Re: EUs politiske tilstand

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: Mon Oct 09 2000 - 11:13:06 MET DST

  • Next message: Magnus Marsdal: "19. OKTOBER"

    Karsten Johansen a écrit :
    >
    > Hvis man ønsker et eksempel på EUs politiske tilstand er det interessant å
    > kikke nærmere på situasjonen i et land med et av de mest fanatiske EU-
    > begeistrede establishments: Belgia.
    >
    > Hvordan kan det være at det sterkeste fascistiske parti i dagens Europa
    > feirer så store triumfer netopp i dette landet?

    Dette er sjølvsagt eit klassisk eksempel på demagogi. Framgangen til det
    flamske ytre høgrepartiet ved lokalvalet i Anvers (Antwerpen) kan
    sjølvsagt ikkje brukast til å trekkje lettvinte og tabloide konklusjonar
    om "EUs politiske tilstand". Denne framgangen er urovekkjande, men var
    venta. Me har sett, og vil nok sjå fleire resultat av den
    høgrepopulistiske bølgja som feiar over Europa. Er det fordi eliten
    monopoliserer makta? Er det fordi det politisk korrekte borgarskapet
    freistar å halde fascistane "utanfor"? Er det fordi breie alliansar av
    demokratar strittar mot den brune vinden?

    Skulle ein nytta den same argumentasjonen som m.a. Johansen nytta i høve
    til Frp sin framgang i Noreg, må ein kanskje leggje til at 90% av
    belgiarane stemte mot det ekstreme høgre, 66% i Anvers...

    Vlaams Blok baserer framgangen sin på klassiske tema frå det
    nyfascistiske repertoiret: misnøye med innvandringa (innvandrarar som
    syndebukkar) og spørsmålet om "tryggleik" rive ut av den sosiale
    samanhengen. I tillegg spelar Vlaams Blok på historiske og kulturelle
    motsetnader som er spesifikke for Belgia. Det er det einaste
    opposisjonspartiet, og samlar alle som er "misnøgde". Dei mobiliserer
    folk under parola om at Flandern overfører for mykje pengar til Vallonia
    (den fransktalande delen av Belgia). Flandern er sidan starten på
    hundreåret styrt av dei same partia, og Vlaams Blok har sjølvsagt eit
    lett spel, liksom dei andre høgrepopulistane i Europa.

    > Det har sikkert kompliserte historiske forklaringer, men mye ligger
    > utvilsomt i den falskheten som er karakteristisk for den elitære
    > "internasjonalismen" til multinasjonale karrieremakere fra samfunnets
    > øverste skikt. De har sitt på det tørre og gjør det lett for seg når de
    > moraliserer over den stedbundne underklassens rasisme. Deres egen
    > "antirasisme" er like lettbeint, hul og uforpliktende, som den er praktisk
    > når billig arbeidskraft skal hyres til det ene eller det andre. Det vanlige
    > mennesker opplever er arbeidsløsheten og fattigdommen, tildekket med fagre
    > ord.

    Vel, Bruxelles er sentrum for fleire internasjoanale organisasjonar. Det
    er sjølvsagt lett å spele på kontrasten mellom livsstil og
    funksjonsmåtar i desse miljøa som til dels er resultatet av "etiquette"
    og funksjonsmåten til det internasjonale diplomatiet. Ein finn
    tilsvarande kontrastar i New York t.d. Men slike fenomen er berre
    symtom. Årsakene til arbeidsløysa og fattigdomen i lag av folket ligg
    sjølvsagt heilt andre stader.

    Og ja, deler av arbeidarklassen og folket er smålege, korttenkte og
    rasistiske, men dette er også berre symptom. Skulle det vera tabu?
    Skulle ein ikkje nemne det? Skulle ein helst oversjå det? Stakkars folk
    - dei er jo arbeidslause og fattige!

    Eg budde 13-14 år i den multikulturelle storbyen Paris. Eg var stadig
    vekk stilt ovanfor det "folkelege opprøret" som Front National svinga
    seg opp på i Mitterand-epoken på 80- og byrjinga av 90-talet. Var det
    "lettbeint" og "moraliserande" å ta avstand frå dette, same kor
    "forståelege" desse reaksjonane blei hevda å vera? Eg trur ikkje det. På
    kva slag måte var det verre for ein "arbeidar" som stemte Front National
    og slo om seg med den billege demagogien til Le Pen, enn for meg, og
    andre som ikkje let seg forføre av brune idear? Eg og andre var både
    arbeidslause og fattige. Alors?

    Kor langt skal ein strekke seg i "forståing" for dei deler av
    arbeidarklassen og folket som ved neste stortingsval kjem til å stemme
    på Frp? Skal ein feie dette under matta? Berre skulde på den dårlege
    politikken og talentløysa til eliten i dei andre partia? Freista å
    skumme kremen av "misnøya" ved å fiske i urørt vatn, med populistiske
    parolar og "populære" forslag? Det ville vera slutten på ei oppegåande
    venstreside.

    > Og den dagen det virkelig røyner på for kapitalismen igjen kommer vi til å
    > merke hvor upålitelig "antifascismen" til den "internasjonale" overklassen
    > er.

    Det er mogleg du har rett i det. Men kva så? Det er ikkje antifascismen,
    evt. antirasismen til funksjonærar i det internasjonale diplomatiet og
    byråkratiet som opptek oss og som pregar motstandsrørsla. Dette er berre
    eit billeg poeng - ei form for venstrepopulisme som sjølvsagt ikkje har
    noko som helst med venstrepolitikk å gjera.

    Skal venstresida i Noreg, Belgia og andre land som er truga av det
    galopperande idiotiet og returen til stammesamfunnet overleve, må ho stå
    fram med klåre analysar og standpunkt, og ikkje la seg freista av
    "folkelege" kampanjar og lettvinte løysingar. Vera tålmodige, bruke meir
    tid på å forkåre (evt. krangle) enn på å "forstå", for det er her det
    sviktar.

    Oddmund Garvik
     
    ______________________________________________________________________________
    Vous avez un site perso ?
    2 millions de francs à gagner sur i(france) !
    Webmasters : ZE CONCOURS ! http://www.ifrance.com/_reloc/concours.emailif



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Mon Oct 09 2000 - 11:31:01 MET DST