Om ei dame Olav R ikkje kjender

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Tue, 15 Sep 1998 14:43:01 +-200

Eg vil på førehand be om orsaking for at eg blandar meg inn i eit ordskifte eg har lese minimalt av.

Men eg har eit spørsmål til det Olav randen skriv om arbeidsfolk sitt tilhøve til skriftspråk:

Er det slik at Randen meiner at slike folk ikkje KAN læra seg eit "korrekt" skriftspråk, fordi dei har for mykje ikkje-skriftleg arbeid? Og at den språkpolitiske lina såleis blir å avskaffa det "korrekte" språket?

Kan ikkje lina vera å stri for at alle lag av folket i Noreg skal få dei materielle tilhøva og den kulturelle/intellektuelle sjølvkjensla som skal til for å mestra eit korrekt skriftspråk, og gjera Den velformulerte arbeidar og bonde til eit ideal? Eg innser at dette tyder å gje mange i "den gemene hop" noko å strekkja seg etter, utover det dei kan frå før, men er dét så gale? Eit kvart revolusjonært/sosialistisk standpunkt tyder vel å gje arbeidsfolk ein jævla masse å strekkja seg etter?

Dette er berre nysgjerrige spørsmål, ikkje eit retorisk meiningsinnlegg.

Magnus E. Marsdal