Re: Krigen mot Jugoslavia fortset.

From: asgeirbj@student.sv.uio.no
Date: Thu Oct 05 2000 - 21:13:45 MET DST

  • Next message: jonivar skullerud: "Re: Rolness: Offerfeminisme med et skjeggete ansikt..."

    Det som foregår er formelt ett kuppforsøk, men om det i praksis er forventa
    å lukkast er eit anna spørsmål. Dei vestlege bakmennene vil vel kunne vere
    vel så fornøgde med at opprøret blir slått ned og Milosevics diktatorimage
    blir styrka. Blir lettare å intervenere då. Eg er ikkje oppdatert på ferske
    nyheter frå TV/radio, og det kan hende dette er gamle nyheter for dei
    fleste på kk-forum, men eg postar det likevel.

    CNN-norge melder at Kostunica innkallar parlamentet, eller rettare sagt
    utvalgte deler av parlamentsmedlemmene, tilmøte i kveld sånn ca akkurat no:

    http://cnn.no/VERDEN/Europa/0010/05/4316226.html

    "CNN -- BEOGRAD -- Vojislav Kostunica kalte sammen de nyvalgte medlemmene
    av nasjonalforsamlingen torsdag kveld, melder radiostasjonen B2-92.

    Kostunica inkluderte sitt eget parti, Serbias demokratiske opposisjon
    (DOS), samt Montenegros sosialistparti og regjeringsparti i innkallingen,
    men nevnte ikke Slobodan Milosevics Sosialistparti eller deres allierte
    JUL, partiet til Milosevics kone Mira Markovic.
                        
    Kostunica ber nasjonalforsamlingen møte klokka 21 torsdag kveld.
    ----------------------------------------------------------------------------
    ---
                       
    Det blir også meldt om at opposisjonen via den gamle generalen Perisic har
    prøvd å få meg seg delar av dei militære. Og politi-overløparar er det mest
    populære nyhetstemaet i vest no. Men vi får i det lengste håpe at Djindjic
    & co ikkje får nokon til å føre borgarkrigen for seg. Regjeringa ser også
    ut til å strekke seg veldig langt for å unngå konfrontasjonar. Og det er
    sjølsagt heilt nødvendig.

    Clinton seier han ikkje vil intervenere fordi han ikkje vil gjere noko som
    styrkar Milosevic.

    Asgeir Bjørkedal



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Oct 05 2000 - 21:15:58 MET DST