SV: Frp og EU-kampen (Re: Frp foran alle...)

From: Olav Randen (boksmia@online.no)
Date: Fri Sep 01 2000 - 09:29:28 MET DST


 
> Olav Randen leverte i dag en grei analyse av "stoda no når det
> gjeld Norge og EU, i korte trekk". Men uten å berøre Frp, som nå
> etter hva jeg forstår vil komme til å stille seg på Nei-sida i EU-saken.
>
> Det kunne derfor vært interessant å se Randens meninger om
> hvordan Nei-sida framover bør forholde seg til Frp, en type "alliert"
> som Ja-sida vil vite å bruke for alt den er verdt i sitt daglige strev
> med å trekke Nei-sida ned i skitten. (Reiulf Steen har alt begynt.)
>

Stutt og ufullstendig svar:

a) Frp bør delast i tre. Den eine gruppa er leiinga, dyktige og omsynslause folk utan politisk ryggrad, men med makt som målsetjing. . Dei representerer kapitalismens utvikling, men tek ikkje ansvar for denne utviklinga på same viset som andre høgre-parti.
Den andre gruppa er dei konsekvente marknadsliberalarane. Desse er nok delte i EU-syn, men eg trur det over tid vil vere fleire tilhengjarar enn motstandarar blant dei. Romatraktaten og fri flyt av arbeid og kapital er deira politikk.
Den tredje gruppa, som nett no er størst, er protestantane. Dei som seier dei vil stemme Frp som protest mot høgrepolitikarane Stoltenberg og Jagland. Eller som protest mot det politiske Norge. I eit land der politiske grunnspørsmål blir diskuterte mindre og mindre og der den offentlege hovudsaka når dette blir skrive er om Erik Mykland bør få spele landskamp etter ei øl eller tre, er slike vulgærreaksjonar å vente.
For å sikre seg veljarar frå protestantane prøver Hagen å seie både ja og nei til EU. Men viss det hardnar til med EU-kamp, trur eg me minst av alt skal sjå bort frå at Hagen og hans leiarskap kan kome til å setje kreftene inn for å få partiet med på ja-sida. I eit samarbeid med Høgre og Venstre eller DNA og med tilbod om regjeringstaburettar vil EU-tvilen vere eit av dei standpunkta Hagen først gir slepp på. Petersen seier altså: Me er villige til å samarbeide med Frp i regjering dersom me får gjennom vårt krav om å søkje om EU-medlemskap, og Hagen svarar ja.

b) Når det gjeld forholdet til det ekstreme høgre, meiner eg Nei til EU i hovudsak har hatt ei fornuftig linje. I grunnlaget står det, eg tek formuleringane etter minnet, at folk med rasistiske og fascistiske sympatiar og folk som set fram rasistiske og fascistiske tankar ikkje høyrer heime i organisasjonen. Det står også om solidaritet og samarbeid over landegrensene. Det første er klart nok, det med solidaritet bør nok blankpussast.

c) Dersom Frp-arar er samde i grunnlaget, bør dei sjølvsagt vere velkomne som medlemmer og aktivistar. I mitt heimeområde til dømes var ein aktiv Frp-ar sentral i heile førre EU-kampen. Han stod så absolutt på desse synsmåtane og var og er engasjert i solidaritetsarbeid og miljøvern. Han vart Frp-medlem i unge år som ein naiv protest mot eit bygningsråd som gav løyve etter partiboka og slo til mot dei små - og vart verande blant anna fordi han trudde han kunne påverke folk innanfor partiet til å stemme nei. Inkonsekvent og uforståeleg, det er så, men det er ofte me menneske.

d) Etter mitt skjøn er det dumt av Sigbjørn Gjelsvik å debattere namngitte Frp-arar no. Endå meir tåpeleg er Kristin Halvorsen, som seier til Nationen: "Det er utenkelig å se på Frp som en alliert i kampen mot EU. Min følselse er grøss og gru." Korkje Kleppe eller Hedstrøm har prøvt å bli medlemmer i Nei til EU. Prøver dei, bør styret vurdere konkret deira framandfiendtlege utsegner og deira haldningar no. Den vurderinga vil, er eg overtydd om, konkludere med at synsmåtane står i motstrid til Nei til EUs prinsipielle tenking og at dei difor ikkje høyrer heime i organisasjonen. Men halde fast ved at Frp-sympatisørar og -medlemmer er velkomne som organiserte nei-folk.

e) Sjølvsagt kan me kome i den situasjonen at dei tek styringa over EU-motstanden og til dømes fjernar antirasisme og solidaritet frå grunnlaget. I så fall har ikkje slike som eg noko i organisasjonen å gjere meir, men må organisere oss på anna vis. Men eg trur ikkje denne risikoen er stor. Frp har ein dyktig generalstab som framfor alt er oppteken av partibygging , men eit duglaust sersjantskikt og eit lite grunnplan. Nei til EU har framleis ei grunnstamme av aktivistar frå ulike organisasjonar, og desse er vanlegvis såpass erfarne og kloke at dei ikkje gir aktive Frp-arar nøkkelposisjonar.

Konklusjon: Ei midlertidig eller noko meir varig forskyving frå DNA til Frp endrar litegrann på balansen innanfor overklasse og maktapparat, men det meste blir verande som før.



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:20 MET DST