Kjelder om nyliberalismen?

From: Magnus E. Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Date: Thu Jul 27 2000 - 18:19:33 MET DST


God dag!

Eg skal skriva eit foredrag om "nyliberalismen", og kan trengja tips til kjelder. Det er fyrst og fremst nyliberalismen som "ideologi" det skal dreia seg om, og alle tips blir mottekne med stor takk.

Dette er ein førebels disposisjon:

1 Innleiing: Nyliberalismen fungerer som samleord for ein rekkje ulike fenomen, som privatisering, anbod, fri kapitalflyt, redusert skatt etc. Desse tiltaka har klassekarakter, og blir i stor grad adminisert av menneske som ikkje sjølve høyrer til overklassen. Såleis er det på sin plass at det er utvikla ein IDEOLOGI som gjer endringane akseptable frå ein human synsstad.
2 Gamle og nye historiske røter (frå sosialliberalismen til Friedmann, Reagan, Thatcher etc).

3 Kva er resonnementa i denne ideologien. (Det økonomiske mennesket, komparative fortrinn, frihandel etc)

4 Kulturteoretiske fylgjer av desse resonnementa (atomisering av individa, nedvurdering av den kollektive kulturens rolle, reduksjon av menneska frå produsent til konsument, etc)

5 Den hegemoniske posisjonen til nyliberalismen. (DNA, Blair, SV... Kven er yppersteprestar og kyrkjetenarar...?)

6 Krtitikk av nyliberalismen (Har ein del av Bourdieu og Vandana Shiva, mellom andre)

Fint om du kan hjelpa!

Beste helsing

Magnus E. Marsdal



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:08 MET DST