SV:Språk_....

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Tue, 15 Sep 1998 17:14:30 +-200

Bjørn Brekke skreiv:

Jeg har ikke sagt noe her om hvilken av våre språkvarianter som bør
foretrekkes. Men jeg har funnet gode argumenter hos Knut J ......

No har ikkje eg lese så mykje av KJ, så eg veit ikkje kva argumen du siktar til. Men eg vil levera eit argument for at nynorsk er det rette og demokratiske skriftspråket i Noreg:

Slik eg har oppfatta det var ein av Aasen sine mål å laga eit folkespråk som var mest mogleg tilgjengeleg og lett å læra. Dette var ein del av det sosiale opprøret mot den halvkoloniale overklassen som Aasen stod for. Tyder dette at han gjekk inn for stor valfridom i skriftspråket og ingen "undertrykkjande reglar"?

Nei, tvert imot! Ein skriftnormal er ein felleskode for kommunikasjon mellom folk som har ulike talemål. Dersom denne koden er sers innvikla og full av ulogiske og valfrie variantar, blir det openberrt den som har lang trening eller stort talent som blir god til å finna gode språklege løysingar. Men ein normal som er fylgjestreng og logisk oppbygd, utan for stor valfridom, er det mogleg å læra seg å fylgja utan årelang trening eller eit framifrå språkøyre.

Difor freista Aasen byggja opp eit slikt språk, med utgangspunkt i ganske mange norske målføre. Slik at ei enkel bondedotter kunne bli i stand til å uttrykka seg "riktig" nok skriftleg til å skriva offentleg.

Bokmål (norks-dansk) på hi sida er eit meir eller mindre tilfeldig resultat av både det eine og det andre, og etter det eg forstår ikkje så veldig logisk og fyljgestrengt, og med svært mykje valfritt. (Sjå til dømes korleis dei meir proletære mellom oss somme tider blandar dei mest departamentale og danske former med svært så "vulgære" talemålsnære former når dei skriv i offisielle samanhengar. Alle som har lese ei pressmelding eller eit medlemsblad frå ei fagforeining eller to veit kva eg pratar om.)

No har diverre samnorskarar og andre målblandarar sytt for at også det (ny)norske skriftmålet har vorte lite fylgjestrengt og heller valfritt med tida. Dette er språkleg frigjering meiner somme. Eg meiner på eit vis tvert motsett, i tråd med tanken om det enkle og demokratiske skriftspråket.

Eg meiner IKKJE at (ny)norsk skal skrivast slik Aasen gjorde det, eller at berre normalar frå før 1920 er dugande. Men eg meiner at utviklinga av (ny)norsken bør skje på grunnlag av eit prinsipp om at logisk og fylgjestrengt = lettast å læra = mest demokratisk = det vi vil ha.

Dessutan er det forsåvidt ikkje nokon motsetnad mellom det eg skriv her og Randen sin tanke om at bokstaveringa av lydane gjerne må vera nærast mogleg talemålet, så lenge vi innser at det trengst ein NORMAL og at denne må vera eit fylgjestrengt kompromiss når det gjeld ord som blir uttalte ulikt i ulike målføre. (Elles ender vi opp i dialekt-kaoset som Brekke antyda i starten av sitt inlegg.)

Takk for merksemda

Magnus Marsdal