Aker Brygge-metodar i Sverige

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Fri Sep 22 2000 - 13:11:40 MET DST


NRK Dagsnytt melde nettopp at den svenske næringsministeren Rosengren
har triksa med kursen på Telia-aksjar. Ved børsintroduksjonen vart
kursen sett relativt høgt, for å skaffe pengar i statskassa. I spissen
for å kjøpe gjekk nokre kjende investorar, såkalla bjellesauer, men dei
selde ut att nokså fort og med ei viss forteneste. I mellomtida kasta
småspararar seg over aksjane i tru på verdistiging. Seinare har kursen
stupt, og småspararane ser pengane sine fordufte.

Dette er nøyaktig same metode som Dagens Næringsliv nyleg har avdekt på
den "grå" aksjemarknaden, der nokre Aker Brygge Invest-folk har lurt
verdalingar trill rundt. Dei skal i tillegg ha hatt hjelp av ein
Kapital-journalist til å drive kursen i veret. No kranglar dei så
fillene fyk om kven som har lurt kven.

Hjelp frå pressa hadde vel ikkje Rosengren, eller...?

Sådan er kapitalismen! (anten det no var Jesus eller Marx som sa det)

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:31 MET DST