retten til å la seg audmjuke, bli arrestert, banka, myrda, deportert,
valdteken - ville bli innbyggjarar i eit politisk område som garanterer
eit liv i tryggleik. Kva er det så suverenistane kan vise til når dei
stiller seg fiendleg til desse krava, og er motstandarar av den
internasjonale hjelpa som kom - så seint så seint, altfor seint, etter at
tohundreogfemtitusen menneske var døde? Det er nettopp denne omveltinga av
innhaldet i ordet nasjon.

Nasjonen, ei politisk eining som skulle garantere retten til folket, hadde
i mellomtida blitt ei eining som garanterte tryggleiken og straffefridomen
til dei styrande. Frå legitimiteten til suverene innbyggjarar, har ein
gått over til legitimiteten til eit suverent regime. Frå å vera eit vern
for innbyggjarane er nasjonen blitt eit vern for diktatorar - anten dei er
kinesiske, russiske, serbiske, irakske - på ein måte som gjer at dei
ustraffa kan gå fram som dei vil innanfor grensene sine. Og denne
omveltinga ser ikkje ut til å uroe suverenistane eit sekund. Dei ser utan
tvil på dette språklege omslaget som ein historisk detalj. Den nasjonale
suvereniteten, som i utgangspunktet skulle hindre tradisjonalistiske og
eineveldige krefter å velte ein republikk med demokratisk innretting, har
blitt eit prinsipp som har som mål å legitimere nasjonale styresmakter
same kor uhyrlege former desse kan ha.

Ein må seia og repetere at det handlar om to ting, to suverenitetar
med heilt forskjellig innhald, som fortener at det i det minste finst to
forskjellige ord. Her ser ein nok ein gong korleis eit upresist spåk gjer
menneska forvirra, og gjer at dei vel feilaktige vegar når dei vil
tilfredsstille ynskjet om oppnå lykke og velvære. Det reaksjonære omgrepet
av nasjonen er fylt til randa av "statlege omsyn", noko ein (til dei
grader) veit har ført til svært få eksempel på menneskeverdig liv og
framgang. I motsetnad til dette står sytten- og attenhundretalsomgrepet om
nasjonen som fordrar like sjansar og like rettar for individa. Når dei
antieuropeiske i dag held fram nasjonen som "det einaste systemet som kan
forsvare dei kollektive rettane mot den ultraliberale globaliseringa", tek
dei ikkje heilt feil. Men for dei fleste av dei er nasjonen eit
ufråvikeleg omgrep, noko som ikkje kan forbigåast, og dette er sjølvsagt
ei heilt uforsvarleg haldning. Framtida er nettopp knytt til internasjonal
rett og konstitueringa av politisk makt som garanterer og krev demokrati
og tryggleik for innbyggjarane i heile verda - verdsborgarane om ein vil.
Ein kan ikkje lenger tenkje seg verda frå ein ståstad knytt til det
administrative eller tradisjonelle territoriet. Historia sin gang tvingar
ein no til å tenkje seg verda frå ein universell, eller verdsomspennande
ståstad. Og den europeiske konstruksjonen er, trass i uenektelege feilsteg
og knefallet for marknadskreftene, eit første steg på vegen mot ei slik
utviding av perspektivet. Europa er ikkje berre ein marknad, det er også
ein idé. Og ein nokså god idé. Dei som fornektar idéane si makt, fornektar
også sjølve mennesket, for det eksisterer berre slik det er fordi det har
idéar.

Det blir sagt at det var pengeutpressing som fekk den jugoslaviske
regjeringa til å bestemme seg for å skrive under på eit dekret som gjorde
utleveringa av Milosevic mogleg. Men det er også, same kva ein seier,
fleirtalet av opinionen som var i favør av å stille Milosevic for den
internasjonale domstolen i Haag. Og eit siste lite fait divers. I april
fann ein like ved Beograd i elva Donau ein frysebil med kadavra til 78
kosovoalbanarar. Å vilja døme Milosevic for pengeunderslag er sjølvsagt
ein vits. Å meine at multipliseringa av nye nasjonar ikkje er eit steg i
retning av generell framgang for freden i verda, er ikkje absurd. Men i
første omgang finst det knapt andre løysingar, når innbyggjarane i desse
områda blir handsama utan omsyn til fundamentale rettar. Suverenistane er
paradoksalt nok ikkje samde i dette, ettersom dei heile tida hyllar
nasjonen, samstundes som dei nektar nytteverdien av denne for dei som
treng det mest! Deretter, når freden og demokratiet er gjenoppretta på
varig vis, kan folka slå seg saman, lata grensene falle og byggje store,
solidariske, demokratiske og pasifistiske konføderasjonar. Nok ein gong er
suverenistane paradoksalt nok motstandarar, for rettferdiggjeringa av
nasjonen er garantien for fred og rettar for alle... Når ein er komen dit,
kan ein tenkje seg eit politisk område som er større og slik kan alle land
i verda gradvis bli samde om å respektere ei grunnleggjande felles lov.

Og dette byrjar med den internasjonale domstolen i Haag. Milosevic bør
dømast ikkje berre i namnet til Serbia, men i namnet til menneskeslekta,
for dei krigane han utløyste og dei ugjerningane som blei gjort. Kjem me
til å sjå å sjå alle forsvararane av Milosevic dra på pilgrimsferd til
Nederland for å vera med på å stable på beina forsvaret hans? Høgresida
til Pasqua, venstresida til Chévenement og nokre kameratar frå ytre
venstresida som tek konsekvensen av idéane sine, og demonstrerer framom
rettslokalet for å ta avstand frå den mondialistiske innblandinga i sakene
til ein liten suveren nasjon? Med TGV tek det no berre tre timar å koma
seg til Haag. Ein kan koma seg heim att same kvelden.
>>>>>>>
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST