Eit stuttare svar til Johansen

Olav Randen (boksmia@online.no)
Sat, 19 Sep 1998 10:41:18 +0200

Knut Johansen bruker side etter side og innlegg etter innlegg på å påvise
at norsk skriftspråk ikkje er lydrett. I det har han heilt rett. Men ingen
har heller påstått noko anna. Det eg og fleire har hevda, er at dei norske
skriftspråka er langt meir talemålsbaserte og lydnære enn til dømes det
engelske og det franske, og at dette fører til at den engelske og den
franske skriftmålsbrukaren må lære meir skrift om ho skal ha like stor
skriftleg uttrykksevne som den norske.
Eg skreiv til dømes følgjande i første innlegget mitt:
"La oss ei lita stund tenkje oss at vi er utan skriftmål i Noreg og skal
lage eit. Vi har då ei enormt stor mengd ord, ordformer, bøyingsmåtar og
variasjonar å byggje på. Kva for kriteri bør vi då leggje vekt på?
For det første bør skriftmålet så langt råd er, vise att talemålet. Det
inneber til dømes at kvar lyd i talemålet bør ha ein bokstav i skriftmålet.
Same kva for alfabet vi bruker, kan det då hende vi må lage nye bokstavar,
slik til dømes den serbiske Ivar Aasen, Vuk Stefanovic Karadzic, laga nokre
eigne bokstavar då han skriftfeste serbisk mål.
For det andre bør skrivemåtane vere konsekvente. Det er til dømes
inkonsekvent å skrive jeg og vei på bokmål eller li og tid på bokmål eller
nynorsk (forklaringa på det siste er at tid har kome frå dansk mål, medan
danskane ikkje hadde lier).
For det tredje bør vala så langt råd vere forståelege for folk. Vi seier
departemang og departemangtal og skriv departement og departemental. Det er
forståeleg for dei som har store kunnskapar i antikke språk, men ikkje for
folk flest.
For det fjerde bør språket så langt råd ha faste former. Det gjer det
lettare å lære enn om formene varierer heile tida. Altså at vi vel om det
skal heite ein eller ei maskin og lufta eller luften på bokmål.
For det femte bør formene så langt råd samsvare med dei vala som er gjorde
i
nærslekta språksamfunn.
Desse kriteria står stundom i motstrid til kvarandre. Reindyrkar vi eitt
kriterium, går det altså ut over dei andre. Legg vi einsidig vekt på
talemålsnærleik, bør vi skrive dæ og treæ. Legg vi vekt på konsekvens og
logikk, bør vi skrive det og treet."
Les dette sakte ein gong til, Johansen, og du vil sjå at eit hovudpoeng for
meg er at i skriftmålsbygging må vi ha fleire tankar i hovudet samstundes.
Du hentar ut ein av tankane og svingar storslegga som om eg hadde berre den
eine tanken i hovudet. Kanskje tenleg om poenget er å vinne ein debatt, men
ikkje om poenget er ei god og konstruktiv meiningsbryting.
Ein av dei eg har lært mest av om skriftmål, er lingvisten og professor i
romanske språk Leiv Flydal. Somme minnest sikkert namnet fordi han i 1972
viste at det norske utanriksdepartementet omsette landbruksavtalen mellom
Noreg og EF på ein ravgalen måte. Flydal arbeidde mest med fransk, med
teoretiske spørsmål innanfor lingvistikken, men også med språka i bruk.
Medan andre språkforskarar heldt seg på universiteta og i storbyane, tok
Flydal med seg familien til franske landsbyar og studerte korleis språket
verka nedanfrå i samfunnet.
Sist på åttitalet gav dei norske språkforskarane Arne Halvorsen og Geirr
Wiggen ut utvalde skrifter av Flydal (Leiv Flydal: Språket - struktur og
samfunn, Novus 1989). Her finn vi blant anna artiklane "Arkaiske og
aristokratiske serdrag ved det franske riksspråket" og "Franskmenns interne
tospråklighet".
Flydal dreg eit skilje mellom demokratiske og aristokratiske element i eit
skriftmål. Han skriv også om arkaiske element: "Språklege element som berre
den kulturelle overklassen er i stand til å skape og operere med, vil vi
kalle aristokratiske. Den kulturelle overklassen held også liv i ein heil
del språkstoff som folkemålet har lagt bak seg i utviklinga; dette
språkstoffet er det vi kallar arkaisk."
I artiklane går han gjennom skriftforma, lydverket, formverket,
ordtilfanget og syntaksen og konkluderer med at franskmannen som har eit
normaltalemål (altså ein dialekt for den som skulle tru at noko anna er
normalt) og meistrar skriftspråket attåt, må vere tospråkleg. Eg går ikkje
gjennom artikkelen, for franske teikn blir rare på nett-språk, men nøyer
meg med å sitere litt frå eit avsnitt:
"Samanliknar vi med vårt eige, vil vi i vårt skriftspråk også finne fenomen
som viser nokon likskap med dei eg har nemnt for fransk, for eksempel meg -
deg, å - og, kirke - kjøre, skjorte - sjø, men det er alt saman berre
småtteri samanlikna med det ein finn i fransk. Vi utlendingar merkar ikkje
så mykje til vanskane med det franske skriftspråket som franskmennene
sjølve, fordi vi øver oss opp i å gå frå skriftbiletet, som vi umedvete
godtek som det verkelege språket, det primære, til lydbiletet, det uttala
språket, som for oss blir noko sekundært. =85 Franskmennene, som må gå den
motsette vegen, har så langt større vanskar enn vi med å lære seg dette
skriftspråket. At det kostar dei urimeleg mykje meir av tid og strev og
pengar, vitnar den veldige dressuren om som blir driven i ortografi,
etymologi og grammatikk i dei franske skulane alt frå dei lægste
barneklassane. Eit anna vitnemål har ein i dei dårlege resultata lærarane
oppnår og i det store talet på analfabater i Frankrike."
Nettet er stort og har plass til mykje rart, men det hadde kanskje vore ein
ide at du Knut Johansen hadde lese desse artiklane av Flydal og like eins
lese opp att det eg har skrive før, innan du sender frå deg neste innlegg.