Re: Bygg landet! (Eller "radikal teknorealisme")

From: Bjarne Naerum (bjarne@bo.online.no)
Date: Wed Aug 23 2000 - 10:00:26 MET DST


Bare kort innpå, med dette om bredbåndsnett fra TA i dag (se under).

Forøvrig er dagens telemarksaviser opptatt av ny jernbanebygging, se:
http://www.telemarksavisa.no/0/12/60/9.html og
http://www.varden.no/apps/pbcs.dll/artikkel?Avis=VA&Dato=20000823&Kategori=NYHET&Lopenr=890968&Ref=AR&forside=1

BN
---------------------------------
Breiband til bygda
http://www.telemarksavisa.no/0/12/61/0.html

SELJORD:
- Eg trur folk kjem til å flytte attende til små tettstader. Då må me vere førebudde. Næringssjef Helge Veum er ikkje i tvil om at satsing på høghastigheitsnett er viktig for utkantkommunar.

TONE LUNDEBERG REINHOLT

   - Dersom ambisjonane våre er å trekke til oss nye bedrifter, er tilrettelegging av breiband veldig viktig, meiner næringssjefen i Seljord.
Fyrstkomande tysdag ettermiddag inviterer han næringsdrivande, skulefolk og andre interesserte til eit informasjonsmøte på Granvin kulturhus om breiband. Etter Veum si meining bør også Seljord knyte seg til eit høghastigheitsnett for raskare informasjon.
BEHOV
- Etter møtet må me kartleggje behovet for breidband i kommunen. Truleg må me opprette ei styringsgruppe med personar både frå det offentlege og det private næringslivet, seier Veum.
På informasjonsmøtet deltek representantar for både Telenor og Enitel. Sistnende er samarbeidspartnar for Skien kommunale kraftverk og Vest-Telemark kraftverk.
STARTSKOT
Men det som starta det heile var Imedia i Seljord. Bygget som ligg midt i Seljord sentrum, blei i vår selt til Oslofirmaet Observer.
- Etter eit møte med firmaet blei det klart at dei ynskte å knyte seg til eit breibandnett. Dei hadde vel klara å fått på plass det sjølve, men dersom kommunen kan vere med å organisere det, løyser det ein del både for kommunen og bedriftene, meiner Helge Veum.
FLEIRE KOMMUNAR
Etterkvart er det fleire kommunar som meiner det er behov for å leggje opp eit høghastigheitsnett. Bø har alt eit opplegg i samband med Høgskulen.
Det er også arbeid på gang i mellom anna Notodden og Tokke. På sist formannskapsmøte vedtok Tokke-politikarane å bruke 850.000 kroner til utbygging av eit breibandnett på Dalen.



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:13 MET DST