Re: Frp og EU-kampen (Re: Frp foran alle...)

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Thu Aug 31 2000 - 12:59:12 MET DST


At 00:31 31/08/00 +0200, Bjarne Naerum wrote:
>Fra Telemarksavisa: "I forbindelse med Fremskrittspartiets stadige
>framgang på meningsmålingene serverer det tyske nyhetsbyrået
>DPA en artikkel med tittelen: «Norges Haider heter Hagen»."
>(Se under.)
>
>En viktig side ved Hagens framgang er hvordan denne alvorlige
>utviklingen vil kunne slå ut i en ev. ny EU-kamp her i landet.
>
>Olav Randen leverte i dag en grei analyse av "stoda no når det
>gjeld Norge og EU, i korte trekk". Men uten å berøre Frp, som nå
>etter hva jeg forstår vil komme til å stille seg på Nei-sida i EU-saken.

Eg veit ikkje om analysen til Randen er så grei, nettopp fordi det
politiske utgangspunktet for ein ny EU-strid, dvs. AP-regjeringa, er i
fritt fall, og tydeleg berre er eit mellomspel. Det er den komande
valkampen og den politiske situasjonen etter neste stortingsval som kjem
til å avgjere spørsmålet om evt. ny EU-søknad.

Eg har fleire gonger tidlegare peika på den noko lemfeldige omgangen med
visse nasjonalsjåvinistiske overtonar på Nei-sida. Det har anten blitt
overhøyrt eller karikert. Når det no går som høna sparkar, og Frp har
passert den symbolske grensa som i meiningsmålingar gjer det til det
største partiet i Noreg, er det kanskje nyttig å koma attende til dette.
Den mørkeblå og brune vinden ser ut til å føre inn i EU-motstandarane sin
leir, og stoda normaliserer seg. Dei høgreradikale står fram som
EU-motstandarar og forkjemparar for "sjølvråderetten" slik ein ser det
elles i Europa.

I skuggen av handlingslamminga på venstresida og i det stille har partiet
til Hagen bygd seg opp, rett nok med litt brudulje innimellom. Mange norske
kvinner og menn ser ut til å like den populistiske bodskapen. Blandinga av
framandfrykt og nasjonalsjåvinisme har djupe røter i den norske folkesjela.

Før i tida var framandfrykta noko folkloristisk, og dei "framande" var
ikkje så framande når det kom til stykket. No er det blitt alvor. Den meir
og mindre subtile stigmatiseringa av innvandrarar og flyktningar frå Sør
tek form. Ein piskar opp ureint vatn, og den gamle brunfargen lyser mot
oss. Kampen mot EU og innvandring frå den tredje verda blir to sider av
same sak for den nye makta som konstituerer seg i Noreg.

Ein blir noko pessimistisk når ein i slike stunder ser kva som går føre seg
av diskusjonar på venstresida. Ein får rynker under augnebryna når ein ser
den disproporsjonerte fokuseringa på "kvinnekampen" som AKP har kasta seg
ut i. Eg veit ikkje kva SV syslar med. Nei til EU gjer eit nummer av at
"Europa taper kampen mot narkotika" - "tilfeldigvis" (Clinton i Colombia)
basert på ein rapport frå det amerikanske narkotikapolitiet som til alle
tider har stigmatisert "Nederlands liberale narkotikapolitikk". "Poenget"
til Nei til EU er sjølvsagt nok ein gong "Schengenavtalen......som sterkt
medvirkende årsaker." Og Klassekampen fylgjer opp.

Mobiliseringa til mønstringa mot globaliseringa i Praha om nokre veker
forgår i periferien av dette. Etter Seattle og Millau, var det kanskje på
tide å få sjå nokre oppegåande organisatoriske resultat også i Noreg. Tida
får vise dette.

"Nei til EU" er daud og bør gravleggjast, same kor mykje den unge leiaren
eksar seg opp. På ruinane av det gamle nasjonale hovet kan det byggjast ei
ny rørsle som ikkje først og fremst tek utgangspunkt i OSS, i det nasjonale
velvære, men som verkeleg er internasjonalistisk og solidarisk på tvers av
landegrenser. Ei slik rørsle er i strid med alle meiningsmålingar, ja,
kanskje i strid med den norske folkesjela slik ho er blitt no like før
tusenårsskiftet. Men kva i svarte bryr venstreradikale menneske og
internasjonalistar seg om meiningsmålingar, dei som alltid har vore i
mindretal. "Me er mange som er i mindretal", blei det sagt i Millau for to
månader sidan. Slik vil det kanskje vera i mange år.

>Det kunne derfor vært interessant å se Randens meninger om
>hvordan Nei-sida framover bør forholde seg til Frp, en type "alliert"
>som Ja-sida vil vite å bruke for alt den er verdt i sitt daglige strev
>med å trekke Nei-sida ned i skitten. (Reiulf Steen har alt begynt.)

Eg trur Nei-sida delvis har skapt denne skiten sjølv, ved ikkje å ta eit
klårt standpunkt til visse sjåvinistiske innslag i EU-kampen, og ved ikkje
å leggja meir vekt på internasjonal solidaritet og organisatorisk samarbeid
med rørsler i andre land. Når dei no står med ryggen mot veggen og freistar
å slikke såra dei sjølve er ansvarlege for, nyttar det ikkje å skulde på
"dei andre". At Ja-sida kjem til å utnytte eit Nei til EU-standpunkt i den
høgreradikale leiren, er vel ikkje anna enn ein kunne vente.

Eg ser NTEU ikkje vil ha med seg folk som Kleppe og Hedstrøm, men kva vil
dei gjera den dagen desse opprettar si eiga Nei-rørsle som truleg både blir
større og viktigare enn det som er att av den gamle?

Oddmund Garvik

 
______________________________________________________________________________
Vous avez un site perso ?
2 millions de francs à gagner sur i(france) !
Webmasters : ZE CONCOURS ! http://www.ifrance.com/_reloc/concours.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:19 MET DST