Re: Gøteborg -- tragisk utvikling

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 16-06-01


Sam 16 juin 2001 02:18:17 +0200
Mathias Bismo <mathias.bismo@student.uib.no> a écrit:

> Enig med Andresen i at den lille gruppen demonstranter som benytter seg
> av ymse former for vold er nyttige idioter for EU. Men spørsmålet er om
> det er mulig å tenke seg denne typen demonstrasjoner uten vold, og
> eventuelt hvordan?

Det er ikkje så vanskeleg å ta avstand frå blind vald og vandalisme,
men all vald er ikkje blind. I Gøteborg har sjølvsagt ikkje kampen det
same perspektivet som det har i Gaza og Alger t.d., eller i Paris, London
og Los Angeles, for den saks skuld.

Og så må ein ikkje gløyme at maktapparatet og politimakta i slike
situasjonar har ein tendens til å provosere fram konfrontasjonar. Dette
har nok ein gong vist seg effektivt. Nok ein gong har ein klart å avspore
debatten, og å hisse opp ein kraftig "opinion" som støttar makta mot
"demonstrantane" (jf "meiningsmålingar" som sjølvsagt øyeblikkeleg kjem på
trykk).

Politiet er blitt kritisert for arbeidsmetodane, m.a. av utanlandske
journalistar:

> En journalist undrade då om det var bra
> arbetsmetoder när poliser bli så desperata att de
> använder skjutvapen och kastar stenar tillbaka mot
> demonstranterna.

http://tv4.se/nyheterna/visa.asp?id=184349&kategori=INRIKES&cna=news#
http://sweden.indymedia.org/front.php3?article_id=467
http://www.aftonbladet.se/vss/nyheter/story/0,2789,66223,00.html

sjå også: http://afp.liberation.com/afp/mon/010616085634.ts63q20g.html

Eg har vore vitne til slike situasjonar fleire gonger, m.a. som fotograf
ved fleire store demonstrasjonar i Paris på 1980- og 90-talet. Med fleire
hundre tusen deltakarar, av og til opp mot ein million, nytta sjølvsagt
meir eller mindre organiserte grupper høvet til å uttrykke seg. Dette
kunne vera forskjellige "autonome" grupper, eller forstadsungdom som kom
inn til sentrum for å hemne seg, eller for å vise si avmakt.

Til vanleg var politiet (CRS og gendarmerie mobile) relativt disiplinerte,
men visse høgreekstreme element nytta høvet til å ta att meir enn
"nødvendig". Mange hugsar kanskje studenten Malik Oussekine som blei slått
i hel av gendarmar etter ein studentdemonstrasjon.

Det er blitt ein "uunngåeleg" del av store demonstrasjonar. Det einaste
middelet arrangørane av fredelege protestmarsjar har, er eit massivt
ordensvern, for å unngå at det skjer overtramp med utgangspunkt i
hovuddemonstrasjonen. Demagogien om "ansvaret" for eventuelle overtramp
andre stader blir vanskelegare då.

> Litt om de siste ryktene fra Göteborg: To demonstranter og en journalist
> er skutt, i følge ubekreftede rykter fra http://indymedia.org skal den
> ene av demonstrantene være død. Snuten hevder at demonstrantene begynte
> å skyte, og at de skjøt i selvforsvar.

Eg er ikkje så viss på om det blei skote frå demonstrantane si side. Ser
ein på denne att:
http://www.aftonbladet.se/vss/nyheter/story/0,2789,66223,00.html ser ein
at det kanskje handlar om ein disproporsjonert replikk frå "polisen" si
side. Som eit vitne (ei 50 år gamal kvinne som såg konfrontasjonane
fredag) sa til AFP: "Eg forstår ikkje kvifor dei går fram på denne måten.
Alt er fredeleg når dei (politiet) ikkje er her, men straks dei kjem,
syrnar det": http://afp.liberation.com/afp/mon/010616085634.ts63q20g.html

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST