Re: SV: Frp og EU-kampen (Re: Frp foran alle...)

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Fri Sep 01 2000 - 11:51:45 MET DST


Då eg i går ettermiddag la fram for fleire tilhøyrarar at eit populistisk
og høgreekstremt parti i ei meiningsmåling var blitt det største partiet i
Noreg, gjorde alle store augo, og tok seg ein ekstra støyt med vin der dei
stod i blå arbeidsoverallar framom bardisken på stamkafeen i
gallarlandsbyen. Det er snart vinhausten no.

- Kva var det du sa?! Har "les fachos" blitt det største partiet? Ca, alors !!!

Så kom det spørsmål i fleng.
- Men landet er jo rikt?
- Det finst ingen fattige...?
- Er det mange arbeidslause?
- Og immigrantar?

Eg sa både ja og nei, men ingen blei klokare. Det er merkeleg, sa ein
engelskmann som liksom eg har slått seg til i gallarlandsbyen. Ingen
forstår dette populistiske oppsvinget i Norden. Hadde det no vore som på
åtti- og nittitalet her i Frankrike, med dårleg økonomi, stor arbeidsløyse
og sosiale problem i drabantbyar og forstader. Le Pen hadde ein viss
suksess på den tida. Men det er slutt. Dei krangla seg ned på
meiningsmålingane, le Pen og Megret. Og no er det over og ut. Det går betre
med økonomien, og arbeidsløysa er redusert ein tanke. Folk er meir
optimistiske. Og i går la finansminister Fabius fram forslag til
skattelette. Franskmenn er lettare på foten enn dei har vore på lenge...

Dette med innvandrarar som syndebukkar har aldri fått skikkeleg fotfeste
her til lands. Frankrike har til alle tider vore eit innvandrar- og
asylland, og berre ein tredjedel av folket er "franske" i meir enn tre
generasjonar. Hadde ikkje Frankrike hatt innvandrarar, hadde det ikkje vore
den stormakta det er i dag.

Sjølvsagt var Front National i sine glansdagar eit "folkeparti" med
tilslutnad frå eit breitt sosialt spekter - alt frå filleproletarar til
baronar og grevar, kanskje også ein og annan hertug. Men var det
interessant når venstresida skulle ta stilling til partiet? Var det
interessant om ein eller annan arbeidar på ein Renaultfabrikk til dømes,
kjende seg plaga i drabantbyen sin - plaga av framande lukter, framande
lydar og framand musikk - og så bestemte seg for å stemme Front National
for å "protestere". På kva slag måte var det verre for denne "stakkaren",
enn for andre i same situasjon som ikkje stemde Front National?? Den første
var ein idiot, dei andre var det ikkje. Og med idiotar er det ikkje så
mykje ein kan gjera, diverre.

Det var dette som først slo meg då eg las denne meiningsmålinga det er
snakk om: Korleis kan det ha seg at det finst så mange idiotar i
gamlelandet? Slike som ikkje kjem på betre løysingar enn å ”protestere” ved
å stemme på heil- eller halvfascistiske parti. Slike folk bør ein ta
avstand frå og snu ryggen til. Slike folk er ikkje omgjengelege, og eg har
korkje mot eller trong til å ”omvende” dei.

Difor blir denne tredelinga di av Frp, Olav Randen, meiningslaus på eit
vis. Og når du opnar for samarbeid ”dersom Frp-arar er samde i
grunnlaget”, ropar eg eit stort varsko. Du fortel om ein Frp-ar på
heimstaden din ”som var sentral i heile førre EU-kampen”, og glattar over
at han er Frp-ar med å seia at det er: ”Inkonsekvent og uforståeleg, det er
så, men det er ofte me menneske”....

Kor skal ein då setje grensa, spør eg? Er ikkje slike lunkne og
komromissvillige haldningar med på å banalisere dei høgreekstreme partia?

- Det er ikkje så farleg, som det ser ut til.
- Det finst fleire bra folk i partiet som gjer ein god jobb på det lokale
planet.
osb.

Slike haldningar er for meg korrupte, for dei bryt med idegrunnlaget mitt.
Eg har ein bror som stilte til val for Frp ved førre kommuneval, og eg kan
love deg at tilhøvet mellom oss ikkje lenger er det same som det var. Det
er slik det er og må vera.

Eg er også usamd med deg i spørsmålet om det endelege EU-standpunktet til
Frp. Dei er rett nok manisk opptekne av å koma i regjeringsposisjon og kan
kanskje gå med på nokre kompromiss, men balansegangen er vanskeleg. Eg har
lite tru på ein koalisjon der både Ap og Frp er med. Høgre derimot, saman
med eit, eller fleire av dei ”skuffa” sentrumspartia er i stand til å inngå
regjeringssamarbeid med ytre høgre. Det er denne konstellasjonen som alt
har gjæra ei stund, og det er denne makta ein no ser konturane av.

I den folkelege veljarmassen til Frp finst det mange som avviser
EU-medlemskap av forskjellige grunnar, blanda med ordinært framandhat og
skepsis mot det ”utanlandske”. Ved sida av ministerkandidatane og dei meir
komropromisslause marknadsliberalarane, finst det også eit sjikt av
hardbarka rasistar i partiet. Nokre av dei kjem kanskje til å gå over til
det nyskipa Norsk Folkeparti som både har fascistiske og ekstremt
rasistiske element i seg, i tillegg til å vera innbarka motstandar av norsk
EU-medlemskap. Tida får vise i kor stor grad presset frå ytre høgre kjem
til å påverke linja til Frp-leiinga.

Eg for min del ventar på dagen då egg og tomatar haglar over dei norske
ambassadane i Europa, for ei blåsvart regjering i Noreg kjem nok ikkje til
å gå hus forbi. Eg må nok til Paris ein tur den dagen... 28, rue Bayard, om
eg ikkje hugsar feil.

Oddmund Garvik

 
______________________________________________________________________________
Vous avez un site perso ?
2 millions de francs à gagner sur i(france) !
Webmasters : ZE CONCOURS ! http://www.ifrance.com/_reloc/concours.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:20 MET DST