Re: Re: Empiri fra blant annet USA... - skivebom!

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 08-06-01


Ven 08 juin 2001 22:29:54 +0200
Mathias Bismo <mathias.bismo@student.uib.no> a écrit:

> > Eg har inga tru på at fleirtalet av journalistane tilhøyrer
> > venstresida.
>
> Kommer an på hvordan venstresiden defineres. Men både RV og SV har
> høyere oppslutning blant journalister enn i folket som helhet. Til og
> med Per Ståle Lønning kaller seg "en slags sosialist".

Eg drakk ofte øl på Holbergstuen saman med Lønning og nokre andre
framstormande journalistar for rundt 30 år sidan. Lønning var
redaksjonssekretær i Gula Tidend i Bergen, men sosialist var han korkje
den gongen, eller seinare. Nei, han såg stivt på vegen som låg framfor seg
og blanda seg ikkje bort i kontroversiell politikk.

Andre folk frå den tida er blitt stjernereportarar i nrk - eg høyrer
stemmene deira i radioen av og til på mørke vinterkveldar. Eg arbeidde i
lag med ein av desse på det store nybygget på Haukeland Sjukehus på
slutten av 70-talet. Han var jernbindar, eg var tømmermann. I løynd var me
saman med eit titals andre "proletariserte" studentar frå "Leninhøyden",
og medlemmer av det same partilaget i AKP.

Om det er slike bakgrunnar, eller fortider Aarebrot tenkjer på når han vil
ha oss til å tru at det norske journalistkorpset hovudsakeleg er
venstrevridd, ser han ikkje holet i båten. Visst finst det eks-AKParar,
eks-SVarar, eks-NKParar osb. i den norske mediaverda, men ein ser ikkje
spor av dei i innhaldet. Anten let dei seg kneble, og held fram som
kollaboratørar i propandamaskina fordi dei "treng" ein jobb, eit levebrød.
Eller så har dei teke spranget og konvertert seg til den rådande
religionen. Det er ille same korleis det er.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST