Lydskrift? (var: Om Knut Johansen og ei dame eg kjenner)

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Tue, 15 Sep 1998 18:00:41 +0200

Olav Randen og eg er begge usamde i det Knut Johansen meiner om
vanskelege skriftspråk, men det ser ut til å vere nokre divergensar
mellom oss.

OR skriv:
> Og likevel meiner eg at norsk skriftmål er ein betre reiskap for vanlege
> folk enn det mange skriftmål er, først og fremst fordi skrivemåtane ligg
> nokolunde nær talemålet eller talemåla. Eg skreiv i førre innlegget at
> 90-95 prosent av orda kan skrivast som dei blir uttala. Dette er usant,
> hevdar Johansen og skriv mange sider om at bokstavar kan uttrykkje noko
> varierande lydar. At bokstaven e til dømes står for trong e og open e på
> grensa til eller over grensa for æ. Det meste av det han skriv, er rett så
> langt eg kan vurdere det. Men i slutten av innlegget spør han sjølv om det
> har noko særleg med saka å gjere - og finn ikkje svar.

Å setje opp eit slikt prosenttal kan berre gjerast etter grundig
undersøking, og ein må presisere kva ein meiner med at "orda kan
skrivast som dei blir uttala". Ei rimeleg tolking er at det finst få og
enkle reglar som knyter saman tale og skrift. Truleg vil ei slik
undersøking vise at norsk er enklare enn f.eks. engelsk, iallfall ser
debattantane her ut til å vere samde om det.

Men kva er "norsk talemål"? Rett nok har barne-TV for alle aldrar høvla
ned ein del dialektforskjellar, men dei finst endå! Kvar dialekt treng i
prinsippet si eiga avspegling mot skriftmålet. Korleis handterer vi det?

> Me kan ta bokstaven ø som døme. Franskbrukarane nyttar liksom me norske
> ofte lyden ø. Men dei har ikkje bokstaven. Dei skriv stundom oe, stundom
> ue, stundom e og stundom eo. Franskmennene burde gjennomføre ein
> språkreform der dei byter ut alle desse lydbileta med ein ø. Det hadde
> gjort språket enklare å bruke for dei som ikkje er skriftlærde.

Det finst ulike ø-lydar på fransk, ofte skrivne /e/ (eks. 'de'), /oe/
eller /oeu/ ('oeuf') og /eu/ ('feu'). Noko eksempel med /eo/ kjem eg
ikkje på i farten, finst det? Eg synest ikkje fransk skriftspråk er
spesielt vanskeleg dersom vi berre ser på det fonetiske. Derimot finst
det andre forskjellar mellom daglegtale på den eine sida og formell tale
og skrift på den andre, som kompliserer det. (No veit eg lite om franske
dialektar, det kan vere andre vanskar der.)

> For å ta eit sidesteg til Lars Staurset, som er usamd med meg i at kvar lyd
> i talemålet bør ha ein bokstav i skriftmålet. Eg forstår innvendinga dersom
> det hadde vore einaste omsynet å ta, men meiner det bør vere ei av fleire
> målsetjingar for skriftmålsbygging. Altså, Staurset, bør ikkje
> franskmennene skaffe seg ein ø i alfabetet for å uttrykkje lyden vi skriv
> med ø?

Fransk er ikkje perfekt, men eg trur det er til å leve med på akkurat
det punktet. Det er ikkje noko problem at ein lyd er representert med to
bokstavar, men tre er i meste laget, og det bør vere ein viss
konsekvens. Som KJ har peika på, har norsk varierande skrivemåte for
sj-lyden, og det er truleg eit større problem enn ø-lydane i fransk. (Eg
er i tvil om KJ no meiner at slikt skaper problem, han har ikkje meint
det tidlegare i debatten.)

Ein bokstav for kvar lyd er det same som lydskrift. Det er bra til sitt
bruk, men det høver ikkje som praktisk skriftspråk, sidan ikkje alle
talar likt. Vi må einast om ein måte (eller eit fåtal måtar) å skrive
orda på, og helst slik at alle talemålsbrukarar kan kjenne seg lett att
i det. Som eg har vore inne på før, kan ein romsdaling seie /hæ:m/ der
ein sunnmøring seier /hæim/, men begge kan skrive 'heim' utan problem.

Lars Staurset