SV: SV: Frp og EU-kampen (Re: Frp foran alle...)

From: Olav Randen (boksmia@online.no)
Date: Fri Sep 01 2000 - 14:14:21 MET DST


Oddmund Garvik innvender mot det eg skreiv om Frp-arar og Nei til EU. For han går eit avgjerande skilje mellom Frp og andre. Når ei meiningsmåling gir grunnlag for å tru at akkurat no er Frp Norges største parti, er det dramatisk og skremmande nytt. Og når bror hans har vorte kommunestyremedlem for Frp, finn han tida inne for å bryte kontaktar. For Frp er eit framandfiendtleg, egoistisk og usolidarisk parti.

Og sant nok. Men er det slik at det er avgjerande skilje mellom Frp og dei andre? At dei andre er ikkje-rasistar, opptekne av medmenneske og av solidaritet?

Det er i staden slik at den dominerande rasismen i Norge er statleg. Det gjeld å stengje grensene så godt det let seg gjere, slik at me får så få innvandrarar som råd (frå ikkje EØS-land) og at folk som kan vere økologiske, økonomiske og politiske flyktningar, ikkje kjem på ideen om å flykte til Norge. Det gjeld å gjere livet surt for dei som likevel kjem med å isolere dei frå vanlege folk i halvtanna år eller så på mottak. Og det gjeld å sende ut att flest råd. Det lykkast, slik at det no kjem berre 8.9.000 i året, altså eit par promillar av våre innbyggjarar. Dette er den statlege rasismen.

Frp vil kanskje gjere muren rundt Norge endå høgare, og dei bruker ein vulgærargumentasjon (latsabbar som tek arbeidsplassane våre) der meir prektige DNA nøyer seg med å isolere innvandrarane på mottak slik at vanlege folk ikkje skal få kontakt med dei og oppdage at dei er omtrent som oss. Skilnader altså, men meir enn det likskapar.

Kva så med solidaritet? I vårt DNA-styrte land blir dei rike rikare og dei fattige blir verande fattige. Globalt sett aukar skilnadene dramatisk. Aldri har det vore så mange rike og så mange fattige på kloden. Protesterer norske styresmakter og knyter band til dei fattige, krigsherja, miljøramma, veike? Ikkje anna kosmetisk med eit bistandsbudsjett og nokre prosjekt, den tunge oppgåva for dette landet er i staden å klamre seg til venskapen med dei rikaste og mektigaste. Frp vil kanskje kutte ut kosmetikken, men heller ikkje det er nokon avgjerande skilnad.

Eller miljø? Tømme Nordsjøen for olje på nokre generasjonar, fremje drivhuseffekten, halde att for alle gunstige klimaavtalar, prøve å kjøpe utsleppskvotar hjå austeuropeiske land der nedgangstider har råka industrien og difor redusert utsleppa. Frp er kanskje litt tydelegare og avviser drivhuseffekten med at han ikkje er dokumentert, DNA nøyer seg med å avvise han i konkret politikk.

Dette er, i svært stutte trekk, norsk politikk anno år 2000. Det er ein eitpartipolitikk på det viset at partileiingane i all hovudsak er samde om han.

Når partileiingane og avisene då snakkar om å gjere felles front mot Frp, blir det ei falsk og hyklersk haldning. Formålet er å dekkje over eigne synder med å finne ein syndebukk som er endå litt verre. Slik at folk skal velje den offisielle, statlege rasismen framfor Frp-retorikken. Slik at me skal gløyme at sluttresultatet er nesten det same.

Opp mot dette må me, og der trur eg Garvik er samd, protestere både mot den pyntelege og statlege rasismen og mot vulgærrasismen, både mot den uttrykte favoriseringa av dei rikaste og den skjulte favoriseringa, både mot den ope miljøfiendtlege politikken og den kamuflerte miljøraseringa.



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:21 MET DST