Om Knut Johansen og ei dame eg kjenner

Olav Randen (boksmia@online.no)
Tue, 15 Sep 1998 13:51:36 +0200

La meg starte med dama. Ho har brukt det meste av sitt yrkesaktive liv til
å vaske golv og til å passe ungar og foreldre. Ho har difor ikkje så mykje
skolegang og har truleg aldri skrive på ein datamaskin. Men ho kan fortelje
og argumentere råkande, presist og underhaldande. Ho ville ha sett dei
fleste politikarar til veggs i fjernsynsdebattar om NRK og TV2 hadde brukt
vanlege folk. Me bur i kvar vår landsdel, slik at kontakten no mest er
julebrev. Hennar to siders, handskrivne brev er som ho pratar, råkande,
presist og underhaldande. Og med ei rettskriving som er ei besynderleg
blanding mellom bokmål og dei mange rare uttrykka i nordlandsdialektane.
Når Knut Johansen ønskjer at avokado blir skrive med c og kivi med
dobbelt-v og helst, endå han er mot språkreformer, ville ha sigar skrive
med c og kanskje endåtil sebra med z fordi det gir meir schwung over
språket, då tenkjer eg på slike som denne dama. Ho kunne godt ha vore
forfattar, for ho har opplevd mykje i livet og finn orda betre enn både
Johansen og meg. Men rettskrivinga vil lokke fram alle maktmenneske med
raudblyant og knekkje hennar skrivelyst.
Og likevel meiner eg at norsk skriftmål er ein betre reiskap for vanlege
folk enn det mange skriftmål er, først og fremst fordi skrivemåtane ligg
nokolunde nær talemålet eller talemåla. Eg skreiv i førre innlegget at
90-95 prosent av orda kan skrivast som dei blir uttala. Dette er usant,
hevdar Johansen og skriv mange sider om at bokstavar kan uttrykkje noko
varierande lydar. At bokstaven e til dømes står for trong e og open e på
grensa til eller over grensa for æ. Det meste av det han skriv, er rett så
langt eg kan vurdere det. Men i slutten av innlegget spør han sjølv om det
har noko særleg med saka å gjere - og finn ikkje svar.
Gjer det annleis, Johansen. Ta til dømes for deg ordlista, les orda nedover
og set eit kryss ved dei orda den vanlege språkbrukaren må lære seg
skrivemåten av. Og du vil sjå at eg har rett i at dei aller fleste orda kan
skrivast som dei blir uttala. Og at du må bite i deg påstanden om at dette
var usant.
Gjer så det same med ei engelsk ordliste og ei fransk viss du meistrar
språket. Eller spør ein franskmann. Og du vil oppdage at ein langt større
del av orda har avvikande skrivemåtar. Be franskmannen forklare kvifor orda
blir skrivne så rart, og om han ikkje er franskfilolog med kunnskapar også
i historie og latin, vil du truleg erfare at han ikkje veit.
Me kan ta bokstaven ø som døme. Franskbrukarane nyttar liksom me norske
ofte lyden ø. Men dei har ikkje bokstaven. Dei skriv stundom oe, stundom
ue, stundom e og stundom eo. Franskmennene burde gjennomføre ein
språkreform der dei byter ut alle desse lydbileta med ein ø. Det hadde
gjort språket enklare å bruke for dei som ikkje er skriftlærde.
For å ta eit sidesteg til Lars Staurset, som er usamd med meg i at kvar lyd
i talemålet bør ha ein bokstav i skriftmålet. Eg forstår innvendinga dersom
det hadde vore einaste omsynet å ta, men meiner det bør vere ei av fleire
målsetjingar for skriftmålsbygging. Altså, Staurset, bør ikkje
franskmennene skaffe seg ein ø i alfabetet for å uttrykkje lyden vi skriv
med ø?
La oss framstille spørsmålet om skriftmålslæring allment:
Ein vanleg språkbrukar har 20.000 ord å velje mellom når han snakkar. Talet
er henta ut or lufta, det kan vere 10.000 eller 40.000 for det eg veit, men
det er ikkje poenget.
I språk A blir 95 prosent av orda skrivne som dei blir sagt i dialektar
flest. Eller dei kan skrivast slik fordi skriftmålet har ulike former for å
dekkje dialektvariasjonane, slik me har a-infinitiv, e-infinitiv og kløyvd
infinitiv. Om språkbrukaren skal kunne skriftfeste alle dei 20.000 orda, må
han altså lære spesielt skrivemåten av 1000 ord.
I språk B blir berre 60 prosent av orda skrivne slik dei blir sagt i
dialektar flest. Også brukaren av dette språket har 20.000 ord å velje
mellom. Om han skal kunne skriftfeste alle orda, må han altså lære
skrivemåten av 8000 ord. Det går nokolunde for dei som tilbringar sitt
yrkesliv framfor datamaskinen eller med bøker i hand. Det går ikkje for den
som bruker det meste av tida vask av andre sine golv og stell av eigne
foreldre og andre sine ungar.
Det kan nok tenkjast at for somme dampar det meir av cigaren enn av sigaren
og at kiwi og avocado smakar Johansen betre enn kivi og avokado. Men det
kan også tenkjast at den forteljekunsten og ordbruken ho har, dama eg opna
med å presentere, ville ha vore ein verdi å tilføre norsk skriftmål. Og for
meg er omsynet til henne viktigare enn omsynet til Johansen og andre
skriftlærde.
Altså handlar dette om makta over skriftspråka og med det over tenkinga. La
meg avslutte med å sitere Jan Myrdal ei av dei mange gongene han jamfører
den rike svenske proletarlitteraturen med den tilsvarande fattige franske:
"Det lyckades inte för detta tunna skikt att upprätta en akademisk makt
över språket. Det gjordes forsök, Gustav III och hans Svenska Akademi,
grammatikor och läroböker av olika slag byggdes upp som spärrar mot
folkspråket. Men de härskande utgjorde attt altför tunt skikt och folket -
de nio tiondelerna - var alltför starka. Det svenska språket blev aldrig
som franskan fångad av en Akademi och bestämd til korrekthet. =85 folket och
dess författare från Olaus Petri och Strindberg och fram över Ivar
Lo-Johansson har i ett ömsesidigt arbete hela tiden format vårt språk. Det
har dessa århundraden lika litet funnits en korrekt svenska som det finns
en korrekt andhämtning."
Det er i denne striden, mellom dei folkelege, mangslungne, talemålsnære og
fleksible norske skriftmåla, ravgalt inntil kunst som Hamsun sa, og det
storkna og korrekte at Knut Johansen og eg står på kvar vår side.