Re: Gøteborg -- tragisk utvikling

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 16-06-01


Det er kome fram at pressefolk blei filtrerte før hendingane i Gøteborg,
liksom journalistar frå fleire franske aviser (Libération, Le Figaro og
France Soir) nyleg blei nekta innreisevisum til Algerie. Sjølv i "den
nordiske modellen" blir altså pressefolk skvisa, som denne fotografen frå
Independent Media Center:
http://sweden.indymedia.org/front.php3?article_id=873&group=webcast

Slikt skjedde også under Summit of the Americas, Québec i april:
http://www.rabble.ca/why_dont_you_take_a_picture.html

Det har skjedd haugevis av gonger tidlegare, mange stader. Det er slike
ting ein må fokusere på når makta freistar å snu på flisa. Og så sjølvsagt
det viktigaste av alt: den enorme og permanente vald som utbyttinga og
undertrykkjinga av dei fleste landa i verda utgjer.

Kva er denne helga i Gøteborg samanlikna med dagleglivet til milliardar av
menneske som må krype, li og leve i avmakt for at ein liten klikk skal
kunna halde fram med å leve som i Valhall, utan grenser, utan skjendsel,
utan sideblikk?

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST