Re: Bygg landet! (Eller "radikal teknorealisme")

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Wed Aug 23 2000 - 09:07:45 MET DST


Bjarne Naerum wrote:
> Men det kan også hende at dette er (eller bør være) feil, og at det nå er
> minst like viktig å bygge landet med bredbånd som det i sin tid var å
> bygge ut post-, skips-, telegraf-, telefon-, jernbane-, fly- og veinett m.m.

For å stille det klassiske spørsmålet: Viktig for kven?

> For bare å holde meg til strekninga Drangedal - Bø, så kan det
> jo hende at skolen i framtida, med bruk av et bredbåndsnett utbygd
> over hele landet, ikke trenger å sende barn og ungdom ut på slike
> reiser? Denne teknologien gir utvilsomt et POTENSIALE for en langt
> mer desentralisert undervisning og skole enn hva vi har i dag.

Ja, og kanskje elevane ikkje treng naturfagekskursjonar lenger, dei kan
sjå animasjonar på skjermen. Det er mykje billegare, og så slepp dei å
få ekle småkryp på hendene.

Vel, no er eg vrang. Men kvifor er breiband så viktig? Det er sjølvsagt
fint at studentar i Bø kan følgje forelesingar i Molde, eller at vi får
direkte videokontakt med eventuelle venner i Kuala Lumpur og Chiapas,
men det er vel ingen som trur at desse formåla driv fram ei utbygging i
den dimensjonen det her er snakk om?

I bilen for ein time sidan høyrde eg litt av Kulturnytt i NRK P2. Det
var snakk om alle dei TV-kanalane vi skal få i den digitale tidsalderen
om 5-10 år: 7-8 gonger så mange kanalar som no. Kva skal sendetida
fyllast med? Jau, amerikanske seriar som alt er laga, eller som er
billege å produsere: reprisar av MASH og slikt. I tillegg må det seiast
at dette blir den "seriøse" delen av sendeflata, den som kjem innimellom
reklamen. Nettet blir ein stor butikk, men med litt såpe og sport for å
halde på sjåarane. Tendensane er tydelege nok i kommers-TV alt no.

Sjølvsagt vil bandbreidda også bli brukt til nyttige formål, og
sjølvsagt må vi krevje utbygging i alle delar av landet. Men at dette
skal vere like viktig som post, veg og telefon, går over min forstand.

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:13 MET DST