Re: Fwd: Boikott Office XP!

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 01-06-01


Jeu 31 mai 2001 20:35:58 +0200
"Magnus Bernhardsen" <magnus.bernhardsen@nm.no> a écrit:

> - Bokmålsbrukarane har no fått eit godt hjelpemiddel som dei som skriv
> nynorsk ikkje får tilgjenge til. Det gjeld både nynorskfolk og
> bokmålsfolk som skal skriva nynorsk, til dømes stil i sidemål, seier
> Hoel. Noregs Mållag har heilt mist trua på at Microsoft sjølv vil gjera
> noko med saka.

Om Mållaget har mist trua, får dei heller gå inn for boikott av heile
Microsoft-systemet. Det finst mange andre og betre grunnar til å boikotte
denne pengemaskina og utsugaren enn at det manglar nynorsk
grammatikkontroll.

Eg er vel ingen utprega målmann, heller ikkje tilhengar av stave- og
grammatikkontroll. Eg tykkjer det går like greitt å lesa gjennom ein tekst
2-3 gonger. Skulle det snike seg inn ein og annan flei fordi ein var
trøytt, eller hadde drukke for mykje vin den kvelden, er det vel ikkje så
farleg så lenge språket er flytande og leseleg. Syntaksfeil og dårleg stil
kan ikkje ryddast ut med programvare, og då er ein like langt.

Problemet med automatisering og "lettvinte" løysingar er at hjernen og
sjela sluttar å fungere etter kvart. Og det er vel det dei vil dei som sit
med usynlege trådar og bestemmer over livet til milliardar av menneske.
Ein skal helst avgrense seg til ein eksistens som hovudlaus konsument der
det er noko å konsumere, der "markedet" rår. Dei som ikkje kan vera på å
auke profitten, blir gløymt. Dei treng korkje stavekontroll, eller eigne
(program)varer. Dei får kanonar og korrupte "leiarar" til å drepa
kvarandre med.

Ein må freista å halda proporsjonane nokolunne på plass, elles blir ein
sjølvoppteken. Skal ein på død og liv ha nynorsk på datamaskina si, finst
det løysingar. Grensesnittet KDE http://www.kde.org/ t.d. er omsett til
bortimot 50 språk, for det meste nordlege:
http://www.linux-mandrake.com/en/72/index.php3?cd=installpwp&s=KByName

Linux-Mandrake http://www.linux-mandrake.com/sv/ har til og med
installasjonsprogram på nynorsk, om eg ikkje tek feil, og dette systemet
er vel så bra som Windows, langt meir stabilt og fleksibelt, med ei mengd
grensesnitt å velja mellom. Og så er det gratis (i GPL-versjonen = GNU
General Public License http://www.gnu.org/copyleft/gpl.html og fransk...

Eit slikt system fungerer heilt perfekt, til all slags arbeid. På
internett er det enda betre, og det ER IKKJE slik at ein TRENG
M$-Office som mange hevdar, og gjentar i det uendelege. Det er tragisk å
sjå kor enorm dominans Microsoft-systemet har i Noreg. Her til lands går
det sakte men sikkert i motsett lei. Både statsadministrasjonen og
skuleverket går over til Open Source programvare. Det minste ein kan gjera
som radikalt menneske er å velja løysingar i tråd med det ein tenkjer,
anten det gjeld transportmiddel, energi eller datateknologi.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST