Om den største massegrava i Kosovo - og om alle dei tome "gravene".

From: asgeirbj@student.sv.uio.no
Date: Fri Sep 15 2000 - 20:28:06 MET DST


 

Påfallande stille om den største massegrava i Kosovo.

Den Jugoslaviske avisa Blic omtalte 22. august ei massegrav i bydelen
Dragodan i Pristina, der det var funne 160 døde. Frå familiemedlemmer av
sakna serbarar og sigøynarar, som var innkalla for å identifisere dei døde,
hadde Blic fått vite at det dreia seg om antatte offer for albanske
terroristar i perioden etter at NATO tok over i Kosovo. Vesna Mulici hadde
identifisert sin mann Ramo Mulici, og fortalde til avisa at ho såg mange
serbiske identitetskort og bilder då ho plukka ut eigendelane til mannen.

Blic fortel vidare at ingen ved UNMIK-hovudkvarteret(FN sin
okkupasjonsadminstrasjon i Kosovo) ville verken stadfeste eller avkrefte
påstandane, og til slutt at store KFOR-styrkar inntil nyleg har sikra
gravstaden og hindra ukontrollert tilgang.

Dagen etter at denne artikkelen vart offentleggjort (og spreidd i engelsk
omsetjing på alternative internettstader), såg UNMIK seg nøydde til å
kommentere saka, sidan enkelte vestlege media også viste interesse for
saka. Dei gjekk ut med ei "avkrefting" som i realiteten ser mest ut som ei
stadfesting av påstandane i Blic, sidan dei konsekvent "avkreftar" heilt
andre påstandar enn dei som var framsett.

Media teier.

Det har ikkje vore lett å finne stoff om denne saka, dei fleste vestlege
media har ikkje rørt saka i det heile. BBC har rapportert om UNMIK sine
kommentarar, men dei har ikkje lagt ut noko av dette på internettsidene
sine, derfor har underteikna berre indirekte kjennskap til innhaldet i
desse reportasjene. Pressebyrået UPI har sendt ut ein kort artikkel basert
på dei nemnde rapportane frå BBC. Den skal vi kome tilbake til.

Propagandainstitusjonen ICTY teier.

Krigsforbrytartribunalet ICTY, som har stått for utgravinga av dei døde,
har ikkje ofra eit ord om saka på sine nettsider. Akkurat det har blitt ein
vane, ICTY legg ut rikeleg med stoff, men kvar gong det dukkar opp
informasjon som ikkje passar inn det etablerte propagandabiletet er det
knyst stille. Derfor finn ein svært lite stoff på sidene deira om den
omfattande etterforskinga av massegraver i Kosovo som dei sjølve utfører.
Det avgrensar seg stort sett til informasjon om avtaler med land som sender
mannskap til arbeidet (det eine NATO-landet etter det andre). Elles legg
dei ut minimalt med stoff om kva dei har funne i Kosovo, det har enno ikkje
kome ut eit einaste ord på desse sidene om ICTY sine eigne konklusjonar om
at det endelege resultatet av deira etterforsking i Kosovo ser ut til å
ende med funn av under 3000 døde. Heller ikkje et einaste ord om at det
finst serbarar, andre minoritetar, offer for NATO-bomber og offer for UCK
blant disse. All slik informasjon har kome ut gjennom lekkasjar på lavare
nivå, som frå det spanske ICTY-teamet i fjor haust. Framleis nektar dei å
oppgje tal for kor mange som har blitt avretta, og kor mange som har blitt
drepne i kamp. Dei nektar også å oppgi namna til dei identifiserte til
internasjonale røde kors, som jobbar med å få oversikt over dei som er
meldt sakna.

I midten av august hadde etterforskarane til saman funne 2788 døde. 2788
døde etter tre månader med intens NATO-bombing og kampar på bakken mellom
UCK og serbiske styrkar, kanskje ikkje så rart då at ein ikkje vil røpe
kor mange av desse som blei drepne i kamp eller av NATO-bomber - då er det
ikkje sikkert at det ville så mange massakrerte igjen til å legitimere NATO
sin angrepskrig, og UCK si etniske reinsing av Kosovo det siste året. Sjølv
om desse 2788 er drepne av ulike partar i krigen og under ulike omstende,
blir dei presentert i internasjonale media som "massakrerte av serbarane".
NATO-propagandaen har allereie rakna, men ICTY gjer så godt dei kan for å
verne siste rest. Offentleg har dei framleis ikkje stadfesta om dei i det
heile etterforskar massakrar og krigsbrotsverk utført av UCK. Dei har
stadfesta at den militære leiaren Agim Ceku kan havne under lupa, men då
for brotsverk i Kroatia. Han hadde ei sentrale rolle i den kroatiske
"operasjon storm" i 1995, som innebar massiv etnisk reinsing av serbarar.
Medan dei tel på knappane om dei skal etterforske, tiltale og dømme denne
krigsforbrytaren, har FN like godt utnemnt han til leiar for
"sivilforsvarsstyrken" for Kosovo (KPC), noko som i og for seg er heilt
logisk sidan KPC eigentleg berre er UCK i nye uniformer og med litt mindre
våpen.
Det har likevel kome ut at ICTY driv hemmeleg etterforsking av fleire
massakrar utført av UCK i Kosovo, men dette har berre kome ut gjennom
lekkasjar ikkje gjennom offisielle kanalar. Meir om dette seinare.

FN stadfestar nokre av påstandane - og tåkelegg resten.

Tilbake til UNMIK sine forsøk på å avvise Blic-artikkelen. Under
overskrifta "FN nektar for oppdaging av ny massegrav i Kosovo" fortel den
tidlegare nemnde UPI-artikkelen at uttalelsar frå FN oppklarte reportasjen
i Blic dagen før.

UNMIK-talskvinna Susan Manuel gjorde det til ei hovudsak å "avkrefte" at
det var snakk om eit nytt gravfunn, og fortalde at "grava var ikkje nyleg
oppdaga, men var faktisk ei eksisterande grav der medlemmer av FN sitt
offer-identifiseringsteam hadde byrja å undersøke lika av om lag 160
offer." Ingenting av dette var i strid med det Blic rapporterte, dei hadde
ikkje hevda at det dreia seg om eit nytt funn, utover at ofra skulle vere
drepne i tida etter NATO-krigen. Noko som ikkje blei kommentert av
talskvinna. Blic hadde også slått fast at identifiseringsarbeidet hadde
starta, med eit konkret eksempel på ein som hadde blitt identifisert. Sjølv
om Manuel framstiller det som om ho rettar opp misforståingar, så gjentok
ho her akkurat dei same opplysningane som Blic la fram dagen før.

Ho fortel vidare at 44 offer var identifisert, dei fleste av desse 44 "er
antatt å vere etniske albanarar" og "fem andre(…) som vi trur er
serbarar". No er det jo lett å stusse over at ein framleis må fortsette å
"tru" og "anta" når det gjeld den etniske identiteten til dei døde som
allereie er identifiserte, men det får vi berre la ligge. Igjen hevdar UPI
at dette er i strid med Blic-artikkellen som skal ha hevda at dei fleste
døde var serbarar, og i tillegg nokre sigøynarar. Underteikna finn ikkje
noko slikt i Blic, dei skriv berre at det var mistanke om at dei døde i
massegrava var offer for albanske terroristar, og at avisa hadde fått
kjennskap til dette frå serbarar og sigøynarar som var bedne om å
identifisere sine sakna og kidnappa familiemedlemmer. At det er mange
albanarar mellom ofra, treng ikkje å svekke mistanken om at det er UCK som
står bak, så det er vanskeleg å sjå at desse utalelsane klargjer noko som
helst, bortsett frå at massegrava faktisk eksisterer og at det er om lag
160 døde der. Blic sine påstandar står så langt uomtvista.

På FN si internettside om Kosovo ligg det også ein liten artikkel om saka.
Også den publisert dagen etter Blic-artikkelen. Den fortel at det nøyaktige
talet på døde er 176. Vidare at 44 av disse er identifisert. Og deretter:
"Susan Manual sa dei fleste av disse er stadfesta eller antatt (known or
believed) å vere albanarar , men det kan vere serbarar eller andre
minoritetar blant dei". Dette må seiast å vere maksimal tåketale. Det blir
understreka at ein "trur eller veit" at dei fleste er albanarar, med 44
positivt identifiserte skulle det vere ei grei sak å oppgje den etniske
fordelinga mellom desse og slik skilje mellom det ein trur og det ein veit.
Heller ikkje her blir påstandane frå Blic kommentert, ikkje eit ord om
korvidt det er sant at mistanken rettar seg mot UCK og ikkje eit ord om det
stemmer at ofra har blitt drepne etter NATO-krigen. Blic blir i det heile
ikkje nemnde , men likevel har nok deira artikkel dagen før vore utløysande
årsak til at UNMIK omsider gjekk ut med desse opplysningane om denne saka -
utgravinga var ferdig allereie i slutten av juli.
Det blir etterkvart tydelegare at dei reknar med at fleire av dei 132 som
ikkje er identifiserte enno er serbarar, sigøynarar og av andre
minoritetar: "Manual sa ei bok med bilder av klesplagg og gjenstandar blir
sett saman og vil bli distribuert til minoritetssamfunn og organisasjonar
som kan representere familiane til dei sakna".

Hemmeleg etterforsking av UCK-massakrar.

Sunday times skriv (3.september) at ICTY for tida etterforskar
krigsbrotsverk utført av UCK på fem stader i Kosovo. Det er anonyme kjelder
"nær aktoratet i Haag"(ICTY) som fortel dette til avisa. Alle brotsverka
skal vere utførte på UCK-kontrollert territorium i 1998, då UCK var godt i
gang med si etniske reinsing i desse områda. Men som kjent var det først
ved den serbiske motoffensiven at det internasjonale media-søkelyset for
alvor vart retta mot Kosovo, og då var det ikkje akkurat dei massegravene
som serbisk politi fann då dei rykte inn, som stod i fokus. Sunday Times
nemner tre mulige massakrar som skal vere mellom dei fem som no blir
etterforska. Ein i landsbyen Glodjane: "Lika av 34 landsbybuarar funne i
ein uttørka kanal i september 1998. Dei fleste hadde blitt torturert og
skotne". Ofra skal ha vore serbarar, sigøynarar og regimevennlige
albanarar. I Klecka, massegrav med 22 serbarar. Og til slutt 50 serbarar
som blei kidnappa av UCK i Orahovac i juli 1998, og aldri har blitt sett
seinare.

Disse etterforskingane blir haldne hemmelege, i følgje Sunday Times på
grunn av frykt for "gjengjeldingar frå albanarane". Det kan jo vere noko i
det, men ei meir sannsynleg forklaring er reine propagandaføremål, vestleg
opinion er nok ikkje rekna for å vere heilt modne for å få servert den
andre sida av borgarkrigen i Kosovo enno. For som Sunday Times skriv:
"Etterforskinga kan radikalt endre det internasjonale inntrykket av
konflikten, der albanarar vart sett som stort sett uskuldige offer for
serbisk aggresjon". I det offisielle eventyret om Kosovo er det framleis
serbarane som har for vane å massakrere og undertrykkje, medan albanarane
berre hemnar seg litt ein gang imellom.

Etterkvart vil desse sakene vere nyttige når tribunalet skal prøve å late
som om det er ein upartisk domstol og ikkje eit politisk verkty for NATO.
Litt demonisering av albanarane kan også kome til nytte om NATO etterkvart
finn behov for å stramme grepet om Kosovo.

Kjeldene til Sunday Times stadfestar ikkje Blic sine påstandar om
etterforskinga i Dragodan, men antyder at det blir vurdert å etterforske
UCK-brotsverk også frå tida etter krigen. ST skriv: "Det er uklart om
etterforskinga av UCK sine aktivitetar kan utvidast inn i perioden etter at
NATO gjekk inn i Kosovo i juni 1999. Myndigheitene i Beograd hevdar det har
vore 1041 drap i provinsen sidan då - med 910 serbiske og montenegrinske
offer."

Propagandaen raknar - men lever vidare.

Krigsforbrytertribunalet hevda i midten av august, at dei i år har funne
680 døde i 150 massegraver, noko som betyr at gjennomsnittet på dei 149
andre gravstadene ligg på mellom 3 og 4 personar. I tillegg må
etterforskarane ha funne om lag 150-170 tome påståtte massegraver, sidan
dei snart er ferdige med å undersøke dei 334 gravstadene som ICTY hevda
stod igjen å undersøke då dei avslutta for vinteren i fjor. Dette kjem i
tillegg til svært mange tome "graver" dei fann i fjor, mange av dei var på
førehand svært medieprofilerte med morbide historier om påståtte serbiske
ugjerningar.

Alt dette stemmer dårleg med propagandabiletet om systematiske serbiske
massakrar og forsøk på folkemord, men dette er likevel ei oppfatning av
krigen som lever vidare, med god hjelp av både ICTY og media som ukritisk
godtok NATO sin versjon, og som seinare ikkje har vore villige til å ta
særleg sjølvkritikk.
Fantastiske påstandar frå amerikanske talsmenn, om både 100 000 og 225 000
mulig massakrerte albanarar, blei i si tid tatt fullt på alvor også i
norske media. Desse påstandane forsvann naturleg nok som dogg for sola så
snart løgnene hadde gjort nytta si, slik at NATO kunne fortsette å bombe
til Jugoslavia kapitulerte og alle som protestert kunne stemplast som
holocaust-apologetar med referansar til Hitler og Pol Pot. NATO sitt nye
magiske tal på 10 000 massakrerte, må også reknast for å vere avslørt som
løgn for lenge sidan, men det er framleis hyppig brukt i media. Det er
heller ikkje mange månadene sidan ei propagandahistorie om halshogging av
2-åringar og massakrering av 800 barn under 6 år gjekk verda rundt, stort
sett utan kritiske kommentarar. Dessverre har folk ein tendens til å godta
slike grunnlause påstandar, sidan serbarane har blitt så grundig
demoniserte, dels ved rein løgnpropaganda og dels ved einsidig mediedekning.

Avsløringar av falske anklager mot serbarane har kome på rekke og rad, både
i Kosovo og i Bosnia, men avsløringane får minimalt med mediedekning.
Dermed blir dei grundig utbasunerte løgnene ståande igjen som sanning
mellom folk flest. Kva som er sanninga bak massegrava i Dragodan er
framleis uklart, men det er rimeleg sikkert at fleire av ofra er
ikkje-albanarar og at dei på same måte som ved tidlegare funn inngår i
oppteljinga til ICTY som blir brukt til å "dokumentere" serbarane sitt
folkemord mot albanarane. Det har blitt nødvendig å inkludere offer for UCK
og for NATO-bomber for å skape eit inntrykk av eit slikt forsøk på
folkemord. Uttalelsane frå UNMIK, eller rettare sagt mangelen på avklarande
utalelsar, bidreg til å tåkeleggje saka og styrke mistanken om at Blic har
rett når dei hevdar at mistanken rettar seg mot UCK og at i alle fall ein
del av ofra har blitt drepne etter at NATO og UCK tok over makta i Kosovo.

Asgeir Bjørkedal



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:27 MET DST