Fwd: Boikott Office XP!

From: Magnus Bernhardsen (magnus.bernhardsen@nm.no)
Date: 31-05-01


A propos dei antimonopolistiske innlegga på forumet nyleg:

*********** Vidaresendt melding ***********
Den 31.05.01 klokka 20:17 skreiv Oddmund Hoel <oddmund.hoel@nm.no> :

Noregs Mållag har i dag sendt ut pressemeldinga nedanfor.

NOREGS MÅLLAG BED STATEN BOIKOTTA OFFICE XP
http://www.nm.no//side.cfm/1660/32547
Pressemelding. 31.05.01. - Dette er det grøvste åtaket på nynorsken
frå Microsoft så langt. No må staten vakna og nekta å kjøpa
Office XP før ein nynorsk grammatikkontroll er på plass, seier leiar i
Noregs Mållag Oddmund Løkensgard Hoel. Microsoft lanserte 31. mai den
nye Office-versjonen sin med grammatikkontroll berre for bokmål.

- Vi bed regjeringa handla raskt og gjera det klart for heile den
offentlege sektoren, både statsforvaltning, fylke, kommunar og skular, at
dei ikkje skal kjøpa inn Office XP før det er utvikla grammatikkontroll
for nynorsk. No er det på tide at det offentlege byrjar å bruka den
store forbrukarmakta si. Dette er prøvesteinen på om det ligg nokon
vilje bak dei fagre politikarorda om språkleg jamstelling på IT-feltet,
seier Hoel.

- Bokmålsbrukarane har no fått eit godt hjelpemiddel som dei som skriv
nynorsk ikkje får tilgjenge til. Det gjeld både nynorskfolk og
bokmålsfolk som skal skriva nynorsk, til dømes stil i sidemål, seier
Hoel.
Noregs Mållag har heilt mist trua på at Microsoft sjølv vil gjera
noko med saka.
- Kvar gong vi har teke opp mangelen på tilbod for ein halv million
nynorskbrukarar og 25% av alle norske kommunar, har det vore som å stanga
hovudet i veggen. Regjeringa kan ikkje lenger sitja roleg og sjå på at
Microsoft arrogant misbrukar monopolet sitt på ein måte som har svært
uheldige verknader for norsk språkpolitikk, seier Hoel.

Noregs Mållag bed òg regjeringa innføra generelle innkjøpskrav for
offentleg sektor som sikrar at all vanleg programvare som vert kjøpt inn
av det offentlege må liggja føre både på bokmål og nynorsk.

- Office-saka vert ikkje betre av at den språkteknologiske
grunnteknologien alt er utvikla for nynorsk. Microsoft hadde sjansen, men
valde å kjøpa inn berre bokmålsversjonen, seier Hoel.

Grammatikkontrollen er utvikla av det finske språkteknologfirmaet
Lingsoft i samarbeid med Universitetet i Oslo. Ein grammatikkontroll er
meir avansert enn ein stavekontroll og rettar feil som "og/å" og "den
eplet".

For meir informasjon: Leiar i Noregs Mållag, Oddmund Hoel, 57 68 66 18
eller 970 21 194.



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST