Norsk_språkmangfald_og_innvandrarar

Olav Randen (boksmia@online.no)
Thu, 17 Sep 1998 10:07:35 +0200

Magnus Marsdal har eit argument han sjølv karakteriserer som uslåeleg: "Det
er IKKJE snilt gjort mot flyktningar å andre å tilby dei eit skriftleg
Noreg som føreset god kjennskap til alle mogleg munnlege målføre for den
som vil forstå det vi skriv. Det vil vera ekskluderande, sjølvsentrert og
på grensa til framandfiendleg å ha eit slikt skriftspråk."
Men kjære deg, Marsdal, ikkje lenger sidan enn eit par dagar argumenterte
du for nynorsk. Når våre nye landsmenn les berre eller så å seie berre
bokmål, opplever brorparten av dei nynorsk som vanskelegare og meir
framandt. Er ikkje konsekvensen av din uslåelege argumentasjon at vi då
alle bør skrive bokmål for å vere framandvenlege, ikkje minst når også vi
som vanlegvis bruker nynorsk, jamt over meistrar bokmålet? Eller skal vi
kanskje bruke engelsk, som også mange av våre nye landsmenn kan? Og er det
ikkje like eins når det gjeld snakking? Altså at vi av omsyn til våre nye
landsmenn bør arbeide for å fjerne dialektskilnadene og kanskje skilnadene
mellom såpass like språk som dei nordiske og kanskje også dei
nordgermanske.
Eller er det i staden slik, Marsdal, at du bruker argument av dette slaget
berre når dei kan råke andre sine synsmåtar og ikkje når dei råkar dine
eigne?
Spørsmålet er alvorleg nok, for det om det er ei innvending mot språksyna
både til Marsdal og Randen. Etter mitt skjøn er det ikkje slik at eit språk
treng stå i motsetnad til eit anna eller at ei språkform treng stå i
motsetnad til ei anna. Det treng eg litt plass for å grunngi.
La oss først sjå på nokre observasjonar. Som det ofte er når det gjeld
språk, er det vanskeleg å dokumentere vitskapleg, men lesaren får sjølv
vurdere om ho kjenner seg att.
Ei vanleg røynsle er at du lærer framandspråk nummer to og tre lettare enn
framandspråk nummer ein.
Ein nederlendar forstår vanlegvis ein tyskar, medan tyskaren, iallfall om
han bruker berre høgtysk og ikkje plattysk eller schwäbisk eller bayersk,
har problem med å forstå nederlendaren endå det nederlandske språket på
mange måtar er enklare oppbygt enn det tyske.
Mykje talar for at innbyggjarar i USA og England er blant dei som har
tyngst for å lære framandspråk.
Eg er ikkje mykje bereist og ikkje spesielt språkkunnig, men eg har vore i
Stockholm og København og hatt vanskar med å gjere meg forstått og i
Reykjavik og ikkje hatt vanskar. Eg har vore i Berlin og hatt problem og i
Hurum og Brädstädt i Nord-Tyskland og i Brussel i Belgia og hatt langt
lettare for å kommunisere. Eg har altså erfart at i fleirspråklege samfunn
eller samfunn der folk er vane ved å møte ulike språk, er det lettare både
å gjere seg forstått og å forstå.
I Brädstädt og Hurum og elles i Nord-Friesland finst gamle sjøfolk og
fiskarar som utan særlege vanskar kan skifte mellom fem-seks språk,
høgtysk, plattysk, nordfrisisk, kanskje vestfrisisk, dansk, sørjysk dialekt
som skil seg mykje frå standarddansk og engelsk. I Finnmark finst mange som
kan eitt eller fleire samiske mål, finsk og norsk og kanskje russisk.
Truleg er det også grunn til å hevde at Finnmarksbyar er blant dei stadene
i Noreg som har lykkast best dei siste åra i å ta imot innvandrarar frå den
tredje verda. Det kan forresten Klassekampen gjerne skrive om med å sende
ein journalist til Vardø eller Vadsø eller endå betre med å knyte kontakt
med ein skribent derifrå.
Nokre tiår attende hevda politisk styrde pedagogar at ungar som veks opp i
fleirspråklege miljø, vart det dei kalla halvspråklege og ikkje
tospråklege. Dei lærde altså ikkje noko språk skikkeleg. Denne påstanden
brukte dei for å underbyggje krav om at minoritetsspråka skulle vekk,
romspråk, samisk og kvensk i Noreg, samisk, meänkieli (tornedalsfinsk) og
finsk i Sverige til dømes. Men nyare undersøkingar tyder på det stikk
motsette, at elevar som veks opp i fleirspråklege miljø, til dømes med
kymrisk (walisisk) og engelsk eller med samisk, finsk og norsk, under elles
like vilkår lærer språk og kommunikasjon lettare enn vi som har vore så
uheldige at vi voks opp i reint eitspråklege miljø.
Best har den estisktyske professoren i sosialpedagogikk i Hamburg Els
Oksaar dokumentert dette. Ho har blant anna studert estiske
utvandrarfamiliar til Sverige og Canada. Ho delte familiane i to grupper,
ei der foreldra etter evne prøvde å snakke svensk, engelsk eller fransk
også heime og ei der foreldra heldt fast ved sitt estiske mål i familien.
Ungane i den første gruppa fekk dårlege karakterar i morsmålet i det nye
landet, medan ungane i den andre gruppa fekk gode karakterar. Til fleire
språk ungane lærer, til lettare får dei det seinare i livet same om dei
hugsar eller gløymer språka, hevdar ho.
Kva slags sosialt fenomen har vi med å gjere? Jau, at eitt språk ikkje
nødvendigvis står i motsetnad til andre. Og at språk kan lærast på to
grunnleggjande ulike hovudmåtar, ord for ord og form for form eller som
kommunikasjonsmåte.
Frå desse observasjonane reiser vi altså spørsmålet: Skal vi lære språk som
mangfald og variasjonar og kommunikasjonsmåte eller ord for ord? Viss
hovudprinsippet er det første, trur eg ikkje ei ordning med mange dialektar
og med to skriftmål og iallfall innan det eine relativt store variasjonar
står i vegen for språklæringa til nye landsmenn. Kanskje tvert imot. For
viss dei kjem frå Kurdistan eller Somalia eller Afghanistan og frå vanlege
kår, er dei vane ved at språk er både eigenart og kommunikasjonsmåte og at
språk varierer. Men då må vi ha den haldninga at det ikkje er så farleg om
ein skriv behøve eller trengje og kjærlighet eller kjærleik og dere, dykk
eller dokker. Korkje på nynorsk eller bokmål. Altså at det følgjestrenge
eller korrekte ikkje er målet.
For å presisere til slutt: Eg har ikkje teke til orde for at folk skal
skrive dialekt og at vi ikkje skal ha skriftnormalar. Eg meiner at den
formelle språkstoda i Noreg med to jamstelte skriftmål er verdt å forsvare,
men ikkje den reelle språkstoda med bokmål som dominerande mål og nynorsk
som undertrykt minoritetsmål. Eg forsvarar heller ikkje norsk politikk
overfor samiske og kvenske språksamfunn, overfor rom-samfunna og nye
språksamfunn. Det er meir omfattande spørsmål eg ikkje vil drøfte grundig
her. Det eg har teke til orde for i desse innlegga, er altså at skrivinga
må byggje på det munnlege og den folkelege forteljekunsten. Også når det
ikkje blir korrekt språk, men berre godt språk. Altså Hamsun, Duun,
Skjæråsen, Prøysen, Kirsten Langbo og Arthur Arntzen framfor Øverland og
André Bjerke og dagens kobbel av A-4-skribentar. Slik at skriftkulturen i
større grad blir vår eigen og ikkje styrt av dei med makt over folks språk
og tenking, av akademia og dei skriftlærde.