Kulturradikale journalistar (var Re: Empiri fra blant annet USA... - skivebom!)

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 10-06-01


Sam 9 juin 2001 20:21:33 +0200
jonivar skullerud <jonivar@bigfoot.com> a écrit:

> Altså: Aarebrot har påvist at de fleste journalister stemmer Ap, SV
> eller RV. Dette er en vanlig (løs) definisjon av «venstresida». Om
> Oddmund Garvik vil betvile dette, får han prøve å vise hvordan
> Aarebrots tall er feil. «Eg har inga tru på at...» er ikke et
> argument.

Det har du rett i, men det var ikkje nett det som var poenget. Om du ser
nærare etter, ser du at eg skreiv meir enn dette. Poenget er ikkje å dra i
tvil arbeidsmetodane til Aarebrot, eller dei tala han legg fram. Poenget
er at det ikkje er så interessant å gå laus på spørsmålet på den måten
Aarebrot og Opinion har gjort.

Hovudpoenget mitt var at ein ikkje ser spor av denne eventuelle
"venstresida" i avisspaltene. Eg skreiv:

> > Anten let dei seg kneble, og held fram som kollaboratørar i
> > propandamaskina fordi dei "treng" ein jobb, eit levebrød.
> > Eller så har dei teke spranget og konvertert seg til den rådande
> > religionen. Det er ille same korleis det er.

Du skreiv:
> Jeg er da heller ikke så veldig overrasket. Jeg tror de fleste
> journalister, både i Norge og i mange andre vestlige land, tilhører
> det man kanskje best kan betegne som det kulturradikale venstre. De
> er for alle de sosialliberale sakene som venstresida tradisjonelt har
> kjempet for (flåsete sagt: mot prester, men for kvinnelige og homofile
> prester). De er for miljøvern og generelt for sosial rettferdighet og
> for å hjelpe fattige folk i fattige land. Mange har nok også en slags
> «stammetilknytning» til venstresida, og anser sånn løst sett
> «venstresida» som «våre folk» og «høyresida» som «de andre» og sogar
> «fienden». De liker Stoltenberg og Halvorsen og Aslak Sira Myhre, og
> misliker Jan Petersen og Høyre -- men mer enn noe kan de ikke fordra
> KrF og Sp.

Men dette er heilt uinteressant, når desse same "venstreradikale"
journalistane samstundes er lojale i propagandafunksjonen. Er dei verkeleg
venstreradikale, blir det i så fall ein scizofren situasjon. Ingen med
friskt sinn kan leva med slikt i lengda. Til slutt må ein gjera eit val.
Det ville vera meir interessant å forske på korleis og kvifor dette valet
så eintydig går i ei lei.

Eg skal ikkje uttale meg om motivasjonen bak undersøkjinga til Aarebrot og
Opinion, men ser ein på måten han fungerer på, byrjar ein å lure på kven
som står bak. Kvifor er det interessant å få fram at 60 prosent av
journalistane tilhøyrer "venstresida", når den norske pressa til dei
grader representerer det motsette av "venstresida" sine verdiar? Sjølvsagt
er det ikkje slik at den norske pressa er 60 % venstrevridd! Og då er ein
like langt. Avisene har fått nok eit narcissistisk tema å skrive om, og
populistane har fått vatn på mølla. No kan Hagen leggje fram tal neste
gong han går laus på "lite troverdige journalister".
 
> Men det ligger ofte ikke noe særlig gjennomtenkt holdning bak dette,
> og de identifiserer seg kanskje mer enn noe med det «moderne» og
> individets frihet som går hånd i hånd med kulturradikalismen. Dermed
> har de ingen motforestillinger mot Stoltenberg &cos privatiseringsiver
> og har bare avsky for «museumsvoktere» og «konservative krefter», som
> Blair kaller dem, som vil ivareta klassiske sosialdemokratiske
> idealer.
>
> Det er derfor det er ikke så veldig relevant hva for et parti de
> stemmer på -- det som er relevant er holdningene i en lang rekke
> enkeltsaker og generelt samfunnssyn. Jeg synes Journalistlag-lederens
> poeng var vesentlig, at det spiller mer rolle at han er syklist og
> småbarnsfar. Snakk om «venstresida» er mer tilslørende enn noe.

Dette er greitt nok, men heilt underordna. Forandrar det noko på
situasjonen om ein journalist i dei store og dominerande riks- og
regionsavisene, liksom dei fleste på eit eller anna tidspunkt, er
småbarnsforeldre? Eller om han syklar til jobben (fordi det er mogleg,
meir praktisk, raskare)? Forandrar det noko i det heile teke om han
tilhøyrer den "moderne venstresida"? (til Fossen?) Ja, forandrar det noko
i det heile teke om han syklar fordi han vil forureine mindre, om han
samstundes tek fly over lange avstandar, i jobben, eller privat? Forandrar
det noko i det heile teke om han har skjegg og ullsokkar, buserull og
alpelue? Dette er berre klisjear, og det forandrar ingenting når han
nyttar minst ein tredjedel av tida si til å kausjonere systemet - sørgje
for propagandaen og hjernevasken. Sørgje for seansane av hypnose som gjer
at "folket" klagar minst mogleg og ikkje ser "farlege" samanhengar, og
finn på å stille "farlege krav. Etablissementet gir pokker i utsjånad og
veremåte så lenge den tilsette journalisten er lojal og "dyktig" i jobben
sin. Dette kan utvidast til mange yrkesgrupper, for det finst slike
"kulturradikale" mest overalt i samfunnsmaskineriet.

Sandkorna, dei som ikkje føyer seg, som ikkje er viljuge til å å på akkord
med seg sjølve og det dei står for, blir rydda ut, jaga, oversett, av
og til truga til å teie. Dei blir bannlyste. Får yrkesforbod. Nokre få
journalistar finn ein plass i små, marginale aviser der det framleis er
mogleg å skrive det ein vil. Nokre klarer å skape seg lommer av fridom i
forskjellige media, fordi dei er eksepsjonelle, og fordi etablissementet i
vesten godt kan tåle slikt. Dei andre må sjå seg om etter andre løysingar,
og tåle den tærande fattigdomen enda dei har talent, erfaringar og meir å
fara med enn dei fleste.

Det er dette som er røyndomen, og som er verd å leggje merke til. Det er
knekkande likegyldig og fullstendig uinteressant å få vita kva
kollaboratørane tenkjer og meiner på kammerset, og kva dei stemmer kvart
4, 5, 6, år.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST