SV: Sprek ....

Magnar Jarle Olsen (mjolsen@online.no)
Fri, 18 Sep 1998 12:27:57 +0200

Lars Staurset skreiv:
>
>Når det gjeld skriftspråket, skriv KJ sjølv at det ikkje finst forsking
>som kan underbygge teorien hans, og at det er umuleg å forske på dette.
>Eg trur ikkje det er umuleg, for eg meiner det må gå an å samanlikne kor
>mykje tid f.eks. finske og engelske skuleelevar bruker på skriftleg
>morsmål (pugge reglar, øve seg på skriving m.m.) og kor godt resultatet
>blir (målt i skriveglede vs. feilfrekvens).
>
Er ikkje forekomsten av skrive- og lesevanskar eit mogleg mål for kor vanskeleg det er å lære eit skriftspråk? Sjølvsagt vil ulikskapar i tolking av kva som er skriv- og lesevanskar verke inn på resultatet, men det må vere mogleg å korrigere for slike ting i eit forskingsprosjekt.
Eg meiner å ha sett ein gong at det er meire skrive- og lesevanskar blant engelske barn og ungdomar enn norske, men hugsar ikkje når og kor. Det må da vere nokon som veit noko om dette?

Magnar Jarle Olsen