To_ord_om_esperato_og_språkutvikling

Jon Hareide Aarbakke (JHA@computas.no)
Tue, 8 Sep 1998 07:56:40 +0200

Det er jo morsomt å lese Knut Johansen, og jeg skjønner etterhvert
hvordan han kommer opp i 2000 sider per år.

Men jeg digregerer allerede.

Eg skiftar dessutan skriftspråk her. Som Knut begynte eg seint (frå
Bergen), men eg har halde nynorsken ved like. Av politiske grunnar.
Kvar ville eg ha vore utan obligatorisk opplæring i nynorsk skriftspråk?
Berre ein tanke.

Esperanto er vel eit døme på det KJ kallar "language engineering". Eg
synest det er ein god ide, og det opplagte valet som språk for EUs fora.
Ikkje minst av di det ikkje er uttrykk for det økonomiske/historiske
hegemoniet til noko land. Og difor vinn det vel heller ikkje fram.

Eg tolkar KJ slik at han er mot normering og påtvinging av reformar.
Slik eg forstår det, er det inga stats-språk som er utan institusjonar
som freistar strigle dei. Sterke døme her er Frankrike og Island.

Historisk sett er alle skriftspråk resultatet av ein "kunstig" prosess
der nokon har sett seg ned og bestemt korleis det skulle vere og ikkje
vere. Så litt kunst vil det nok vere.

Språket er samtidig demokratisk - det er summen av all språkbruk, og
endrar seg med bruken. Normeringa vil over tid spegle dette.

Til slutt, eit spørsmål til KJ: kva var skilnaden på "håret" og
"hårede"? Kjønnet på etterfølgande substantiv? Eg fekk det ikkje med
meg.
(eg kan ikkje skjøne anna enn at det er to måtar å skrive ein fon som
anten realiserast som /t/ eller /d/, avhengig av talaren).

Og heilt til slutt, om kinesisk (mandarin): det er rett at det er eit
visst fonetisk innhald i kinesiske teikn. Det gjev ei _peikepinn_ om
uttalen av eit teikn - men ingen garanti. Direkte lett er det fortsatt
ikkje.
Men å _skrive_ er enno verre - viss du ikkje hugsar teiknet med det
same, lyt du ta fram ordboka, av di det er mange, mange teikn som kan
uttrykke dei lydane du har lyst til å skrive ned, men det er berre eit
som har rett tyding
(kona mi kan kinesisk)

Og heilt heilt til slutt: kvifor er det så viktig for KJ å hevde at alle
skriftspråk er like lette å lære?

Jon