SV: Om "dialektkaoset"

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Wed, 16 Sep 1998 09:54:13 +-200

Eit slags svar til Lars, om dette med felles skriftnorm. Eg kunne vore samd med han om det var slk at alt vi skreiv var brev og lesarinnlegg. Men eg må spørra om dette:

Kva slag "norm" skal det vera i lærebøkene på skulen? Omlag slik som forfattaren pratar? Eller med 6 regionale utgåver av kvar bok? Kva norm skal det vera i avisene? Kva norm skal det vera i tekstinga på tv, kino og video? Skal det vera talemålsnært etter omsetjarens dialekt?

Nei, meiner eg. Det finst ei lang rekke døme på at det er naudsynt å ha normert skriftspråk. Det heilt grunnleggjande å forstå er at talemål og skriftspråk er to heilt forskellige ting, ofte til heilt forskjellig bruk.

Om vi så er samde i dette; det trengst i mange samanhengar faktisk normert skriftspråk, vi kan ikkje skriva (omlag) slik vi snakkar. (På mitt talemål: Vi kainn itj skriv (ommtreint) sånn som vi snakke.) Då blir neste punkt: Kva blir resultatet om folk flest blir opplærte i eit talemålsnært og "fritt" skriftspråk? Kven blir det då som skal skriva bøker, aviser, etc? Jo, det lyt velbli den skriftspråklege eliten som har godt grep om det normerte skriftspråket? Dette er altså ei oppattaking av mine tidlegare argument for at ein fyljgestreng og logisk skriftspråknormal, mest mogleg bygd *med utgangspunkt i* norsk talemål, er den demokratiske og sosalt rettvise løysinga.

Lars skriv
For meg føles det arrogant å si at vi ikke lenger vil
forstå hverandre hvis vi begynner å skrive på dialekt. Mange
"vanskelige" (vanskelige i hermetegn fordi dialektene stort sett bare
er vanskelig utifra et østlandssynspunkt...)

Denne setninga slutta litt brått, men eg vil kommentera likevel: Det er IKKJE slik at folk utom austlandet stort sett snakkar ganske likt! Det er enorm skilnad på Varhaug i Rogaland og Trondheim, eller Gudbrandsdalen og Steigen i Nordland. Difor er ikkje dialektproblemet i og for seg større for Oslo-folk enn andre SPRÅKLEG sett, sjølv om dei ofte har ein KULTURELL terskel innebygd i øyret, som hindrar dei i å forstå anna ein bogmaal. Og det er IKKJE arrogant å hevda at mange ord og former i ein del målføre faktisk ER vanskelege å forstå for mange (til dømes seier ein den "svalla" i staden for "snakka". Ville Lars forstått det ordet på trykk?).

"Jæi vil skrive som jæi snakker"-tanken er stort sett utbreidd mellom folk som kjem frå Oslo-området, altså nær senteret for det bokmålshegemoniet, er mitt inntrykk. Dette har nok litt å gjera med at dei ikkje snakkar så langt unna bokmålet, og såleis meiner at "det må da gå an". Vi andre, som veit meir om kor langt bokmål (og somme tider nynorsk) ER frå talemålet, forstår meir umiddelbart at denne ideen er daudfødt. Kva som er det arrogante utgangspunktet i denne usemja trur eg Lars gjenre kan tenkja over ein gong til.

Elles vil eg melda at eg meiner det er heilt andre ting enn "meir eller mindre dialektnære stavemåtar" som er av interesse i eit ordskifte om kva slag skriftspråk vi meiner er demokratisk/rettvist. Ordstilling i bokmål, dialektforakt i bokmålet sine former etc er langt viktigare etter mi meining.

Mingus