Kva konsekvensar får eit nei i Danmark?

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Fri Sep 22 2000 - 12:42:55 MET DST


Siste meiningsmåling i Danmark (21.9.) viser 48 % nei og 38 % ja. Dagen
før var det 47-40. (Sjå http://politiken.dk/tema/euro/vilstrup/.)
Forskjellen og tendensen er slik at vi snart kan tru seriøst på eit nei.
Kva vil det føre til?

Når Danmark ikkje går inn i euro-området, blir "danskesuget", som skulle
dra med seg Sverige og Storbritannia, borte, eller det verkar motsett:
kvifor skal dei godta noko som danskane ikkje vil ha?

For tilhengarane må det vere eit tankekors at euroen er ein fiasko på
sine eigne premissar, målt i kursen mot dollar. Skal euro-landa få gjort
noko med det, dvs. styrke tilliten blant valutaspekulantane, må det
truleg budsjettnedskjeringar eller renteauke til. Det betrar ikkje
omdømmet blant folk flest. Vil heile euroen rakne?

(Og apropos rente, så burde den ha vore sett ned i Noreg, for å halde
kronekursen stabil mot euro. Det er det valutaforskrifta seier!)

Utan "danske-svenske-brite-suget" får Stoltenberg og Jagland eit svært
tungt løft med å få Noreg inn i EU. Vi kan ikkje melde oss inn med dei
danske unntaka, men må ta full pakke, medrekna den euroen som viktige
handelspartnarar blir ståande utafor, og som passar svært dårleg for
norsk oljeøkonomi. Vil S&J i det heile prøve på nokon medlemskapskamp i
neste stortingsperiode? Blir ballen lagt daud alt på Ap-landsmøtet i
haust?

For organisasjonen Nei til EU kan den danske folkerøystinga bli
avgjerande for aktivitetsnivået framover. Skal vi bu oss på full kamp i
2002, eller halde fram på sparebluss som no?

Helsing Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:31 MET DST